Martin Hellebostad Skjønhaug

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Master i kulturminneforvaltning frå NTNU i Trondheim.

Traineebedrift

Eg jobbar i nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen i Førde med nyare tids kulturminne. Der skal eg mellom anna arbeide med ulike prosjekt, som kulturminneplanar, regionalt viktige kulturminne og kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Eg skal også byrje med sakshandsaming, både når det gjeld freda bygningar og ikkje-freda bygningar. I tillegg vert det nok ein del synfaringar, noko som alltid er spennande.

Difor søkte eg på traineestillinga

Ein av grunnane til at eg valde å bli trainee var at det var viktig for meg å skaffe meg erfaring innan offentleg forvaltning, då det er det eg ynskjer å arbeide med i framtida. Ved å vere trainee får ein god innføring og oppfølging i dei arbeidsoppgåva ein skal utføre i jobben, noko ein kanskje ikkje ville ha fått viss ein starta rett i ein vanleg jobb. Dette er ein veldig god start på arbeidslivet, noko som eg ikkje hadde så mykje erfaring med før eg byrja. I tillegg har eg alltid hatt eit ynskje om å bu på Vestlandet, noko eg får moglegheit til å prøve no.

Eg vonar året byr på nye kjennskap, sosialt samvære med andre traineear, fagleg interessante arbeidsoppgåve og nettverksbygging. I tillegg gler eg meg til å lære meir om korleis ein arbeider med kulturminne i offentleg forvaltning og å bruke utdanninga aktivt i jobben.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Eg vonar karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane er lovande, då eg ynskjer å busetje meg her i framtida. Det verkar som fylket generelt ynskjer folk og arbeidskraft, og at ein er oppteken av at folk skal busetje seg her i Sogn og Fjordane. Eg ynskjer at dette året anten kan bidra til ei fast stilling eller at nye moglegheiter opnar seg opp. I tillegg hadde draumen vore å finne meg eit gammalt hus eller ein gard i fylket som eg kan fikse på og restaurere på fritida.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.