Anders Veum

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Utdanninga mi er innan økonomi og administrasjon, der eg har ein bachelorgrad avlagt ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal.

Traineestilling

Eg er trainee ved økonomiavdelinga i Hyllestad kommune. Arbeidsoppgåvene mine går hovudsakleg ut på å arbeide med skatteinnkrevjing, og oppgåver knytt til økonomiforvaltninga i kommunen, som inneber budsjettering, årsavslutning, rekneskapsføring og fakturabehandling.

Difor søkte eg traineestillinga

Grunnen til at eg søkte traineestilling gjennom framtidsfylket er at eg mot slutten av studieløpet var godt motivert for å prøve ut arbeidslivet. Då eg fann traineestillingar som eg var kvalifisert for, og som verka interessante, bestemde eg meg kjapt for å søkje. I tillegg vart eg oppmoda om å søkje av familie og vener. Eg såg for meg dette som ei fin fyrste arbeidserfaring, samt at framtidsfylket sitt traineeopplegg gjorde det ekstra spennande å søkje.

Forventningar

I løpet av året forventar eg å ha ei god fagleg og personleg utvikling, i tillegg til å verte godt kjent med Sogn og Fjordane. Eg ser fram til å treffe traineear i andre verksemder, og å delta på aktivitetar saman med dei. Det blir lærerikt å få innblikk i bedrifter og næringsliv rundt om i fylket.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Det at så mange forskjellige verksemder tilsett traineear innan eit vidt spekter av fagområde, vitnar om at det er mange moglegheiter og mykje spennande som rører seg i fylket. Dette blir det interessant å lære meir om.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.