UWC RCN

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe på UWC

I Flekke i Fjaler finn du noko ganske unikt. Ein internasjonal skule ved fjorden som husar 200 elevar frå heile verda. Her jobbar ein for å foreine menneske, nasjonar og kulturar for fred og ei berekraftig framtid.

Kva er det mest spennande som skjer på UWC akkurat no?

Det må vere at det er eksamensperiode for elevane. Det betyr mykje tilrettelegging for å sørge for at alt blir gjennomført korrekt. Vi kjenner på ein spesiell stemning på campus, då dette også betyr at det snart er eit heilt kull som er ferdig og skal reise.

Samtidig som det er eksamenstid på campus, ser vi framover og jobbar med partnarane våre. I September skal vi lage til eit opplegg i Oslo saman med Nobels Fredssenter. Noble Peace Congress markerar avslutninga på feiringa av fjorårets fredsprisvinnar. Vi gler oss til programmet på dagtid, og på kvelden skal vi bidra i festivalprogrammet. Eit heilt årskull reiser, 100 stk, og fleire tilsette. Det blir veldig spennande!

Kva er det mest attraktive med å jobbe på UWC?

Eg tenkjer det er det unike miljøet vi har her. UWC er jo den mest internasjonale arbeidsplassen i Vestland! Alt som skjer i verda får vi ein miniversjon av her på Haugland.

Vi har 200 elevar frå 85 land og 70 tilsette med 26 nasjonalitetar som ein lærer noko nytt frå heile tida.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Her ønsker vi å vere ein lærande organisasjon og tilretteleggje for kurs og kompetanseheving.

Nemn tre små gode ting som gjer arbeidsdagen fin:

  • Kollegaer som bryr seg.
  • Elevar som sprer energi.
  • At ein kan bruke kompetansen sin lokalt.

Kva er UWC sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Det viktigaste vi gjer er å utdanne elevane til å bli bevisste medborgarar på det som gjeld klima og miljø. Miljø er ein av grunnpilarane til skulen. Vår største utfordring er at elevane kjem hit med fly, noko vi veit ikkje nødvenigvis er det beste for miljøet, men vi jobbar kontinuerleg for å bli betre.

UWC

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Hovudgrunnen for at eg jobbar her er at utdanning er eit gode ikkje alle har, så for mange elevar er dette deira moglegheit til høgare utdanning og eit liv som ikkje var gitt. UWC tar eit samfunnsansvar ved å gi desse moglegheitene til alle, uavhengig av nasjonalitet og økonomi.

Kor tid kokar det hos UWC?

Stort sett alle dagar året rundt. Det er alltid noko som skjer. Einaste tida på året vi er stengt er juleferien. Vi driv i tillegg datterselskapet vårt UWC Connect som tek imot 3000 gjestar kvart år på sommarleir og andre arrangement. Så her er det full rulle året rundt.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos dykk?

Det handlar mykje om motivasjon og at ein kan kjenne seg igjen i verdiane UWC står for. Det tenkjer vi er aller viktigast. Samtidig må det komme tydeleg fram at ein har lyst til å jobbe her og bidra til utvikling.

Kven set spor på intervju?

Igjen har eg lyst å seie dei som kjem inn og ein ser tydeleg at dette er ein person som har lyst å jobbe her. Samtidig legg vi merke til dei som er ærlege om kva dei kan og ikkje kan, slik at vi i lag kan skape gode forventingsavklaringar. Og ikkje minst at det må vere nokon som har interesse for å jobbe på internasjonal arbeidsplass.

Jobb hos UWC

UWC har eit betalt samarbeid med Framtidsfylket og er ei av mange verksemder som ønsker å vise fram arbeidslivet i Distrikts-Vestland. Les meir om våre tenester for bedrifter her.

Fleire saker