Bano AS flyttar frå by til land

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Bedrifta som omset for 100 millionar kroner i år gjer stikk motsatt av dei fleste og flyttar hovedkontoret frå by til land: frå Bergen til Sandane.

Firda, 18.05.2012: Bano satsar alt på Sandane

Administrasjonen til Bano har litt etter litt vore flytta til Sandane, ikkje som ein del av ein overordna strategi, men som eit resultat av at organisasjonen har fungert så godt her opplyser eigar av Bano-selskapa Roy Elsayed til avisa Firda. I 2007 kjøpte dei Strukturplast AS på industriområdet Mona og fabrikkanlegget til Sandane Industri L/L på utstillingsplassen og her fann dei òg dei rette folka.

FAKTA:Bano AS er eit internasjonalt firma som leverer eit komplett baderomskonsept til sjukeheimar, sjukehus og frå i haust òg til hotell.

Selskapet er i dag etablert i fleire land med salskontor i Bergen, Stockholm, Helsingsfors, København, Amsterdam og London.

Banogruppa har totalt 45 tilsette, omset for ca. 100 millionar årleg, har solid økonomi og er i sterk vekst.

Frå hausten av vil alle hovudfunksjonar vere samla på Sandane i Gloppen.

I følgje avisa Firda vil Roy Elsayed sjølv fungere som administrerande direktør i Bano med bustad i Bergen, men dei søker no etter administrasjonssjef som skal bygge opp ein utvida stab med base på Utstillingsplassen. Den rette personen vil inneha ei leiande stilling i eit selskap i sterk vekst og utvikling og skal vere inkludert i leiargruppa til Bano AS. Den utvida staben vil omfatte leiarar for produktutvikling, montering, IT, logistikk, økonomi, personal og marknad, og relokaliseringa vil generere 5-10 nye jobbar det komande året seier Elsayed.

Bano har òg ledig stilling som marknadskoordinator.

Bano AS har, saman med søsterbedriftene Strukturplast AS og Norteo AS på Sandane, klart å bygge ein organisasjon og kultur som verdset engasjement i kombinasjon med eigarar som visar ei genuin interesse og som bygger opp om dei som ønsker å få til noko, seier Henriette Møll (tidligare dagleg leiar i Strukturplast, no på veg over i ny stilling i Bano) i fredagens artikkel.

«Å lukkast gjev ny energi, og no skal vi få fleire oppgåver»Henriette Møll

Eigar Roy Elsayed seier at han kjenner seg ikkje igjen i myta om at det er håplaust å skaffe folk med høg kompetanse til bedrifter i distriktet. I Bergen er det langt vanskelegare å halde på folk – der vert vi ei lita bedrift som vert ein mellomstasjon for mange seier han.

Les heile artikkelen på Firda

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.