Søk jobb hos landets største og grønaste forsyningsbase

Skriven 07.10.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

INC Gruppen har fokus på trivsel, helse og miljø. Akkurat no har dei fire ledige stillingar innan fleire fagfelt.

INC Gruppen består av fleire bedrifter innan fleire fagfelt, og hovudtyngda er knytt til oljeforsyningsbasen Fjord Base i Florø. Nye kontraktar og meir aktivitet gjer at dei stadig søkjer etter nye medarbeidarar.

Foto: Lisa Giil Photography

– INC gruppen lever for å gripe moglegheiter og skape verdiar, og vi ser alltid etter nye område der vi kan vekse for å vere ein viktig arbeidsplass, også i framtida. Hos oss kan du utvikle deg saman med engasjerte og inkluderande kollegaer. Vi har også ei velforeining som lagar sosiale arrangement på tvers av selskapa, har HR-leiar, Anne Kari Hereid, uttalt om arbeidsplassen i eit tidlegare intervju med Framtidsfylket.

Desse stillingane er ledige:

Søk på stilling som formann
I NBN Elektro får du arbeide i eit sosialt og godt arbeidsmiljø, med konkurransedyktig lønn og gode utviklingsmoglegheiter.

Selskapet har heile 60 dyktige og erfarne medarbeidarar, og no treng dei endå fleire som vil utvikle seg saman med dei. Hovudoppgåvene vil vere oppfølging av montørar, fagstøtte til montørar, feilsøking og retting, og kundeoppfølging.

Søknadsfrist 11. oktober

Søk på stilling som operatør
Norsk Cantracting Partner AS (NCP) søkjer etter ein person med gode haldningar og forståing innan HMS og kvalitet.

NCP er ein del av INC Gruppen og er ein korrosjonsentrepenør som held til i fabrikasjonslokaler på Fjord Base i Florø. Bedrifta utfører alle typer korrosjonstekniske oppgåver og disponerer hall og utstyr for sandblåsing og sprøytemaling.

Typiske arbeidsoppgåver vil vere vasking, preservering, sandblåsing og maling av ulike produkt. Aktiv deltaking i bedriften sitt HMS og Kvalitetsarbeid for ein sikker og skadefri kvardag, og andre oppgåver etter bedrifta sitt behov.

Søknadsfrist 15. oktober

Søk på stilling som reinhaldar
NBN Elektro ønskjer ein sjølvstendig og ansvarsbevisst person som kan hjelpe dei med å halde arbeidsplassen ryddig og rein.

Søknadsfrist 11. oktober

Søk på stilling som mekanikar
Saga Fjordbase AS lovar eit godt arbeidsmiljø med fagleg og sosialt nettverk, gode velferdstilbod, konkurransedyktig løn og gode pensjons-og forsikringsordningar, dersom du vil jobbe hos dei.

Selskapet er totalleverandør av logistikktenestar til offshore og landbasert industriverksomheit, og held til i Florø. Aukande arbeidsmengde gjer at dei treng fleire folk.

Arbeidsoppgåve vil vere service og vedlikehald av tunge maskiner (mobile havnekranar, terminaltraktorar, truck, anleggsmaskiner og andre små maskiner).  I tillegg vil du ha aktiv deltaking i bedrifta sitt HMSSK-arbeid for ein sikker og skadefri kvardag

Søknadsfrist 15. oktober

 

Om ikkje desse stillingane passar deg, har vi mange fleire på lager i portalen vår! Sjekk ut, søk eller tips ein venn!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.