Itgruendervartbringebaerogalpakkabondeilaerdallarge461361 768x576

Karriereprat: IT-gründer vart bringebær- og alpakkabonde i Lærdal

Skriven 21.10.2014 under Karriereprat

Då Petter Andresen i 2006 såg ein Finn-annonse for eit gardstun i Lærdal gjekk det fort i svingane. Èin dag seinare var Oslo-mannen med gründerbakgrunn frå dot.com-bølgja på nittitalet brått vorten lærdøl.

(Foto: Jan Erik Kvåle, mediebruket.no)

FAKTA:Petter AndresenFødd i 1973, opprinneleg frå Oslo.

Etablert bringebærbonde på pakta grunn på garden Eri i Lærdal kommune.

Driv gardsdrift gjennom selskapet Frigard AS, og er engasjert i reiselivsutvikling gjennom Fjell og Fjordkompaniet AS.

Driv også Lærdal Ullcompagni AS i tillegg til fleire andre engasjement i næringslivet.Styreformann i Lærdal Næringssamskipnad.Styremedlem i Lærdal Grønt (leiar i bærutvalet).Styremedlem i Lærdal Næringsutvikling.

 

IT-gründer

På midten av nittitalet kasta Andresen og to kameratar seg ut i det. Dei etablerte selskapet Mediafront, den gongen eit pionèrselskap og ei nyskaping i reklamebransjen.Selskapet satsa stort på å verte ein leiande leverandør av digital kommunikasjon i dei nye kanalane, og lukkast godt med dette.Etter mange år med hardt arbeid som leiar i ei stadig veksande IT-bedrift selde Andresen seg ut av selskapet.- Eg var klar til å gå vidare, oppleve nye ting og iverksetje nye prosjekt, seier han.I tida etter Mediafront-perioden ville Petter oppleve verda med alle sine ulike kulturar. Det vart ei lang rundreise der han samla gode opplevingar og erfaringar til bruk vidare i livet.Etter dette gjekk ferda vidare til København og eit treårig studieopphald som skaffa han ei bachelorutdanning i sosialpedagogikk. Denne utdanninga har han brukt i arbeid med menneske i ulike livsutfordrande situasjonar.

Eit liv på landet – eit liv i Lærdal

– Eg visste at eg ville til denne delen av landet, så eg plukka meg ut området mellom Voss og Jotunheimen som det mest aktuelle. Drivkrafta var klar, eg jakta ein stad å leve ut eit liv der ein kan gripe mulegheitene som byr seg akkurat der, seier Petter.- Det handlar i stor grad om val av livsform og korleis eg vil leve livet mitt. Eit liv der ein utnyttar dei mulegheitene som måtte dukke opp.Og då han såg annonsen for det vesle gardstunet på Eri gard i Lærdal gjekk det fort i svingane.- Dagen etter drog eg med meg mor mi og sette kursen til lærdal for å gå på vising. Det enda med kjøp, og sidan den dagen har eg ikkje sett meg tilbake, seier Andresen.For i Lærdal har det flaska seg godt til for Petter, som fekk med seg to kameratar i prosjektet, eit prosjekt som har resultert i selskapet Frigard AS, oppattkalla etter Andresen si namnsetjing på gardstunet han kjøpte.

 

