
– Ting går veldig bra på verftet med fleire nye prosjekt, og vi treng fleire nye kollegaer, seier Jonas Holt. Vi har tatt ein prat med han om jobben som HR-koordinator i Tersan Havyard.
I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.
Namn: Jonas Holt
Utdanning: Litt forskjellig, men er snart ferdig med ein bachelor i leiing.
Yrke og arbeidsgivar: HR Coordinator i Tersan Havyard
Eg er ein person som likar at det skjer ting heile tida, så dei beste arbeidsdagane for meg er også dei mest hektiske. Sidan eg jobbar frå Bergen store delar av tida, blir dagane eg er på verftet i Leirvik ekstra kjekke.
Tersan Havyard har akkurat no to ledige traineestillingar. Sjå dei her.

Frå Leirvik til verda: Tersan Havyard byggjer og leverer skip til både den norske og den internasjonale marknaden.
Å ha gode kollega på arbeidsplassen er heilt avgjerande for trivsel, og eg er svært heldig med mine. Både dei eg delar kontor med i Bergen og alle i Leirvik. Det er godt humør og mykje god humor på jobb kvar dag, og alltid like hyggeleg å slå av ein prat. Det skal vere kjekt å komme på jobb, og det er det så absolutt i mi bedrift.
Eg er stolt over yrket mitt når eg ser at jobben eg gjer faktisk gjer ein forskjell for ein medarbeidar eller når vi har rekruttert flinke personar. Eg er også svært opptatt av at lærlingane våre skal føle seg trygge og sett på arbeidsplassen, og når eg ser desse trivst og blir ein del av gjengen, blir eg kanskje litt ekstra stolt over kva vi får til med lærlingane.
Oj, vanskeleg spørsmål. Eg er veldig glad i bil, så kanskje bilseljar.

Gode kollegaer er viktig for ein god arbeidsplass. Hos Tersan Havyard har du over 100 av dei.
Variert, utviklingsmoglegheiter og spennande.
Eg trur det er svært viktig at ein lærer seg å kople heilt av når ein reiser frå arbeidsplassen. Livet handlar om meir enn berre jobb, og det er viktig å ha energi til fritida si også.
Det kjem veldig an på kva møte det er, men eg kan nok ta ulike roller i eit møte. Som oftast er eg ein lyttar og kjem med innspel der eg har noko å bidra med. Andre gongar tar eg meir styring.

Det nyaste innanfor maritim teknologi vert nytta for å utvikle framtidas skip.
Vestland har eit hav av moglegheiter og spennande arbeidsplassar, og kanskje spesielt om ein ser til dei mindre stadane og bygdene i fylket. Her jobbar ein ofte i mindre miljø, tett på leiinga, og ein får ofte sjansen til å prøve seg innanfor fleire områder. Dette bidrar til at karrieremoglegheitene er større enn i dei store byane.
Her må eg trekke fram Bue Salmon som har satt i gang bygging av det som skal bli Noregs største landbaserte oppdrettsanlegg på Lutelandet i Fjaler kommune. Endeleg skjer det noko på Lutelandet som bidrar til fleire arbeidsplassar og som eg håpar og trur vil få ringverknadar for heile regionen.

Hos Bue Salmon på Lutelandet byggjer dei Noregs største landbaserte oppdrettsanlegg.
Ting går veldig bra på verftet med fleire nye prosjekt, og vi treng fleire nye kollega. Rekruttering av desse, i lag med å få inn fleire nye flinke lærlingar er det eg synst er mest spennande akkurat no.
Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Kombinasjon
Jobbe inne eller jobbe ute? Inne
Matpakke eller kjøpe lunsj? Matpakke
Ferie eller kvardag? Ferie, men ikkje for lenge vekke frå kvardagen
Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Begge
Starte tidleg eller gå heim seint? Starte tidleg
Leie eller bli leia? Eg er veldig nøgd med sjefen min, så må svare å bli leia. På sikt, leie sjølv.
Jonas har sjølv vore trainee i Framtidsfylket, og ser no etter to nye traineear til Tersan Havyard: