App-gründaren som forandrar transportbransjen

Skriven 14.08.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

"InVid" tek transportbransjen i Noreg med storm. Mariann Sangolt Nistad er drivkrafta bak.

Mariann Sangolt Nistad fortel om ein transportbransje som ikkje alltid har hatt ei positiv innstilling i det ho entrar kontorlokala for å få kundar til appen. – Folk har fnyst av meg i det eg kjem inn døra, men haka heng ofte i golvet medan eg går ut igjen, fortel den daglege leiaren i InVid.

31-åringen smiler og fortel historia om bedrifta som i dag berre har to tilsette, men som endeleg ser ut til å kunne ekspandere med fleire tilsette. Hovudpersonen sjølv gler seg til å endeleg kunne puste litt i ein hektisk jobbkvardag på Straume i Hordaland, kor ho jobbar. Sjølv om hovudkontoret ligg på Sande, sit programmeraren Lars Eirik Aase i Bygstad og ho sjølv på Straume. 

Historia om ein app

– Bedrifta til foreldra mine, Nistad Transport, mista ein ansatt som dreiv med lønningane. Då dukka det opp ein idé frå mor mi om å lage ein app som kunne forenkle dette. Vi samla ei gruppe, og fann ut kva vi ville ha med i appen, fortel Mariann. 

Resultatet i dag er ein app med funksjonar med alt frå rutinar, automatisk registrering av timelistene og avvikssystem. Det er dette som er InVid.

Prøvekaninar: Nistad Transport var prøvekaniner for appen.

 

Forandring for vanedyr

Nistad Transport vart prøvekaniner for appen.  – Det var naturlegvis noko skepsis blant fleire tilsette då appen kom. Likevel gjekk det veldig bra. Sjølv dei som ikkje hadde smarttelefon og var ukjend med bruk av pc, greidde å bruke appen etter berre få minutt, seier ho og smiler. Mariann legg til at ho har stor forståing for at det ikkje berre er enkelt å ta til seg ny teknologi. 

– Vi har ein generasjon som har gått frå å ikkje ha straum innlagd til å måtte bruke elektroniske løysingar og smarttelefon til alt som skjer. Menneskje er vanedyr, det ligg ikkje i vår natur å forandre oss i høgt tempo, fortel ho. 

Det har derfor vore viktig for InVid å lage ein app som er enklast mogleg å bruke, skal ein tru den daglege leiaren. – Appen er for sjåførar. Dei har ikkje sete på skulebenken heile livet og studert, for den interessa er ikkje der. Fokuset har derfor vore at det skal vere minst mogleg å skrive for dei. Ein skal kunne trykke seg gjennom appen, forklarar ho.

Trivst med endringane: Kim Are Sørebø er glad for at Mariann har gjort arbeidsdagen til han og kollegaene lettare.

 

Natt og dag

Kim Are Sørebø frå Nistad Transport er sjeleglad for at arbeidskvardagen er forandra etter at appen kom til bedrifta. No har han full kontroll på alt frå timar og fylling gjennom InVid. 

– Forskjell frå tidlegare utan appen? Det er natt og dag, det. For oss som er langtransportsjåførar, er det ikkje alltid at vi avsluttar veka vår på Sande. Og om vi ville ha lønn før, måtte vi inn og levere timelistane fysisk. No kan ein gjere det med berre nokre få trykk, forklarar Kim Are.

Han legg til at transportbransjen med tida har blitt flinkare til å fokusere på sikkerheit, noko som også er blitt eit krav frå kundane. Då er også InVid greit å ha, med sikkerheitsrutinar og HMS, ifølge sjåføren. Vidare fortel han om tidligare tider utan kviletid og farleg køyring, noko han skildrar som “Gale-Matias”.

 

Byggjer tillit og relasjonar

Då Mariann var ferdig med studia innanfor marknadsføring i Bergen, sa ho ein ting til seg sjølv: Ho skulle aldri bli seljar. Fasiten i dag er at mykje av jobben dreier seg nettopp om sal. Lattermild forklarar ho korleis det gikk til. 

– For å vere heilt ærleg mislikar eg uredelege og sleipe seljarar. Vi har alltid fokusert på å drive god relasjonsbygging, og samtidig skape eit godt rykte og namn for InVid. Fokuset vårt har aldri vore å skaffe raske pengar gjennom profitt og sal, men heller ved å hjelpe dei på best mogleg måte. Vi vil ikkje prakke på bedriftene løysingar som dei ikkje treng. Dette har vi tent på, og vil fortsatt tene på i det lange løp, fortel ho.

 

Ein krevande veg

Med 1500-1700 brukarar å ta hensyn til i mange ulike bedrifter, er det ikkje alltid like enkelt for dei to “InVidarane” å drive på eigahand. Dei fyrste åra av selskapet si levetid kunne dei ikkje alltid ta ut lønn, og det var vanskeleg å få endane til å møtast. No er imidlertid situasjonen snudd.

– Endeleg er vi kome i ein situasjon der vi har råd til å tilsette nokon. Det har vore ei stor utfordring for oss, då det alltid er noko som skjer og må gjerast. No har vi eit stabilt tal kundar og kan utvide verksemda. Dette er noko eg har draumt om lenge, fortel ho.

 

Paradoks i markedet

For Mariann har konkurranse betydd noko positivt. For sjølv om dei var tidlegast ute med appen i transportbransjen, var kanskje ikkje alle i bransjen klar for dei teknologiske omveltningane. Dette meiner ho endra seg då konkurrentane kom på markedet.

– Mange ristar på hovudet og forstår ingenting når eg hevdar at konkurranse har vore viktig for oss. Det som skjedde då konkurrentane kom på bana, var at marknaden opna seg opp. Dermed opna augene til transportbedriftene seg opp, og dei forstod at dette var framtida og behovet for å henge med i tida, forklarar InVid-sjefen.


Framtida kallar

Vidare fortel ho at støtta frå Innovasjon Noreg har vore avgjerande for utviklinga til selskapet, og trekk fram etableringsstipendet som vitalt, då det var med å gjere at dei kunne ta ut lønn og sikre framdrift.

– Vi hadde slitt med å kome oss vidare utan midlane frå Innovasjon Noreg. I tillegg fekk eg ein mentor frå dei til å hjelpe meg med dei felta eg ikkje er like trygg på. Eg er mellom anna ikkje noko god strateg. Der har eg blitt piska litt for å ha ein plan for framtida. Kva framtida er? Eg ser føre meg at om nokre år har vi ein god organisasjon med fleire selgarar og programmerar. Gjerne med to kontor, der eitt av dei er her (Sogn og Fjordane) og eitt er i Bergens-området.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.