Registrer medlemskap

Ta del i fylkets største rekrutterings- og kommunikasjonsplattform, vis fram ledige stillingar og kom i kontakt med relevante jobbsøkarar. Over 200 bedrifter i Vestland er med i nettverket. Bli med du også!

Missing caption

Kvifor bli medlem?

Vi har ein av Norges mest spennande arbeidsregionar, og det må vi fortelje jobbkandidatane.

Som medlem bidrar du til å løfte fram #vestlandslivet og Vestland som ein sterk arbeidsregion. Du bidrar til å vise mangfald og breidde i arbeidsmarknaden i Distrikts-Vestland.

Framtidsfylket jobbar for at fleire skal få auga opp for arbeidslivet i Vestland. Derfor er vi her for deg – slik at du kan bli synleg for jobbsøkarane.

I ditt medlemskap får du:

  • Tilgang på jobbportalen
  • Eiga employer branding-side
  • Rådgjeving/sparring innan rekrutteringskommunikasjon og enkel tilbakemelding på stillingstekstar
  • Del i marknadsføringa av #vestlandslivet
  • Prioritet i vår marknadsføring av arbeidslivet i Vestland
  • Medlemspris på arrangement og kurs
  • Medlemspris på innhaldsproduksjon

Kva kostar det?

Prisen har vi differensiert ut i frå kor mange tilsette i verksemda:
0-5 tilsette: 3200,- pr år
6-10 tilsette: 5300,- pr år
11-20 tilsette: 7950,- pr år
>20 tilsette: 13.250,- pr år
Priser er eks.mva.

Klar for å registrere verksemda?

Registrer medlemskapet sjølv ved å fylle inn dette skjemaet:
https://www.framtidsfylket.no/registrer


Eller kontakt post@framtidsfylket.no.

Kva har vi gjort for våre medlemer?

Missing caption
Nyheiter 10 gode grunnar til å jobbe ved radiologisk i Helse Førde

Vi har snakka med tilsette og leiarar ved radiologisk i Helse Førde om kvifor dei har så høg trivsel på avdelinga si. Kanskje fordi dei har eigen komite for det?

Missing caption
Nyheiter Liten by, store karrieremoglegheiter

Å starte karrieren i eit internasjonalt selskap som PwC kan høyrast både stort og litt skummelt ut. Men for Torgrim Halse (31) og Erik Guddal Sunde (29) har karrierestarten i PwC vore jordnær – fylt med både faglege utfordringar og gode kollegaer.

Missing caption
Nyheiter Nær 800 traineesøknadar til Framtidsfylket

Éin arbeidsgivar fekk desidert flest søkarar, mange vil jobbe for nykommaren Nordic Mining og Hardanger har skjønt det.

Missing caption
Arbeidsliv – Du må få kjærasten min til å bli med heim!

Konkrete moglegheiter, jobb til partner og attraktive bustadregionar stod i fokus når bedrifter frå Vestland møtte jobbsøkarar på Ta Steget i Bergen.

Missing caption
Nyheiter – Vi blir jo sett på som trollmenn

Ein meiningsfull jobb er noko dei fleste av oss søker etter. Tage og Hans Petter er ikkje i tvil om at jobben dei gjer betyr noko.

Missing caption
Nyheiter Ribba kokte, men det gjorde sikringskapet óg

– Her i HAFS Elektro og Rør får ein prøvd seg på litt av kvart, og det gjer arbeidsdagen spennande, seier Per Egil med eit smil.

Missing caption
Nyheiter Stoltheit i kvart prosjekt

Steffen får ei ekstra god kjensle når prosjekta nærmar seg slutten og resultatet både ser bra ut, og alt fungerer som det skal.

Missing caption
Nyheiter Øystein får betalt medan han utdannar seg

Hos HAFS Elektro og Rør får dei tilsette ein ganske unik sjanse: å utdanne seg vidare medan dei jobbar – med full løn og dekka utgifter.

Missing caption
Arbeidsliv Styrkar fagprogrammet for traineebedriftene

Vil du bli betre til å få tak i og behalde unge talent? Då bør bedrifta di bli med i Framtidsfylket sitt traineeprogram.

Missing caption
Nyheiter Fann draumejobben heime

Dei hadde ulike inngangar til avfallsbransjen, men Karoline og Lennart er einige; dei har funne draumejobben hos Sunnfjord Miljøverk.

Missing caption
Arbeidsliv SUM tenkte nytt rundt rekruttering – fekk rekordmange søkarar

Då Sunnfjord Miljøverk i vår lyste ut seks ledige stillingar, fekk dei problem med å velje blant alle dei gode kandidatane.

Missing caption
Nyheiter 10 gode grunnar til å jobbe på UWC

I Flekke i Fjaler finn du noko ganske unikt. Ein internasjonal skule ved fjorden som husar 200 elevar frå heile verda. Her jobbar ein for å foreine menneske, nasjonar og kulturar for fred og ei berekraftig framtid.

Missing caption
Nyheiter – Jobben her er jo noko heilt anna kan du seie

Kva har ein bonde frå Flekke og ein fysikar frå Nord-Irland til felles? Svaret er United World College.

Missing caption

Kommuniser betre – få fleire søkarar

Profiler deg som ein attraktiv arbeidsgjevar. Vi er din rådgivar innan innhaldsmarknadsføring, profilering i sosiale medium og hjelp med stillingsutlysing.