15304033101538927853764282005771298o 768x432

Karriereprat: Nyutdanna jurist i Politiet

Skriven 17.11.2016 under Karriereprat, Nyheiter

Rannveig skjønte tidelig i studiet kva ho ville jobbe med og fann den rette stillinga i Vest Politidistrikt i Florø.

Planen min var eigentleg ikkje å flytte tilbake til fylket, i alle fall ikkje rett etter studiet. Tilfeldigheitene skulle ha det til at eg like etter at masteroppgåva var levert, fekk auge på ein interessant stillingsannonse for ei stilling  i Florø, som konsulent i politiet.

Ønsket om å jobbe i politiet har eg hatt sidan eg tok politi- og påtalerett som valfag på jusstudiet. Dei fleste forbind politiet med straffesakssporet, men politiet har også ei rekke forvaltningsoppgåver knytt til mellom anna førarrett, våpen og næringsverksemd.  Stillinga mi går først og fremst ut på forvaltningsdelen knytt til førarrett, og det å fatte vedtak med heimel i vegtrafikklovgjevninga.

Å jobbe i politiet inneber ei viktig samfunnsoppgåve.

– I mi stilling handlar det mellom anna om å ivareta omsynet til trafikksikkerheit, og samstundes ivareta den enkeltes rettssikkerheit. Det er tydeleg at ein ikkje lengre arbeider med teoretiske tilfelle, men at vedtak ein fattar har stor innverknad for dei som er omhandla. Eg har fått god bruk for den juridiske metoden ein lærer på jusstudiet, som handlar om å  løyse rettslege problemstillingar i tråd med rettskjeldene, og er blitt ekstra bevisst på viktigheitene av dei grunnleggande verdiane som ligg til grunn for denne.

Ein vanleg arbeidsdag inneber mykje telefonkontakt med lensmannskontor og berørde. Sjølv om straffesakssporet og forvaltningssporet i utgangspunktet er adskilt grip dei på mange måtar inn i kvarandre, noko som inneber at ein også stadig er i kontakt med påtalejuristar og etterforskarar.

 

Det siste året har helgene hatt ein tendens til å være meir hendingsrike og varierte enn når eg budde i Bergen.

I tillegg til ein interessant jobb og gode kollegaer, har Florø og Sogn og Fjordane svært mykje bra å by på.

Å flytte tilbake til heimfylket og heimbyen er et val eg ikkje har angra på. I tillegg til ein interessant jobb og gode kollegaer, har Florø og Sogn og Fjordane svært mykje bra å by på. Særleg viktig for min eigen del har det vore at ein har eit godt treningstilbod med eit stort og relativt nytt treningssenter, yogastudio og klatreklubb.  I tillegg er det overraskande mange av dei eg kjenner som like etter studiet har valt å flytte heim.  Dette har medført at eg stort sett aldri rekk å kjede meg. Bevisstheten på at ein finn seg på ein mindre stad trur eg medfører at ein sjølv og andre er ekstra flinke til å ta initiativ til å finne på kjekke ting. Eg opplev også at ein gjerne blir fortarte og betre kjend med nye folk.

Det siste året har helgene hatt ein tendens til å være meir hendingsrike og varierte enn når eg budde i Bergen. Sogn og Fjordane er full av ulike flotte stader og bra arrangement som eg dels har rukke å benytte meg av og besøke, til dømes via ferrata i Loen, Våt Moro i Florø og Fjellsportfestivalen i Sogndal.  Fylket er også særs godt eigna til hytteturar. Det siste året har eg mellom anna tilbragt helga på ei  hytte utan strøm i  Naustdal, i havgapet på Batalden og på høgfjellet ved Stryn.

Samstundes er faktisk Bergen aldri lengre unna enn at ein kan ta seg ei ”storbyhelg” om ein føler før det. Med fleksibel arbeidstid har eg også kunne reist på lengre helgeturar, og var sist helg i Berlin.  I tillegg har eg store planar som enno ikkje er realisert, mellom anna  å bestige diverse fjelltoppar, som det heller ikkje er mangel på.

Eg har etterkvart oppdaga at det er tida og ikkje mangel på alternativ som avgrensar kva ein kan finne på av kjekke ting. Det er aldri sikkert å seie kva framtida bringer, men eg ser lett føre meg å bli buande.