Attraktive jobbar i juni

Skriven 19.06.2020 under Nyheiter

Jobbmarknaden har ikkje teke sommarferie. Send inn søknaden din no, så har du kanskje noko å glede deg ekstra over til hausten.

Foto: Marie Havnen, Firda

Journalist i Firda

Fast jobb som journalist er sjeldan vare for tida. No har du sjansen til å skrive om stort og smått for den største lokalavisa i Sogn og Fjordane.
Firda er på jakt etter ein person som likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear og skriv god nynorsk. Ta del i eit ungt og pulserande miljø!

Søknadsfrist 1. juli.

 

Utviklar eller analytikar i Highsoft

I vesle Vik skjer det store ting. Mellom fjord og fjell lagar dei produkt som vert brukt av fleire av dei største selskapa i verda. No kan du bli ein del av det!

Highsoft søkjer etter ein dyktig analytikar som formidlar kundeinnsikt på ein forståeleg måte. Har du erfaring med digital marknadsføring og business intelligence, er det eit stort pluss.

I tillegg søkjer dei etter ein utviklar som kan ta produkta deira til neste nivå. Som front-end eller full-stack utviklar i Highsoft får du jobbe med produkt som fleire hundre tusen brukar kvar einaste dag.

Søknadsfrist for begge stillingane er 31. juli.

 

 

Dagleg leiar i Niprox Technology/Moderne Varme

Grip sjansen og få ei utfordrande, sjølvstendig og attraktiv stilling i eit uformelt miljø.

Moderne Varme produserer og seljer varmepumper, varmevekslarar, stokkskap og komplette energisentralar i heile landet. Selskapet er no inne i ei spennande og positiv utvikling. Den noverande daglege leiaren skal ut i pensjon, og tida er inne for å finne ein erstattar.

Selskapet ser for seg ein dagleg leiar med motiverande drive og ein humoristisk sans. Ein som forstår viktigheita av relasjonsbygging og verdien av godt samarbeid. Personen bør vere utadvent og kunne jobbe sjølvstendig. Relevant teknisk erfaring, kompetanse og erfaring som ingeniør og/eller erfaring innan sal er ein stor fordel.

Søknadsfrist 6. juli

 

Account Manager eller systemutviklar i Intin

Smarthus-bedrifta går som det susar om dagen, og no har dei behov for enno fleire folk.

Account Manager – Sal og kundeoppfølging

Nye lanseringar har gjort at behovet for fleire seljarar har meldt seg. Ei perfekt stilling for deg som er svolten på resultat, er flink til å kommunisere med kundar, og jobbar godt både i team og aleine.

Systemutviklar

Bedrifta skal sette opp eige utviklarteam, og er no på jakt etter dyktige folk som kan bidra i dette teamet. Evne til å sette god arkitektur, kundeforståing og effektive utviklingsprosessar er viktig. Hovudoppgåvene er utvikling av programvara INVITE™ og integrasjonar mot ulike komponentar og tilstøtende system.

Søknadsfrist for begge stillingane er 30. juni.

 

Kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane

Kontoret i Årdal ser etter ein kompetent og motivert person som trivast med sal og kundekontakt. Dei lovar høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver, og eit godt arbeidsmiljø i ein innovativ og framtidsretta bank.

Har du relevant utdanning og interesse for økonomi, bør du søke på stillinga innan 30. juni.

Fem kule traineestillingar i landets største (og beste?) regionale traineeprogram

Ein unik sjanse for nyutdanna som vil få fart på karrieren sin. På tampen av våren dukka det opp heile fem nye traineestillingar med oppstart i august. Ta del i eit utfordrande, interessant og attraktivt program saman med mange andre nyutdanna. Du får ein spennande jobb, eit godt nettverk, lønn, samlingar og utanlandstur med dei andre i traineekullet, og ikkje minst; det er gull å ha på cv-en.

Her er stillingane du kan søke på:

Søknadsfrist 1. juli   

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.