– Berre tull at det ikkje finst jobbar

Skriven 21.10.2020 under Nyheiter

Elise Silden var skeptisk til jobbmoglegheitene i Måløy. Etter eit halvt år i kystbyen inviterer ho til rekrutteringstreff i Bergen for å syne fram næringslivet.

– Mange står på vippen og vurderer å flytte heim til Måløy. Eg opplever dei fleste som positive til å flytte heim, men at dei er usikre på jobbtilbodet her.

Det seier Elise i Måløy Vekst. I slutten av oktober inviterer ho og kollegaene til Måløytreff i Bergen. Dei ønsker å synleggjere det varierte og framtidsretta næringslivet i Måløy, og overtyde slike som ho sjølv til å sjekke ut jobbtilbodet.

Finst ikkje jobbar her

– Eg var superskeptisk til jobbtilbodet i området, og tenkte at det ikkje finst relevante jobbar for meg her.

Det er eit halvt år sidan ho sjølv vende nasa heim etter studiar i Bergen.

– Eg fekk eit spennande engasjement i Måløy Vekst, og det tok ikkje lang tid før eg oppdaga at det er berre tull at det ikkje finst jobbar her. Eg er utdanna innan marknadsføring, og ser at her finst fleire spennande moglegheiter.

Vil møte utflyttarane der dei er

No ønsker dei å møte unge utflyttarar der dei er, nemleg i Bergen.

– Vi tar med oss interessante bedrifter til Bergen for å møte studentar, nyutdanna og jobbsøkarar. Dette er eit etterlengta tilbod for både bedriftene og utflyttarane, og eg trur det kan bli eit inspirerande treffpunkt. Rekruttering er og blir ei utfordring, og dette er eit av fleire tiltak vi gjer for å bygge omdøme og lokke til oss arbeidskraft.

Variert og sterkt næringsliv

Måløy har markert seg med eit sterkt næringsliv, blant anna innan fiskeri og havbruk, maritim næring, design, skipsbygging og IT.

– 29.oktober har du sjansen til å høyre på spennande foredrag frå ulike Måløy-bedrifter og å ta ein prat med dei. Du kan møte IT-miljøet i Måløy, Coast Seafood, Skipskompetanse og Fiskeridirektoratet region vest. Vi i Måløy Vekst vil representere resten av næringslivet, og tar med oss det som er av ledige stillingar og jobbopningar.

Lokaltreff

Elise er overbevist om at Måløy-folk i Bergen vil ha både glede og nytte av å delta på eventet.

– Etter ein lang periode med koronarestriksjonar, har mange behov for å vere sosiale og møte kjende. Eg trur det er ekstra attraktivt med eit så smalt arrangement med folk frå same område og relevante bedrifter. Det blir triveleg med mange kjende fjes samla i Bergen.

Håpar på nye arbeidsforhold

I tillegg til foredrag og jobbprat, blir det mingling og gratis mat.

– Det likar studentane, veit du. Eg håpar det blir både kjekt, opplysande og inspirerande, og at folk sit att med ei positiv kjensle av kva som rører seg i heimbyen. Det beste er jo om det oppstår nye arbeidsforhold, seier Elise, og understrekar at det blir null galla.

– Opplegget er veldig casual, men samtidig litt eksklusivt på grunn av maks tal deltakarar. Hugs å melde deg på før det blir fullt, avsluttar ho.

Her finn du meir informasjon om Måløytreff

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.