Mariehavnen 768x512

Yngste redaktør i Firda si historie

Skriven 27.03.2018 under Nyheiter

- Det er ein god signaleffekt at Firda vel å satse ungt. Det viser optimisme i kva Firda skal bli og vere framover, fortel Marie Havnen (30).

Mandag 5. mars kom nyheita om at ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal, takka for seg. Samtidig presenterte leiinga Marie Havnen som hans erstattar. Ei oppgåve ho vart tilbudt fire dagar tidlegare.

– Eg vart veldig overraska. Eg har alltid tenkt at det er rolle eg har lyst å prøve meg i, men at det ville skje no, hadde eg ikkje trudd. Det var eit stort steg å ta over ei helg, fortel Havnen.

Etter 3,5 time i samtale med styreleiar om utfordringar og mulegheiter, hadde Marie 12 timar til å bestemme seg for om ho ville takke ja eller ikkje til å vere konstituert redaktør.

– Den første eg ringte til, var mamma. Alle eg snakka med, sa det samme. Du må jo prøve. Eg konkluderte med det samme. Å vere konstituert er ein gylden mulegheit til å prøve meg i jobben, og sjå om eg passar til den, seier Havnen.

Med sine 30 år er Marie Havnen difor både den yngste redaktøren i Firda si historie, men også den første kvinnelege redaktøren.

Hard konkurranse
Havnen har ein bachelor i visuell kultur og mastergrad i medievitskap. Parallelt med studia jobba ho som fotojournalist og seinare redaktør i studentavisa Studvest, og som fotojournalist i BT. For åtte år sidan kom ho til Firda som sommarvikar. Men at Førde-jenta då skulle bli verande i heimbyen var ikkje sjølvsagt.

– Då eg var ferdig med å studere, tenkte eg at eg skulle ta ein sommar i Førde, før eg skulle attende til Bergen eller Oslo.  Eg skulle i alle fall ikkje bu i Førde, seier Havnen.

Men slik skulle det ikkje gå. I 2014 fekk ho tilbod om eit årsvikariat, som ho takka ja til.

– Eg følte vel at eg flytta heim fem år for tidleg. Ingen av venene mine hadde flytta heim. Det første halvåret eg budde i Førde, søkte eg på fleire jobbar i Bergen og Oslo, men det var enorm konkurranse. Marknaden var proppa med erfarne journalistar som hadde søkt sluttpakkar i NRK, BT og andre aviser som hadde nedskjæringar. Eg fekk ikkje eingong eit intervju. Samtidig får ein eit heilt anna ansvar her enn i byane. Folk er veldig opne for nye innspel, ein får testa seg tidleg, og eg opplever at meiningane mine vert høyrt, seier Havnen.

I 2016 fekk ho fast stilling i Firda.

– Det var stort. Fast stilling som journalist i avis. Det var ikkje kvardagskost, smiler Havnen.

Første kvinne på 100 år
I Firda har ho gått gradene frå journalist til frontsjef, og no redaktør. Ho var også med å starte opp FirdaUNG.

– Eg ville aldri fått ein slik mulegheit i Oslo eller Bergen, og eg synst det er spennande at Firda vågar å satse på oss unge. Det er korte avstandar mellom alle ledd i orgnanisasjonen, og ein får alltid teste seg på nye ting, seier Havnen.

At ho er den første kvinna på toppen, er stas.

– Firda er 100 år i år, så det er vel på tide at det er ei dame i redaktørstolen. Det er kjekt å vere den første. Utover det legg eg ikkje så mykje i det. Min tanke er vel at folk er folk, og eg håpar det er andre kvalitetar enn at eg er kvinne som har gjort at eg fekk dette tilbodet, seier Havnen.

Utfordrande bransje
Dei første 14 dagane i redaktørstolen har vore hektiske.

– Det er spennande å skulle jobbe med Firda på ein annan måte. Kvar er Firda i marknaden, kva er dei største utfordringane og korleis skal vi møte dei?

Ho har hatt møter med dei som jobbar med innhald i Amedia, tatt studieturar til Fredrikstad Blad og Ringblad for å lære. Sjå kva andre gjer som fungerer.

– Hovudutfordinga vår er å skaffe fleire digitale abonnentar. Vi må vere så viktige og lage så bra stoff at folk er villige til å betale for det. Vi er gode på nett, men vi har enno meir å gå på. No er målsetjinga å finne ut kvar vi skal gå, og legge ein plan for korleis vi skal komme dit, seier Havnen.

Satsar ungt
Om ei stund vert stillinga redaktørstillinga lyst ut permanent. Om ho skal søkje, er ikkje avgjort enno.

– Det er litt for tidleg å seie. Det skal eg bruka tida no til å finne ut, smiler Havnen.

For så langt har erfaringa vore god.

– Eg har utelukkande fått positive tilbakemeldingar. Det er klart at det er spesielt å plutseleg bli sjef til mine tidlegare sjefar, men erfaringa mi er at så lenge ein argumenterer sakleg og har ein tanke bak vala ein gjer, går det bra. Eg synst også det er ein god signaleffekt at Firda vel å satse ungt. Det viser optimisme i kva Firda skal bli og vere framover, seier Havnen.