mentorprogram trainee

Arbeidsliv

Styrkar fagprogrammet for traineebedriftene

Vil du bli betre til å få tak i og behalde unge talent? Då bør bedrifta di bli med i Framtidsfylket sitt traineeprogram.

I år blir programmet styrka med eit nytt fagopplegg for mentorar som skal gi både trainee og bedrift ein god og utviklande start på forholdet.

No tek vi inn nye traineebedrifter for 2026/27. Les meir om å vere traineebedrift her.

Traineens viktigaste kollega

«Gratulerer med mentorrolla! Du vil i løpet av året vere den viktigaste personen i arbeidslivet til ein av dykkar nye tilsette».

Slik blir mentorane ønska velkomen inn i det oppgraderte programmet.

Alle bedrifter som tilset trainee gjennom Framtidsfylket, skal tilby ein mentor med eit særskilt ansvar for oppfølging. Rolla er både viktig og meiningsfull, og kan gjere ein betydeleg forskjell for unge på veg inn i arbeidslivet.

– Ved å styrke mentorrolla får traineen ein trygg start og bedrifta eit betre utgangspunkt for å halde på unge talent. Skal ei bedrift lukkast, handlar det først og fremst om å skape gode arbeidsmiljø og kulturar der folk trivst. Då er verdibasert relasjonsbygging heilt avgjerande, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.

Linda Hovland

Linda Hovland er dagleg leiar i Framtidsfylket og ansvarleg for traineeprogrammet.

Frå jobbsjokk til arbeidsglede

Overgangen frå studieliv til fulltidsjobb kan nemleg vere utfordrande. Derfor har Framtidsfylket fått med seg Maria Løberg og Stine Vintervoll, forfattarane av boka Jobbsjokket: Guiden til en god karrierestart, i årets program. Dei bidreg med erfaringar, forsking og praktiske verktøy som gjer mentorane betre rusta til å følgje opp traineen.

– Ein mentor skal ha eit utviklingsfokus framfor prestasjonsfokus. I mentorrelasjonen får du moglegheit til å løfte blikket og ha gode samtalar rundt større tema som motivasjon, karriereutvikling og verdival. Dette styrkar traineeane i overgangen frå student til arbeidstakar, noko som kjem både traineen og bedrifta til gode, seier Løberg og Vintervoll.

– Ein mentor skal ha eit utviklingsfokus framfor prestasjonsfokus.

Jobbsjokket

Stine Vintervoll og Maria Løberg vil bidra til at mentor og trainee får ein god relasjon frå start.

Ei mini-utviklingsreise

Mentorprogrammet legg særleg vekt på psykologisk tryggleik, gode refleksjonar og rolleforståing. Gjennom ei fysisk og fire digitale samlingar utover hausten får trainee og mentor eit felles språk, klare rammer og konkrete verktøy for refleksjon og læring. Det blir lagt vekt på praksisnære oppgåver og faktiske case frå arbeidskvardagen.

Kva tema lærer du om i programmet?

  • Å byggje ein god relasjon
  • Forventningssamtalar og samarbeidsavtalar
  • Mentorrolla: Korleis kan du påverke den, og kva mål kan du setje deg?
  • Gjensidig mentoring
  • Støtte som buffer for stress

Kva er det viktigaste de ønsker å lære mentor og trainee?

– Å verkeleg omfamne moglegheita til å lære av kvarandre. Det gjeld særleg i mentorrelasjonar der det er stor forskjell i livsfase og arbeidserfaring. Det er ganske sjeldan i ein travel kvardag at vi tek oss tid til å reflektere saman og lytte til kvarandre sine erfaringar. Det meiner vi er gjensidig verdifullt, seier Løberg og Vintervoll.

Mentor trainee

Eit trygt og sterkt forhold mellom trainee og mentor kan ha alt å seie for ein god jobbstart.

Vil du vite meir?

Lurer du på om traineeprogrammet passar for di bedrift? Ta gjerne kontakt på kine@framtidsfylket.no for ein uforpliktande prat.

Om traineeprogrammet

Fleire saker