Fredrik Røed

Skriven 08.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Eg heiter Fredrik Røed, er 23 år og kjem frå Solund i ytre Sogn. Då eg var 16 år flytta eg til Norheimsund kor eg gjekk tre år på idrettslinje på Framnes vgs. Vidare gjennomførte eg verneplikta i forsvaret før eg begynte på bachelorgrad i «Økonomi og Jus» på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. På fritida tar eg meg gjerne ei treningsøkt, ser ein fotballkamp eller tilbringar tid med venner og familie.

I kva bedrift er du tilsett?
Eg er trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane og har difor flytta til Førde der hovudkontoret til banken ligg. Som trainee i banken skal eg vere med på den daglege drifta av kundesenteret, i tillegg til å delta på ulike prosjekt og hospitere på andre avdelingar i banken.

Kvifor søkte du på traineestillinga?
Grunnen til at eg søkte på stillinga som trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane var i all hovudsak fordi eg hadde høyrt mykje bra om traineeprogrammet til Framtidsfylket. Som trainee i SSF får eg moglegheita til å bli kjent med organisasjonen som heilheit, samstundes som eg får utfordra og utvikla meg gjennom varierte arbeidsoppgåver. I tillegg til dette ser eg det som verdifullt å få moglegheita til å bli kjent med næringslivet i fylket gjennom samlingar kor sosialt samvær og eigenutvikling står fokus.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.