Framtidsfylket Karrieremesser

Karrieremessene i Trondheim, Oslo og Bergen er blitt ein fast møteplass mellom næringslivet og potensielle tilflyttarar til Sogn og Fjordane. I 2018 hadde karrieremessene over 1200 besøkande, og vi håpar at minst like mange vil ta turen i år.

Karrieremessa i Oslo
Dato: 26. januar
Stad: Teknisk Museum

Karrieremessa i Trondheim
Dato: 31. januar kl 17-21
Stad: Scandic Lerkendal

Karrieremessa i Bergen
Dato: 13. februar kl 17-21
Stad: Grieghallen


Oppdatér profilen din!
I vekene før karrieremessene brukar mange bedrifter aktivt CV-databasen for å sjekke ut potensielle arbeidstakarar. Bedriftene også får tilgang til påmeldingslistene til messene. Det er difor særs lurt at du oppdaterer CV-en din og ikkje minst melder deg på karrieremessa du kjem på. På denne måten aukar du dine sjansar for at potensielle arbeidsgjevarar finn nettopp deg.

Møt traineebedrifter
Visste du at 11 av 27 av årets traineear møtte arbeidsgjevaren sin på karrieremessene? Messene er ein unik arena for å treffe bedriftene i ein uformell setting. Fleire av bedriftene tek også speedintervju der og då, for å danne seg eit inntrykk av potensielle arbeidstakarar.

Frå karrieremesse til fast jobb – NVE har tilsett fire personar på karrieremesser dei siste to åra! Les artikkelen her.

 

Under kan du sjå filmen om kvifor bedriftene kjem for å treffe nettopp deg!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.