Bli synleg for arbeidstakaren

Vil du ha fleire og betre søknadar til ledige stillingar? Vil du vise fram kva som gjer bedrifta di til ein attraktiv arbeidsplass? Vil du nå ut til jobbsøkarar som er interesserte i karriere i Vestland? Då bør du bruke Framtidsfylket sine tenester.

Missing caption

Våre tenester

Framtidsfylket tilbyr verktøy og tenester som gjer deg synleg for potensielle kandidatar. Vi veit at det kan vere vanskeleg å konkurrere med større byar og miljø når det gjeld å tiltrekke seg talent. Men vi veit også at Distrikts-Vestland har ein av Noregs mest spennande og varierte arbeidsmarknadar. Vi vil at fleire skal oppdage dei moglegheitene som er her – og vi vil hjelpe deg med å formidle dei.

Ved å ta i bruk Framtidsfylket sine tenester når du eit publikum som er interessert i Vestlandslivet, og mange av dei er jobbkandidatar som let seg freiste av spennande miljø og kule arbeidsplassar i kanalane våre.

Her er nokre av tenestene vi tilbyr:

Bedriftsprofil:

Når du opprettar ein bedriftsprofil blir du medlem i Framtidsfylket. Som medlem får du ei eiga side der du kan presentere bedrifta di for framtidige tilsette med tekst, bilete og video. Inkludert i medlemskapet er tilgang til vår portal for ledig stilling, ein enkel CV-database, rådgjeving i rekrutteringskommunikasjon, tilgang til traineeordninga, samt gode prisar på karrieremesser og kurs arrangert av Framtidsfylket.

Les meir og opprett bedriftsprofil her.

Karrieremesse:

Kvart år arrangerer vi karrieremesser der du kan møte framtidige jobbkandidatar ansikt til ansikt. Saman med resten av næringslivet i fylket viser vi fram ein attraktiv arbeidsregion med mange moglegheiter. Dette er ein unik sjanse til å knytte kontakt med talentfulle folk som vil jobbe i Vestland.

Les meir om karrieremesse her.

Traineeprogram:

Som traineebedrift er du med i Framtidsfylket sitt traineeprogram og tilbyr ein nyutdanna sjansen til å få verdifull erfaring. Til gjengjeld får du ein motivert kandidat med fersk kompetanse og friske tankar. Til no har vi rekruttert 270 trainear til fylket, der to av tre framleis bur og jobbar her.

Les meir om å vere traineebedrift her.

Tips oss!

Vi elskar å fortelje historiene frå Vestlandslivet som inspirerer til å bu og jobbe her. Vi vil gjerne skrive om det som skjer i bedrifta di – både folka som jobbar der og dei gode historiene. Har du noko på hjartet som du vil dele med oss? Tips oss gjerne!

Send inn ditt tips her.

Missing caption

Vi gjer arbeidsliv i Vestland kjent!

Framtidsfylket jobbar for å rekruttere og behalde kompetanse og arbeidskraft i Vestland. Har du spørsmål, gode innspel eller berre lyst på ein hyggeleg prat? Kontakt oss gjerne!