Emma kajakk

Nyheiter

– Jobben her er jo noko heilt anna kan du seie

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Stine Bortheim / Privat

Kva har ein bonde frå Flekke og ein fysikar frå Nord-Irland til felles? Svaret er United World College.

I Flekke i Fjaler finn du noko ganske unikt. Ein internasjonal skule ved fjorden som husar 200 elevar frå heile verda.

Når du kjem inn på campus er det første du møter mange små fargerike bygningar som gjer det vanskeleg å ikkje trekke på smilebandet sjølv på ein litt grå tysdag.

Det første eg legg merke til på veg til resepsjonen er kor opne dei eg møter er. Dei smiler og helsar og får meg til å føle meg som om eg har vore kollega med dei i fleire år.

Flytta frå London til Flekke

– Kvar morgon kan eg velje om eg vil køyre eller padle kajakk til jobb. Om sommaren er det nok bortimot 50/50 kva valet fell på. Fortel Emma Mitchell med eit fornøgd smil om munnen.

Emma Mitchell er akademisk leiar ved UWC og har vore det i 1,5 år. Ho er vaksen opp i Nord-Irland, men budde i London då valet om å flytte til Flekke vart tatt.

Kva inspirerte deg til å ta det valet?

– Eg er også fysikklærar og UWC er ein global leiar innan det faget. Vår avtroppande fysikklærar, Chris Hamper, er faktisk ein liten kjendis i Noreg. Han har Parkinsons, men tross det er han ein utruleg klatrar. Dedikasjonen hans lyser gjennom i undervisninga hans og eg har vore så heldig å hatt moglegheita til å vere lærlingen hans i fleire år. Eg flytta til Flekke for å jobbe saman med han. Du kan seie han er eit slags symbol på RCN (Red Cross Nordic). Folka her er unike og veldig generøse.

Fortel Emma og fortset:

– Det eg likar best ved å jobbe her er dei korte men hyppige møta med elevane. Sjølv om det er jobben min å vere streng av og til, er det alltid mogleg å avslutte ein samtale med eit smil og håp for framtida. Eg elskar følelsen av å ha gjort dagen betre for ein elev.

Emma og Chris Hemper

Emma og Chris Hamper

Ein seriøs spøkefugl

No er det eksamenstid på UWC, noko som betyr at dagane til Emma er gjerne litt meir hektiske.

– Den viktigaste oppgåva mi i løpet av året er å administrere eksamena våre. Eg har ei plikt om å gi elevane våre ei så stressfri oppleving som mogleg og å oppretthalde ryktet til skulen vår.

Likevel ser Emma viktigheita av humor og artige påfunn i arbeidskvardagen.

– Eg ser på meg sjølv som ein liten spøkefugl. Det hender at eg oppmuntrar kollegaer til å gjere «silly things» som for eksempel å delta på det lokale 10km løpet. Eg deltok sjølv i fjor og kom på 12. plass frå botnen, ler Emma, eg var ikkje førebudd på det norske fitnessnivået.

Ei grend med opne armar

Korleis var det å flytte til Flekke?

– Eg trur Flekke er den einaste bygda som ikkje berre tillèt, men også oppmodar til ulike flagg på 17. mai. Det betyr svært mykje og det seier litt om kor generøse dei lokale er.

– Familiane våre vert godt tekne imot på Flekke skule og barnehage sjølv om borna ikkje snakkar norsk i utgangspunktet. På den andre sida får borna i Flekke eit internasjonalt perspektiv allereie i 3-årsalderen.

Hemmlegheita for å bli kjent med dei lokale? Bli med i ein klubb!

– Det kan vere utetrim, kor, Dalsfjorden TiTur, det er mykje som skjer! Ein møter folk og kjem i prat. Forrige helg reiste eg til Atløy med vener, vi gjekk tur, snakka, åt godt og nytte veret. Fortel Emma.

– Dette seier eg heile tida, men det er sant: Eg kom hit fordi eg ville jobbe med Chris, men no ynskjer er å vere i Flekke og å jobbe hos UWC. Alle dei stereotypiske tankane om nordmenn er feil. Alle har vore svært varme.

Emma Mitchell

Tilflyttaren Emma Mitchell

Erik Vagstad

Heimflyttaren Erik Vagstad

100% vaktmeister, 100% bonde

Ein kort og idyllisk spasertur frå sjølve campus ligg varemottaket, eit eige bygg som også husar avdelinga for vedlikehald og vask.

Her møter eg Erik Vagstad. Han har jobba hos UWC i 4 år. I tillegg til å vere vaktmeister driv han gard med mjølkekyr. Det at UWC ligg i Flekke gjer det mogleg for Erik å kombinere dei to yrka.

«Skal du i terapi no» kjem det frå ein kollega i det vi skal til å starte intervjuet på lunsjrommet. Erik ler:

– God humor og trivelege kollegaer er viktig, eg klarar aldri å vere seriøs.

Erik jobba tidlegare som mekanikar i Førde, men då han tok over garden vart det langt å pendle kvar dag. I tillegg kjende han på seg at det var på tide å prøve noko nytt.

– Jobben her er jo noko heilt anna kan du seie. Her møter ein folk frå mange forskjellige land og kulturar. Det kan blant anna føre til at ting eg ser på som heilt uproblematiske plutseleg er eit problem i andre sine auge, men dette finn vi ut av ilag.

– Men samfunnsoppdraget til UWC er viktig, at det er ein skule for elevar frå heile verda uansett bakgrunn, religion, rik eller fattig, UWC er for alle. Fortel Erik.

Kva gjer arbeidsdagen bra?

– For meg er det å ha variert arbeid og gjerne ting som ein må finne ut av. For eksempel når eg og Magnar må finne ut av ting saman, det synest eg er kjekt.

Deileg med rom

Livet i Flekke er bra i følge Erik. Han likar det litt landleg og at ein slepp å ha ein nabo heilt inntil seg. Med ein hektisk kvardag er det fint å kunne stikke av i naturen.

– Eg innrømmer at det er vel mykje jobb, men ein må berre finne ein balansegang der. Eg koblar av i naturen og gjerne på ski.

– Ellers har vi det vi treng her i Flekke: matbutikk, skule og barnehage. Og det er kort veg til Dale.

Kva er i Dale?

– Der er det kommunesenteret, sportsbutikk og andre butikkar, idrettshall og treningssenter. Det er òg mykje kultur i Dale som Teaterfestival på hausten og kunstnarsenter.

– Samhaldet i Flekke er bra, det bur rundt 250 stk. her. Ein del barnefamiliar har flyttar heim igjen, berre det siste året har det dukka opp 6-7 nye hus og 4 er under oppføring. Det er veldig kjekt å sjå.

Kva er det beste med å bu og arbeide i distriktet?

• Naturen! Alt i frå fjord til fjell og alle årstidene.

• At ein kan velge om ein vil vere veldig sosial eller tilbaketrekt.

• Rikt dyreliv – om ein er interessert i det.

Ein flytta til og ein flytta heim. Emma og Erik er ganske forskjellige, men ein ting er dei einige om: På UWC trivst dei.

Ledige stillingar hos UWC

UWC har eit betalt samarbeid med Framtidsfylket og er ei av mange verksemder som ønsker å vise fram arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Les meir om våre tenester for bedrifter her.

Fleire saker