Bli med på digital jobbmesse

Skriven 08.06.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Tysdag 16. juni kan du kapre din nye jobb direkte frå sofakroken.

For første gong arrangerer vi digital jobbmesse. Fleire spennande og innovative bedrifter frå Vestland er no på jakt etter fleire tilsette. Dei ser etter folk innan it, økonomi og administrasjon, forretningsutvikling og mykje meir.

Dato: 16. juni
Tid: 12.00 – 15.00
Stad: Der du vil

Meld deg på allereie no for å bli betre kjent med bedriftene og sjå kva stillingar dei har ledige.

Kickstart karriera di som trainee
Fleire av bedriftene har også ledige traineestillingar med oppstart i august.

Som trainee gjennom Framtidsfylket får du

  • Ein spennande jobb med eit nettverk av kompetansebedrifter
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfoldig næringsliv som få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Minner for livet
  • Lønna arbeid

Desse bedriftene har rigga seg opp med virtuell stand

(Lista blir kontinuerleg oppdatert)

På messa kan ein bli kjent med bedriftene, chatte med dei tilsette og ha videosamtalar. Ein kan med andre ord potensielt skaffe seg ny jobb i løpet av få timar.

I forkant kan det vere lurt å

Meld deg på allereie no for å bli betre kjent med bedriftene og sjå kva stillingar dei har ledige.

 

(NB: Som deltakar har ein sjølv full kontroll på kven som kan sjå CV-en sin, og ein kan velje å vere heilt anonym om ein ønsker det).

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.