Bjørn Tore Furnes

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Siviløkonom

Traineestilling

Tilsett som trainee Sødermann AS innan forretningsutvikling. Sødermann yter rådgjevingstjenester mot kommunal sektor, og utviklar det digitale verktøyet Munikum®. På eit overordna nivå seier vi at vi aukar handlingsrommet for kommunar gjennom å tilføre nytenking og gjennomføringskraft i skjeringspunktet mellom fag, organisasjon og økonomi.
Planen er at eg skal innom verksemda sine tre avdelingar i løpet av året:

  • Rådgjevingstjenester.
    Delta i kundeprosjekt innan inntektsoptimalisering for helse og omsorgssektoren, finne nye rådgivingsprodukt og bidra til å vidareutvikle arbeidsmetodar og verktøy.
  • Digitalt produkt og verktøy – Munikum®.
    Delta i strategisk og operativ utvikling, og arbeide med vidare forretningsmodellering.
  • Selskapet (Administrasjon/bedriftsutvikling).
    Få innsikt i korleis det er å drive eit oppstartsselskap.Pluss mykje, mykje meir.

Difor søkte eg traineestillinga

Ei traineestilling er først og fremst interessant for meg fordi eg likar å lære nye ting. Ein får også ein unik moglegheit til å sjå heilskapen i verksemda. Eg tenker at kombinasjonen av dette blir ekstra spennande i eit relativt nyoppstarta selskap, sidan ein i større grad er med å forme vegen vi går.

Samstundes visste eg frå tidlegare at Sødermann var ei atteraktiv verksemd for meg. For eit par år sidan besøkte eg dei og fikk mellom anna delta i utvikling gjennom LEAN tankegang. Då skjønte eg at dette var ein stad eg kunne trivast. Det er få verksemder eg kjenner til som har så stor fokus på utvikling av tilsette. Når dei i tillegg var med i traineeordninga til Framtidsfylket var valet lett – sjølvsagt måtte eg søke.

Forventningar

Gjennom Framtidsfylket sine traineesamlingar ventar eg å kunne dele erfaringar, og bygge nye vennskap og nettverk. Det er brei fagleg spreiing i traineegruppa, noko eg ser på som ein fordel i forhold til å sjå kva kompetanse og mangfold som finnast i fylket. Eg håpar vi blir betre kjend med nærngslivet i Sogn og Fjordane, gjennom mellom anna bedriftsbesøk og bedriftspresentasjonar.

I Sødermann ventar eg å få betre innsikt i kommunal sektor. Det er ein sektor med høg kompleksitet, og ikkje alltid like lett å forstå. Utover det ventar eg å få bli med på mykje forskjellig, i staden for å dykke djupt ned i eit spesifikt fagområde.

Læring er også eit viktig faktor for meg. Sødermann er ei tverrfagleg verksemd der eg kjem til å lære frå mange forskjellige perspektiv. Eit miljø fullt av økonomar, slik eg er vand med frå tidlegare, har ein tendens til å tenke for smalt. Med ingeniørar, økonomar, helsefagarbeidarar, produktutviklarar, ein tidlegare rådmann og ein tidlegare ordførar med på laget, ser ein verden frå eit heilt anna perspektiv.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Eg trur ein får vel så store utfordringar som i større byar. For meg som økonom er det ikkje reelt at verksemder i Sogn og Fjordane ikkje klarer å matche utdanningsnivået mitt. Ikkje berre Sødermann, men veldig mange andre verksemder har meir enn nok å by på for å gi meg utfordringar. Slik trur eg det er for mange andre også, sjølv om dei kanskje ikkje trur det sjølv. Sogn og Fjordane har utruleg mange spennande verksemder som er leiande innan sitt fagfelt.

Framtidsutsikter

Sidan eg flytta frå Nordfjordeid har eg alltid hatt eit snev av heimlengsel, og eg har alltid visst at det er her eg vil bu. Sødermann ønsker å bidra til at lokalsamfunna der vi bur, lever og arbeider i, framleis skal vere her i framtida. Dette er noko som er særs viktig for meg også. Med felles syn på saken ser det ut som eg kan trivst lenge både i Sødermann og på Nordfjordeid.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.