Heile garden teppelagt av bringebærbusker

Saman med kompanjongane sine kan han etter kvart titulere seg som ein av noregs største bringebærprodusentar, med ein budsjettert produksjon i år på nærare 70 tonn, med eit førtitalls plukkarar i sving i sesongen.Dei har no teke over det meste av den fruktbare jorda på garden Eri, i nært samarbeid med eigaren. Frigard forpaktar jorda og tek alle investeringane som skal til for å halde ein profesjonell produksjon i gang.- Då vi starta opp her hadde vi ingen ting. Ikkje noko utstyr, knapt med areal og heller ikkje særleg med kunnskapar. Men vi har vore lærevillege og hatt fleire gode hjelparar, seier han.Spesielt Knut Eltun har vore ein viktig støttespelar for Andresen og dei to kompanjongane.- Utan Knut hadde vi ikkje vore der vi er i dag. Han har vore ein fantastisk støttespelar. Få med deg at i alle innovasjons- og utviklingsprosjekt burde det vere ei mentorordning for dei som skal i gang med nye ting. Det burde vere obligatorisk, seier Andresen engasjert.Frå ei målsetting om å skape kvart sitt halve årsverk på drifta har dei no klare ambisjonar om å kunne sysselsette alle mann i fulle årsverk, og Andresen trur dei i løpet av 2015 vil produsere kring 100 tonn.- Heile produksjonen går no utelukkande til produktet «Lærdals Beste» som er nedfrosne bringebær i korger. Dette er noko marknaden vil ha, og oppgjort pris forsvarar meirarbeidet med innfrysing og pakking.

 

Reiselivsutvikling & Alpakka-oppdrett

Ein person som Petter Andresen vil alltid sjå etter mulegheiter og dermed ha mange jarn i elden. I tillegg til gardsdrifta har han difor engasjert seg i næringsverksemd retta mot reiselivet og aktivitets- og opplevingsturisme.- Lærdal har så uendeleg mykje å by på. Her er ei rik kulturhistorie som går tusenvis av år attende. Vi har rike moglegheiter til å drive eit aktivt friluftsliv i regionen her. Alt ligg rimeleg lett tilgjengeleg for dei som vil ta seg ut i det fri, seier han.Ein mann på jakt etter nye vinklar og spennande mulegheiter seier heller ikkje nei takk til å vurdere å nytte dyr frå den Sør-Amerikanske kamelfamilien til ullproduksjon. Kvifor ikkje, tenkte Andresen saman med dei to lærdølene Ola Geir Hunderi og Anders Voll Eltun, og skaffa seg åtte drektige Alpakka.-Alpakkaen produserer ull av høg kvalitet. Vårt hovudfokus no er oppdrett og sal av livdyr. Vi har starta opp Lærdal Ullcompagni, og ser lyst på framtida også når det gjeld evt. ullproduksjon, seier Petter.

Kommune på rett spor

Ein del av «greia» med å kome tilflyttande er å verte godt kjent med staden og lokalbefolkninga, og Andresen er ikkje i tvil om at dersom ein er villeg til å engasjere seg i folka og samfunnet rundt seg er vegen kort til eit godt liv som innbyggjar i Lærdal.Difor er Andresen er oppteken av å få fram alt det positive som skjer i Lærdal. Innbyggjarane og dei næringsdrivande har eit stort engasjement for å skape noko i lag.I kombinasjon med grepa som no vert tatt frå det politiske miljøet for å reise Lærdal opp som ein vital og framtidsretta kommune vil det vere gode tilhøve for dei som vil prøve lukka i Lærdal, meiner Andresen.

 

– Det har vel vore noko negativitet i lokalmedia siste åra, med sjukehusstrid og anna krangling, men dette trur eg er i ferd med å snu no. Utanfor fylket trur eg ikkje dette har vorte lagt merke til i det heile. Lærdal har til alle tider vore ei sterk merkevare, og dette vil berre forsterke seg i tida framover, meiner han.I tillegg til sine eigne forretningsmessige engasjement har han også engasjert seg i næringslivet sine eigne fora. Han er styreleiar i næringssamskipnaden og er styremedlem i Lærdal Grønt og Lærdal næringsutvikling. Ungkaren Andresen har difor nok å hengje fingrane i.Men kva med kjærleiken? Har han noko på gang der? Petter Andresen fekk i alle fall sjansen til å lokke til seg ei potensiell kone då han deltok i den populære TVNorge-serien «Gøy på landet».- Det var jo gøy, det. Men kvinna i mitt liv har eg ikkje funne enno, seier han.- Det er her eg bur. Og det er her eg skal bli.

(Foto: Jan Erik Kvåle, mediebruket.no)