7 septemberjobbar i Sogn og Fjordane

Skriven 09.09.2020 under Nyheiter

Yes, då var det haust. Tida mange ser på som ein ny start der alt kan skje. Kanskje er dette hausten du skal søke ny jobb? Her får du eit utval ledige stillingar i Sogn og Fjordane.

1. Accountor på Eid søker autorisert rekneskapsførar/kundeansvarleg.

Ønsker du å vere med på å utvikle næringslivet, i ei stilling der du får utvikle deg sjølv? Ser du etter ein jobb med tilgang på framtidsretta verktøy som gjer kvardagen enklare for kundane  – og ein arbeidsgjevar som gir rom for å vekse fagleg i eit hyggeleg og spennande arbeidsmiljø? Då vil Accountor Eid gjerne motta ein søknad frå deg.

Meir om den ledige stillinga her.

2. Jurist, samfunnsvitar eller økonom med hol i CV eller nedsatt funksjonsevne?

Lotteritilsynet treng deg som er jurist, samfunnsvitar eller økonom til å løyse fleire av oppgåvene deira. Stillinga er reservert for søkjarar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV, med høgare utdanning.

Meir om den ledige stillinga her.

3. Høgskulen Vestlandet søker HR-rådgjevar i Sogndal

Dei har ledig ei fast stilling som HR-rådgjevar innan HMS ved Avdeling for HR. Avdelinga arbeider tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov og støttar leiarane i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området.

Meir om den ledige stillinga her.

4. Tibber søker etter drøssevis med folk.

Skulle berre mangle, for dei står midt i ein elektrisk revolusjon. Tibber er det første heildigitale straumselskapet og har blant anna kontor i Førde. No treng dei fleire kollegaer som kan bidra til grønare og smartare strøm:

  • Customer Success Manager
  • Support Hero
  • Web Developer
  • Android Developer
  • Integration/ Backend Developer

Meir om dei ledige stillingane her.

5. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søker ergoterapeut

Er du ergoterapeut med eit ressursorientert fokus? Som er interessert i å arbeide med tverrfagleg, spesialisert rehabilitering? På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter vil du arbeide med ulike pasientgrupper og inngå som ein viktig del av det tverrfaglege teamet. Hovudoppgåvene omfattar kartlegging, tilrettelegging og utprøving av aktivitetar. Ein stor bonus er at du får jobbe i dei vakraste omgjevnadar <3

Meir om den ledige stillinga her.

6. Stiftinga Jostedalsbreen Nasjonalparksenter søker naturrettleiar

Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark i Oppstryn søkjer etter deg som kan formidle og bidra til naturglede og styrkje kunnskap, interesse og engasjement for naturen. Du må ha gode kunnskapar om natur og miljø og ha evne til å formidle dette på ein lettfatteleg og engasjerande.

Meir om den ledige stillinga her.

7. Sunnfjord Utvikling søker Prosjektleiar for Rekrutteringsforum Sunnfjord

Er du god på kommunikasjon og ein person som har glede av nye relasjonar? Då kan dette vere jobben du ser etter. Som prosjektleiar blir du tilsett i Sunnfjord Utvikling med kontorstad Peak Sunnfjord. Målet er å rekruttere folk med rett kompetanse til Sunnfjord.

Meir om den ledige stillinga her.

Peak Sunnfjord: Som prosjektleiar for Rekrutteringsforum Sunnfjord får du jobbe i splitter nye kontorlokale.

Her finn du fleire ledige stillingar.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.