Vestland treng vei! Vil du jobbe med å drifte og byggje dei?

Skriven 19.12.2019 under Nyheiter

1. januar går startskuddet for Vestland fylkeskommune. Det gjeld også avdelinga for infrastruktur og vei i Vestland. No treng dei dyktige tilsette i fem nye stillingar. 

Ein tek ikkje for hardt i, om ein skildrar dei neste månadane som utruleg spennande for innbyggjarar og tilsette i Vestland fylkeskommune. Mellom anna skal fylket ta over alle oppgåver knytt til planlegging, bygging, drifting, vedlikehald og forvaltning av 5600 kilometer fylkesveg frå nyttår. Dermed er det sterkt behov for arbeidskraft.

 

Blanke ark

Då det er ei heilt ny avdeling som skal skipast, vil det bli lagt til rette for at dei tilsette skal få vera med å bygge den nye avdelinga og korleis vi skal utføre oppgåvene.– Dette er noko vi står fast ved, fortel Dina Lefdal, som er påtroppande fylkesdirektør for infrastruktur og veg. Ho legg til at avdelinga ikkje er skipa enda, og det vil derfor vere stort potensiale for å kunne legge heilt nye føringar og strategiar for arbeidet. 

 

Viktig samfunnsoppgåve

Det å byggje vei og bru, skin gjennom som ein fin metafor då Sogn og Fjordane og Hordaland slår seg saman. Set ein romantikken tilside, dukkar det opp reelle utfordringar og infrastrukturelle problem som må løysast i det nye fylket. Med krevande topografiske forutsetningar med vegetasjon, fjord og fjell, er det viktig med kloke hovud for å kunne gjere det lettare å ferdast i fylket.

 

Godt fagmiljø 

Med tung erfaring frå mellom anna Statens Vegvesen, er det mange dyktige menneske frå ei rekke fagområder som blir ein del av den nye avdelinga i fylkeskommunen. Her vil det vere moglegheiter til å nytte seg av sterk fagkompetanse frå kollegaer med same formål i arbeidet som deg sjølv: Vere med å sørge for sikker og trygg ferdsel langs vegane.

 

Eit fellestrekk for stillingane, er kva eigenskapar dei vil ha i dei eventuelt tilsette. Ifølge fylkeskommunen ønskjer dei personar som har gjennomføringsevne og gode forutsetningar til å samarbeide med andre. 

 

Her er stillingane:

 

 

Ikkje noko for deg? Sjekk resten av stillingane som ligg ute i jobbportalen vår HER.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.