Trainee: Sjukepleiar Bilde

Er du utdanna sjukepleiar og ynskjer å starte arbeidslivet med eit innhaldsrikt år i Vestland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Sjukepleiar Sunnfjord kommune Sunnfjord Trainee
Sunnfjord kommune Logo

Sunnfjord kommune

Hafstadvegen 42, rådhuset
6802 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Aud Marie Åsen
+47 47634735

Søknadsfrist

30. april 2023

Du søker traineestilling hos Sunnfjord kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Som trainee hos oss får du utvikling, omsorg og moglegheit til å bli kjent med fleire delar av yrket.

Dette er arbeidsplassen for deg som ynskjer høg grad av fagleg utvikling og likar varierte oppgåver. Bemanningseininga i Sunnfjord kommune tilbyr 100 % stilling som sjukepleiar der du jobbar ved ulike einingar i omsorg ved kortare fråvær. Her får du spennande og varierte oppgåver, kompetanse og erfaring frå fleire felt innan sjukepleiaryrket, og mange kjekke kollegaer som vil ta deg godt i mot. Ettersom vi er ei ny eining kan du også vere med og utvikle eininga framover.

Du vil få god opplæring på kvar enkelt avdeling, delta på fagdagar og vere med og utarbeide eigen turnusplan. Vi gir også eit tillegg på kr 20 000 per år i full stilling for at du arbeider i bemanningseininga.

Slik vil du jobbe:

Stillingane er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg, og du får ein turnus som i stor grad vert tilpassa deg individuelt. Vi har også høgt fokus på helsefremjande arbeidstidsordningar. Du får velje tre einingar du ynskjer å arbeide hos. Det vil likevel bli moglegheit til å vere på dei andre einingane, dersom det er behov for deg der. Det kan også bli aktuelt å arbeide i lengre periodar ved ulike einingar.

Kven er du?

Vi er på jakt etter deg som er fagleg dyktig og trivast med utfordringar. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er fleksibel og kan arbeide godt både sjølvstendig og i team. Samstundes er du oppteken av å bidra til at vi som jobbar i lag har det fint i lag. Det er også eit stort pluss om du er kreativ og har evne til å tenke nytt.

Kvalifikasjonar:

Du må ha:

  • godkjent norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gyldig politiattest
  • beherske godt norsk, skriftleg og munnleg
  • gode datakunnskapar
  • førarkort klasse B

Spørsmål kan rettast til einingsleiar Aud Marie Åsen på aud.marie.asen@sunnfjord.kommune.no eller tlf +47 47634735.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no