Sjukepleier Førde

Nyheiter

Fersk sjukepleiar som ønsker eit annleis år?

Er du utdanna sjukepleiar og ønsker å starte arbeidslivet med eit innhaldsrikt år som trainee i Vestland?

Då har vi eit forslag til deg: Bli trainee i Framtidsfylket Vestland!

Vi har to ledige sjukepleiarstillingar som inneheld mykje meir enn ein vanleg arbeidsdag. I tillegg til variert arbeid, der du får utforske sjukepleiaryrket og teste ulike retningar, blir du del av eit sosialt traineeprogram.

Saman med mellom 40-50 andre traineear, alle unge og nyutdanna, skal vi bli betre kjent med Vestland, dra på turar saman, utvikle oss både fagleg og personleg og få nye venner og nettverk. Dette blir året du aldri gløymer!

Les meir om kva ein trainee er her

Som traineesjukepleiar vil du møte varierte utfordringar, jobbe med ulike pasientgrupper og få brei erfaring. Kanskje blir dette året du finn ut kva retning du vil gå i?

Som trainee møter du utfordringar, men du får også god opplæring og støtte frå kollegaer, mentoren din og traineeprogrammet.

Interessant? Du kan søke på begge stillingane:

Søknadsfrist er 30. april 2023.

Sjå alle årets traineestillingar

Fleire saker