Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Sjukepleiar | Helse Førde | Sunnfjord | Trainee |
Du søker traineestilling hos Helse Førde, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Bemanningssenteret i Helse Førde skal styrkast med fleire sjukepleiarar. Vi formidlar pleiepersonell til helseforetaket sine poliklinikkar og sengepostar innan både psykiatri og somatikk ved kortare og lengre fråvær.
Som trainee i Bemanningssenteret vil du arbeide med fleire avdelingar og ulike pasientgrupper, noko som vil gje deg ei unik moglegheit til å utvikle ei brei og allsidig fagkompetanse. Du vil få opplæring i 1-3 avdelingar som du skal jobbe på og tilgang på eit mangfald av kollegaer som vil hjelpe deg med å lukkast. Du vil få opplæring tilpassa dine behov og vere med på å utarbeide eigen turnusplan.
Vi tilbyr eit tillegg på kr 36.500,- som kompensasjon for tilsette i Bemanningssenteret.
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ynskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team og at du kan kommunisere godt med pasientar, pårørande og kollegaer. Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige for oss.
Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Du vil oppleve gode, mindre gode, tunge, fine, triste, morsomme, spennande, aktive, lærerike, frustrerande og innhaldsrike dagar. Det vi også kan love er at du vil oppleve dette omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Bemanningssenteret arrangerer fagdagar, og du vil kunne delta på dei ulike seksjonane sine møter og fagdagar.
Vi håpar å høyre frå deg!
Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Mette-Lise Sørland på Mette-lise.Sørland@helse-forde.no eller tlf 57831564 / 97052040 (91726175).
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.
Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no