Hafs elektro og Rør

Nyheiter

Ribba kokte, men det gjorde sikringskapet óg

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Stine Bortheim

– Her i HAFS Elektro og Rør får ein prøvd seg på litt av kvart, og det gjer arbeidsdagen spennande, seier Per Egil med eit smil.

Per Egil Akse har jobba som montør og bas i HAFS Elektro og Rør sidan 2010.

– Eg har det beste frå alle verdener: praktisk arbeid kombinert med prosjektleiing og internkontroll på ein måte som ikkje berre held arbeidsdagen spanande, men også meiningsfull.

Sidan han starta i 2010 har han jobba på alt frå privatbustader til større prosjekt. No for tida er han bas på den nye skulen i Hyllestad.

– Her byggjer vi noko for innbyggjarane i Hyllestad.

HAFS Elektro Per Egil Akse

– Her byggjer vi noko for innbyggjarane i Hyllestad. Det å vere med på å skape noko som mange kan ha nytte av i lang tid framover, er veldig givande.

Per Egil trivst aller best ute i felten, enten han hjelper kundar med straum til bustaden eller utfører elkontrollar for bedrifter.

– Vi ser etter potensielle farekjelder, og det er alltid bra når ein kan avdekke noko som kunne utvikla seg til ei hending, som brann eller liknande. Det har ein verdi, og det gjev meining å gå rundt og sjekke.

– Og så er det den «nerdete» sida av jobben, då, der alt skal klaffe heilt perfekt. Når ting fungerer akkurat slik ein hadde sett for seg, ja, då er det ein skikkeleg god dag på jobb.

– Det blir aldri kjedelig!

Det fine med jobben, i følge Per Egil, er variasjonen i arbeidskvardagen. På rehabiliteringsprosjekt kan han til og med kombinere fagkunnskapane sine frå tømrarutdanninga med elektrikerfaget.

– Det blir aldri kjedelig! Når ein jobbar med gamle hus må ein gjerne vere litt kreativ i løysingane, og det er spennande å bruke litt av alt ein kan.

Rom for utvikling

HAFS Elektro og Rør har også ei viktig rolle som lærebedrift, og Per Egil er engasjert i å følge opp lærlingar.

– Vi rekrutterer ofte frå lokalmiljøet, og det er stor sjanse for at dei blir verande dersom vi får dei godt integrerte. Vi har vore heldige med lærlingane våre, og dei tilfører mykje til arbeidsmiljøet, seier han.

Og sjølv om det kan vere hektisk, finn han alltid tid til å hjelpe dei.

– Respekt må gå begge vegar, det er sånn ein får gode medarbeidarar.

HAFS Elektro, lærebedrift, lærlingar

Under opplæring: Utplasseringselevar og lærlingar er viktige for HAFS Elektro og Rør

Er du opptatt av å klatre karrierestigen, er det gode moglegheiter for deg i HAFS Elektro og Rør. Bedrifta legg godt til rette for dei som vil vidareutdanne seg, anten det er innan automasjon eller meir tekniske retningar.

– Ein kollega starta som lærling, tok fagbrev, og held no fram på teknisk fagskule. Bedrifta har veldig gode ordningar for vidareutdanning, så her er det store moglegheiter å utvikle seg, fortel Per Egil.

Les: Øystein får betalt medan han utdannar seg

I bedrifta er det mykje ulik kompetanse. Per Egil understrekar viktigheten av at ein har folk rundt seg som ein føler ein kan spørje om noko ein lurer på, og at ein sjølv er open for å hjelpe når det trengst.

– Vi er ein god gjeng, og det er alltid god stemning på jobb. Ein kan seie det ein meiner, og det er stort sett mykje latter i kvardagen, fortel han.

Tillit gjennom heile bedrifta

I HAFS Elektro og Rør opplever Per Egil mykje friheit.

– Her styrer vi vår eigen kvardag i stor grad. Treng ein fri ein halv dag, så får ein det, så lenge ein løyser arbeidsoppgåvene på eit anna tidspunkt, seier han. Dette med friheit under ansvar er viktig for trivselen og balansen mellom jobb og fritid.

Folk stiller opp

– På små plassar som Hyllestad er det ikkje alltid så lett å skru heilt av, men det er fint å kjenne til folk og få hjelp om ein treng det, seier han.

Han fortel om ein gong han måtte rykke ut på julaftan medan ribba kokte fordi eit sikringsskap hadde gått varmt og det var fare for brann, men at det er ein del av sjarmen.

– Her kjem du til ein plass der folk bryr seg om kvarandre, og det er alltid nokon som stiller opp om noko skjer, avsluttar Per Egil og legg til:

– Og området byr på mange flotte turmoglegheiter – sjå berre på 71° nord for å få ein idé om alt ein kan oppleve her!

Om HAFS Elektro og Rør

HAFS Elektro og Rør er ei lokal og allsidig bedrift med omlag 45 tilsette, som stolt utdannar nye fagfolk gjennom sitt arbeid som lærebedrift. Med avdelingar i Gulen, Hyllestad og Solund tilbyr HAFS Elektro og Rør eit breitt spekter av tenester, inkludert elektroinstallasjon, røyrlegging, maritime installasjonar, automasjon og smarthusløysingar. Bedrifta er ISO-sertifisert innan både kvalitetsstyring (9001) og miljøstyring (14001), som understrekar deira høge standardar for kvalitet og berekraft.

HAFS Elektro og Rør har eit betalt samarbeid med Framtidsfylket og er ei av mange verksemder som ønsker å vise fram arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Les meir om våre tenester for bedrifter her.


Fleire saker