Amalie Valvik

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Eg heiter Amalie Valvik, er 23 år gammal og kjem frå Florø. Har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Handelshøyskolen BI Campus Bergen. På fritida likar eg å vere aktiv og vere sosial med venner.

I kva bedrift er du tilsett?
Eg er trainee i Saga Fjordbase i INC- gruppen. Denne perioden bur eg i Florø.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Då eg var ferdig med bacheloren hadde eg lyst å praktisere og lære innan mitt studieløp. Det passa fint at bedrifta var i heimbyen min. INC-gruppen hadde behov for kompetanse innan prosjektledelse, og 3. året på studiet hadde eg fordjuping innan prosjektledelse. Kanskje det var derfor eg vart valt?

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
Eg syklar over alt kor eg skal, og blir delvis «mobba» for det. «Sykla du til vors i dag, Amalie?».

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.