650 søknadar til årets traineestillingar

Skriven 06.03.2019 under Nyheiter

Framtidsfylket har motteke 650 søknadar til årets 33 traineestillingar. Norec utmerker seg med 98 søkarar til éi stilling.

– Det store fleirtalet fortener eit intervju. Eg er imponert over kvaliteten på kandidatane og kva unge, nyutdanna menneske har på CV-en. Det blir ein tøff tilsetjingsprosess, seier avdelingsdirektør for stab, analyse og kommunikasjon i Norec (Fredskorpset), Morten Rørvik.

Norec er ein ettertrakta arbeidsstad og vant til høge søkartal. Dei var likevel spente på tala til den nyoppretta traineestillinga.

– Vi har vore veldig nysgjerrige på kven søkarane er og kor mange vi fekk. Vi ser at fleire av dei har tilknyting til fylket, men bur andre stader i landet. Eg trur dei ser dette som ein sjanse til å jobbe på eit fagfelt dei tidlegare ikkje kunne i Sogn og Fjordane. Vi har ein stor jobb framfor oss med å velje rette kandidaten, seier Rørvik.

 

Vil ta del i det grøne skiftet

På lista over mest populære traineebedrifter i fylket kjem Vestlandsforsking og Coast på delt andreplass, begge med 42 søkarar, og Fjord1 på tredjeplass med 39 søkarar.

– Eit tydeleg teikn er at bedriftene som set verdiane rundt det grøne skiftet og er opptatt av klimaspørsmåla og internasjonalisering er attraktive arbeidsgjevarar. Vi ser at dette opptek fleire av søkarane, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.

At elleve bedrifter søkte etter IT-utdanna gav hovudbry for Framtidsfylket.

– Mange av stillingane i årets traineeprogram er knytt til fagområde og yrke med kamp om arbeidstakarane. I teorien kan IT-utdanna velje og vrake i jobbtilbod, og vi var difor spente på om vi klarte å få søkarar til Sogn og Fjordane. Det gjorde vi heldigvis, og nokre av teknologibedriftene har over 20 namn på blokka, seier Hovland.

Stor konkurranse om jobbkandidatane

Med 650 søknadar er det 152 fleire enn i 2018. Av desse har 30% oppgitt at dei kjem frå Sogn og Fjordane og 70% at dei kjem frå andre deler av landet. 80% seier at dei i dag bur utanfor fylket.

– Bak søkartala ligg strategisk jobbing med kommunikasjon og marknadsføring frå 1. desember til 1. mars. I tillegg gjer næringslivet og offentlege aktørar ein viktig jobb med å delta på karrieremessene og synleggjere karrieremoglegheitene vi tilbyr. Rekruttering av arbeidskraft og kompetanse er ei utfordring for Sogn og Fjordane i dag og i framtida, og det er difor viktig å jobbe saman.

Traineebedriftene er allereie i gang med tilsetjingsprosessen.
– Eg trur ikkje dei nyutdanna berre har søkt jobb i vårt fylke. Vi konkurrere om arbeidstakarane med resten av landet, så her må ein vere rask for å sikre seg gode kandidatar. Målet er å ønske 33 trainear velkommen til Sogn og Fjordane i august, avsluttar Hovland.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.