Lars Røyrhus

Trainee

Frå trainee til gründer – Data på ville vegar gav Lars ein idé

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Frida Pedersen Bekkestad

Då Lars var trainee, oppdaga han kor tungvint det var å få oversikt over reiselivsdata. No har han starta eiga bedrift for å løyse problemet sjølv.

Ein idé som forma seg i traineeåret

Lars Røyrhus (27) kjem frå Stranda og var trainee i Framtidsfylket i 2023/24. Som trainee jobba han med reiseliv og digitalisering i Vestland fylkeskommune, og gjennom det arbeidet såg han eit mønster:

– Det mangla tilgang på den innsikta ein treng for å ta viktige avgjerder og følge utviklinga i reiselivet. Problemet var eigentleg ikkje at dataen ikkje fanst, eller at folk ikkje forsto tala, men det mangla eit system som kunne hente ut og samle dataen, seier han.

Reiselivsdata er nemleg spreidd i mange ulike system, forklarer Lars. For å få oversikt måtte han leite i fleire dashboard, hoppe mellom ulike kjelder og til slutt lage si eiga samanstilling.

"Eg tenkte: Dette må det gå an å gjere noko med."

Lars Røyrhus

Lars var lei av tungvinte prosessar, og utvikla løysinga sjølv.

– Det tek tid. Og tid er ikkje akkurat noko ein har flust av i reiselivet, eller i arbeidslivet generelt. Veldig få har mange timar til overs til å grave i tal. Då tenkte eg at dette må det gå an å gjere noko med.

Det vart kimen til Byteform, eit sjølvbetent program som samlar reiselivsdata i éi plattform. Programmet hentar inn data frå ulike kjelder, og tilpassar innholdet til kvar enkelt brukar i form av grafar. Vidare kan fargar og form justerast på av brukar om ein ynskjer det. I framtida vil ein også kunne legge inn sine eigne data for å få analysert desse opp mot trendar, samt at ein kan sjå på moglegheiter for tilpassa prognosar.

Lars RØyrhus

Lars har tidlegare vore breførar i Jostedalen, og har såleis verkeleg førstehands erfaring frå reiselivet.

Sjølvlært utviklar

Korleis lærte du deg å gjere dette her? Hadde ikkje du ei teoretisk utdanning og jobba som sakshandsamar?

– Ja, det var det då, smiler han, og forklarer:

– Då eg gjekk siste året på masteren i innovasjon og marknadsføring, byrja eg å lære meg programmering på fritida. På den tida hadde eg ein litt teknisk deltidsjobb hos Rocketfarm som vekte interessa.

Hausten etter starta han som trainee, og samstundes bestemte han seg for å lære meir om programmering. Løysinga vart gratis kurs på nett.

Sjå nye traineestillingar!

– Eg fann ut at Harvard har gratis programmeringskurs som er veldig gode. Og du får diplom, seier han nøgd.

Lars fullførte kurset og kom ut med sin første eigenproduserte app.

– Det var ein app som visualiserte snøprofilen. Eit prosjekt laga av rein interesse, og ikkje noko eg skulle tene pengar på. Det var berre for gøy og for å lære å utvikle noko.

I løpet av traineeåret jobba han mykje med data og statistikk, og då vart det naturleg å ta i bruk programmering også i det arbeidet.

– Eg såg at fleire av verktøya vi brukte kunne få litt meir avansert funksjonalitet ved hjelp av programmering. Så eg lærte meg meir på eiga hand. Og eg fann vel ganske raskt ut at ein sakshandsamarjobb ikkje var heilt det eg ville, seier han med eit smil.

Lars røyrhus utviklar

Det går mykje tid til utvikling på fritida.

Lars Røyrhus

Her frå kontoret heime.

Traineeåret gav refleksjon

Han mimrar tilbake til ei spesiell traineesamling som bidrog til endringa:

– Eg hugsar vi skulle reflektere rundt fortid, notid og framtid. Då vi kom til framtid vart det klart for meg at eg eigentleg hadde to mål: Eg hadde lyst til starte eit eige selskap, og eg ville bli utviklar.

