Vi har snakka med tilsette og leiarar ved radiologisk i Helse Førde om kvifor dei har så høg trivsel på avdelinga si. Kanskje fordi dei har eigen komite for det?
Det må vere lagfølelsen! Vi er eit lite arbeidsmiljø der alle kjenner alle, og vi samarbeider svært godt. Ingen spørsmål er dumme, og her det ingen som himlar med auga.
Og så er det breidda du får i arbeidsoppgåver når du jobbar på eit lite sjukehus. Sidan du rullerer og er innom dei fleste fagområde og maskiner, er det vanskeleg å gå lei. Det same gjeld legane. Dei må dekke det meste og ha kompetanse på alle område, og det er ofte ein styrke.
Attraktivt: Radiologisk har eit lite arbeidsmiljø der alle kjenner alle, og samarbeider svært godt– også med andre avdelingar.
Du merkar fort når det kokar, og det skjer typisk når alt skjer på ein gong. Men vi er eit akuttsjukehus, og når det skjer masse, så lagar vi ein god plan. På eit lite sjukehus kjenner du dei fleste labar i avdelinga, og kan hjelpe til der det trengs. Det er ein viktig del av løysinga.
Vi veit at pasienten er heilt avhengig av bilda vi tar for vidare behandling. Det vi gjer betyr at pasienten til dømes får cellekur eller operasjon. Du går kanskje ikkje rundt og kjenner veldig på at du gjer ein forskjell, men når du merkar at pasienten er takknemleg for jobben du gjer, så er det ein god følelse. Vi har generelt veldig takknemlege pasientar i Sogn og Fjordane. Dei set stor pris på å ha eit lokalt sjukehus, og det vil du merke.
Det må vere innkjøp av ny CT-maskin og at kunstig intelligens er på full fart inn. Vi får snart tilgang på eit nytt program som går på brot på knoklar, der KI skal fungere som ei støtte i avgjerder. Og så er vi på jakt etter nye kollegaer, både radiografar og radiologar.
Det er gjerne når du må vere kreativ og tenke litt utanfor boksen, til dømes ved traume eller når du har pasientar med ulike utfordringar. Når løysinga di fungerer bra og du kjenner at dette handterte eg bra, så gir det meistringsfølelse.
Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Der kan det fort bli litt for god stemning! 😊 Og så hender det at vaffellukta brer seg på avdelinga. Det, eller rykte om kake sprer seg fort!
"Vi har eigen trivselskomité som fiksar sosiale samankomstar."
Om du ønsker å ta steget vidare, kan vi tilby både kurs, vidareutdanning og masterløp. Eller du kan få meir ansvar i stillinga eller arbeidsoppgåvene dine. Så lenge det er relevant for jobben, legg vi til rette for fagleg utvikling.
Du hugsar dei som viser engasjement og interesse for faget. Det er først og fremst det vi ser etter, men også at du fungerer sosialt. For å jobbe som radiograf eller radiolog er det viktig å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Kommunikasjon er kjempeviktig for å unngå misforståingar.
Det er dei som er både fagleg sterke, fungerer sosialt og har interesser utanom jobb. Når du fungerer på alle arenaer, er det større sjanse for at du vil trivast både på jobben og i Sunnfjord.
Akkurat no har radiologisk avdeling i Helse Førde fleire ledige stillingar: