Andrea Hartveit

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Andrea Hartveit, 24 år, kjem i frå Osterøy. Eg har ein bachelorgrad i Markedsføring og salgsledelse med fordypning i bedriftsøkonomisk analyse, frå høyskolen Kristiania avdeling Bergen. På fritida er eg politisk aktiv, og har dei siste fire åra sete i kommunestyre i heimkommunen min, Osterøy.

I kva bedrift er du tilsett?
Eg er trainee innan marknad – og kommunikasjon hos Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. RKHR er vestlandets største rehabiliteringsinstitusjon, som tar i mot 1 300 pasientar årleg, med variasjon i diagnose og tilstand. Jobben min blir å marknadsføra bedrifta, slik at fleire skal vite om oss og vårt tilbod, og forhåpentlegvis få lyst til å nytte seg av tilboda vi har. Eg skal også utarbeide ein kommunikasjonsstrategi for bedrifta, delta på karrieremesse, drifte sosiale medium og heimeside. Eg bur for tida på Haugland i Fjaler kommune.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Det er en spennande moglegheit å få tre inn i arbeidslivet på, med god oppfølging. Dette blir ei fin arbeidserfaring, samt at Framtidsfylket sitt traineeopplegg gjorde det ekstra spennande å søkje. Det å jobbe i ei bedrift som har stor samfunnsnyttig verdi var svært interessant og viktig for meg.

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
Mitt første møte med arbeidslivet var då eg var 15 år og fekk jobb på Fisketorget i Bergen. Der jobba eg to summarar og stortrivdes.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.