Og som sagt, så gjort. Kort tid etter traineeåret var begge måla nådde.

– Eg fekk jobb som utviklar i Nav Økonomiteneste, og eg hadde starta eige føretak basert på ideen min om å samle data til reiselivet. Så dei måla nådde eg ganske kjapt, då.

Han må le litt når han tenker på det.

– Det tok eitt år, det!

Lars Røyrhus

Auka scenetid: Den nye kvardagen inneber å presentere seg sjølv og løysinga for andre.

Fast jobb og eige selskap på sida

I dag jobbar Lars 100 prosent som utviklar i Nav Økonomiteneste og utviklar Byteform på sida. Sidan oppstarten har det gått slag i slag:

Han har delteke på Fjellpitch, Innovasjonsdagen i Sogn, fått hjelp frå Kunnskapsparken Vestland og støtte frå Innovasjon Noreg og Sparebanken Noreg. Han har óg inngått ei samarbeidsavtale med Visit Sognefjord, og snakkar jamleg med bedrifter som viser interesse for prosjektet.

– Eg har fått utruleg mykje hjelp. Her i Sogndal er folk tilgjengelege, og det er lett å kome i kontakt med folk som vil støtte deg.

Så ler han litt, før han legg til:

– Altså, det er mange i Sogndal som ikkje har peiling på kva eg driv med, men som støttar meg berre fordi eg gjer det frå Sogndal! Det er gull.

Lars Røyrhus

Lars feirar tilslag på finansiering frå Innovasjon Noreg saman med gode hjelparar frå Kunnskapsparken Vestland.

Trainee som kvalitetsstempel

Frå traineetida trekk Lars spesielt fram eit konkret verktøy som hjelper han i gründerkvardagen: presentasjonsteknikk.

– Kurset med Speaklab og boka vi fekk der er verdt si vekt i gull. Eg brukar det heile tida.

Vel så viktig var refleksjonen traineeprogrammet tvinga fram.

– Du lærer ekstremt mykje om deg sjølv. Styrkar, svakheiter, kva som gir energi og kva som tappar. Eg fann ut at å jobbe med programmering gir meg energi, noko som har endra karrierevegen min på kort tid. Det er vanskeleg å setje ein prislapp på det.

Han meiner også at traineeprogrammet har blitt eit kvalitetsstempel å ha på CV-en.

– Eg har aldri høyrt arbeidsgivarar snakke negativt om det. Det er nok ikkje berre ein mjuk start på arbeidslivet som freistar for dei som søker traineeprogrammet.

"Du lærer så ekstremt mykje om deg sjølv."

Lars Røyrhus

Lars var trainee i Framtidsfylket i 2023/24. Eitt år som bidrog til mykje refleksjon.

Draumen vidare

Kva er den store draumen?

– Nei, altså... tene tre millionar og jobbe ein dag i veka? Seier han spøkefullt.

– Hehe, neida. Eg trur ikkje eg hadde klart å jobbe berre ein dag i veka. Det hadde blitt for kjedeleg. Du ser jo plenty av folk som er millionærar, og dei sluttar ikkje å jobbe av den grunn, konstaterer han, før han konkluderer:

– Draumen må vere å skape ein ny arbeidsplass med eit kult, sosialt miljø. Eg har lyst til å vere den dummaste i rommet, omringa av flinke folk som vil noko.

Om Byteform blir selskapet han lukkast med veit han ikkje enno.

– Men om det ikkje blir denne gongen, har eg i alle fall endå betre føresetnadar for å lukkast neste gong. Det er uansett verdt det for alt du lærer undervegs.

Det høyrest ut som vi må ta eit oppfølgingsintervju om tre år?

– Ja, vi sjåast då!

Har du lyst til å starte arbeidslivet som trainee i Vestland? Vi lanserer stadig nye traineestillingar:

Sjå nye traineestillingar

Fleire saker