Ny jobb til hausten?

Skriven 10.07.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Prosjektleiarar, mekanikar, jurist og trainee innan it, er noko av det bedriftene er på leit etter i denne (kalde) sommarmånaden.

Foto: Westcon

Westcon søkjer prosjektleiar

Søk leiarstilling i eit selskap som jobbar med framtidsretta løysingar innan det grøne skiftet. Du vil blant anna få overordna ansvar for gjennomføring av prosjekt, dagleg leiing av prosjektorganisasjon, oppfølging og rapportering på HMS og vere eit kontaktpunkt mot kunde.
Søknadsfrist 9. august

Brødrene Aa søkjer prosjektleiar 

Ja, du las riktig! Også i Hyen er det behov for fleire flinke leiarar.

Selskapet søkjer ein prosjektleiar, som saman med eit team av dyktige fagfolk, skal planlegge, leie og koordinere gjennomføring og leveranse av nybyggsprosjekt.

Om du er ein motor som blir driven av eit ynskje om å skape gode resultat, kan det vere nettopp du som får jobben. Men då må du søke innan fristen 7. august.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) søkjer jurist

Hos digitaliseringsdirektoratet får du jobbe med fornying av offentleg sektor. Digdir ser etter ein sjølvstendig og proaktiv kollega med interesse for digitalisering og erfaring frå eit eller fleire av fagområda dei jobbar med. Kompetanse innan it og jus vil bli vektlagt.
Søknadsfrist 10. august

Prisvinnande bedrift: I 2018 fekk Brødrene Aa tildelt prisen «Norwegian Tech Award Maritime» for skipet Future of the Fjords. Dei har også vunne Siva-prisen for sitt arbeid for eit grønare, smartare og meir nyskapande næringsliv. Foto: Brødrene Aa

Norsk Landbruksrådviging Vest søkjer byggingeniør

til hovudkontoret som er plassert på Sandane.

Ta fatt på ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver. Dei vil bestå av alt frå forprosjektering og kalkulering av alle typar landbruksbygg, tilstandsanalyse av eksisterande bygg, til prosjektleiing og byggeplassadministasjon, og mykje, mykje meir. Dei lovar stor grad av fleksibilitet og ansvar i jobben.
Søknadsfrist 15. august.

Ikkje nok med det!

Dei søkjer også etter rådgjevar i fruktdyrking

Ta del i den største einiga for fruktdyrking i heile landet! Kontoret er plassert i Sogndal, eller Saftbygda, om du vil.

Dei lovar varierte, utviklande og interessante arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med tru på fruktnæringa. Dyktige og positive medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, og stor grad av fleksibilitet.
Søknadsfrist 15. august.

Åsen og Øverlid søkjer industrimekanikar/anleggsmekanikar

Dei lovar eit godt arbeidsmiljø og varierte og spennande arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåvene består blant anna av reperasjon av elektroverky, service og vedlikehald av maskiner og utstyr og arbeidsbilar.
Søknadsfrist 17. juli

Sist, men ikkje minst:

Coast Seafood søkjer trainee innan it

–  Arbeidskvardagen min i Coast Seafood har verkeleg innfridd forventningane mine. Sidan eg starta i august i fjor har eg fått vere med på spennande prosjekt, og lært ein heil del om ein av dei største næringane i Norge, seier Håvard Midtun Stangeland (27).

No har han fått fast jobb i selskapet.

Les meir om Håvard Midtun Stangeland sine erfaringar frå året som trainee i Coast.

Om du vil ta over stafettpinnen som trainee i Coast, må du søke innan 15. august.

NB: Dei har løpande intervju, så det kan lønne seg å sende inn søknad så fort som mogleg.

Tidlegare trainee: Om det skulle vere nokon tvil – ja, eg vil definitivt anbefale eit år som trainee, seier Håvard Midtun Stangeland. Foto: Privat

Coast Seafood har også behov for Executive Assistant.

Vedkommande skal blant anna organisere administrasjonsarbeidet og halde CEO oppdatert over administrasjonen sine oppgåver, samt bidra til å organisere, følge opp og sørge for at oppgåver blir avslutta. Ein skal bidra i planlegging, bestilling og gjennomføring av møter, reiser, messer og anna nettverksbygging. Dei tilsette i selskapet lovar eit godt arbeidsmiljø, både i og utanom arbeidstid.
Søknadsfrist 15. august

 

Sjå alle stillingane som er lyst ut no

Delta i Framtidsfylkets sommarkonkurranse – du bestemmer premien!

 

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.