– Smi medan jernet er varmt

Skriven 18.02.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, ønskjer seg fleire bedrifter inn i familien. Som eit ekstra lokkemiddel, kan ho vise til ei enorm synlegheit den siste tida.

– Vi i Framtidsfylket arbeidar kvar dag for at kvar bedrift skal få tak i den kompetansen dei trenger. Derfor håpar vi at alle som ønskjer synlegheit i arbeidsmarknaden tek kontakt, seier ho.

Svimlande tal

Med 2,7 millionar visningar den siste 1,5 månaden, meiner Linda at det er eit fantastisk tidspunkt for bedrifter å leggje ut stillingar og profilere seg mot arbeidsmarknaden i vår i portal.

– Vi følgjer ikkje berre med på kor synlege vi er gjennom annonsering og generell marknadsføring, men vi ser også kor trafikken kjem på nettsida vår. Og då er det ikkje tvil om at jobbportalen blir besøkt med jamne mellomrom, forklarar den daglege leiaren.

Skryter av bedriftene

Etter at karrieremessene til Framtidsfylket gjekk av stabelen i Trondheim og Bergen, er Linda full i lovord; først og fremst om bedriftene som deltok. 

– Sett i lys av fylkessammenslåinga, opplever vi at bedriftene er endå meir aktive i å marknadsføre seg på arbeidsmarknaden. Det er flott å sjå at dei er framoverretta og vil bruke omstillinga til noko positivt. Dette er nemlig heilt riktig tidspunkt for å fremme seg og si verksemd.

Vidare fortel ho at tilbakemeldingane etter messene har vore svært bra, spesielt godt var det å høyre at unge deltakarar likte måtene bedriftene presenterte seg på. 

– Dette lovar godt.

Ei oppklaring rundt synlegheit

For Linda handlar ikkje milliontala om Framtidsfylket sin eigen profilering.

– Dette er ikkje vår synlegheit, det er bedriftene sin. Gjennom arbeidet vi legg ned i marknadsføring, er det heile tida bedriftene og jobbsøkarar som er vårt målretta fokus. Som ein del av Framtidsfylket, vil bedriftene vere synlege gjennom heile året og ikkje berre når vi no er på vårt “heitaste”, fortel Linda.

Vidare kjem ho med ein siste oppfordring:

– Har du og di bedrift tilsette med rekrutteringshistorie, vil vi gjerne høyre frå deg.

Lag bedriftsprofil her.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.