Studentar i Bergen

Nyheiter

– Førde er ein plass du køyrer forbi

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

Det er på tide at bedriftene tenker meir mangfald når dei skal tilsette. Det var den klare utfordringa frå tre studentar på karrieremesse i Bergen.

Lyden av summing fyller Grieghallen, og frå dei nær 70 standane er det mange dialekter å spore.

På Enivest sin stand går det føre seg ein engasjert diskusjon på bergensk, nordnorsk, sognemål og sunnfjorddialekt. Tre studiekameratar frå ulike deler av landet har valt ein heilt spesiell strategi for å få i gang diskusjonar med bedriftene:

– Det er jo berre regn der!

– Førde er ein plass du køyrer forbi!

– Kva i alle dagar er det å gjere på i Sunnfjord? Sogn er mykje betre!

Enivest sin standhaldar er ikkje så opptatt av å tilbakevise mytane. Ho møter påstandane med eit smil og vil heller fortelje kva som er bra med Sunnfjord. Arbeidslivet der, til dømes. Men ho går gladeleg med på at livet i Sogn også er fint.

Provokasjon skapar innovasjon

Men kva er det eigentleg dei prøvar på, desse tre studentane som går rundt på Distrikts-Vestland si karrieremesse i Grieghallen og kastar om seg med påstandar?

– Vi vil utfordre for å skape diskusjon, seier dei nærmast i kor.

Angelica Remen (32) er frå Vesterålen, Espen Lerum Bondevik (22) frå Sogndal og Huy Le (32) frå Bergen. Alle tre studerer bachelor i Kreativitet, innovasjon og forretningsutvikling ved Høgskulen Kristiania i Bergen. Det var her dei vart kjende, og dei er samt einige om at det treårige studiet kan summerast opp med éi setning:

– Provokasjon skapar innovasjon.

Angelica utdjupar:

– Som tilsett skal du vere i stand til å reflektere kritisk rundt kreativitet. Når vi går rundt og er kritiske eller kjem med provoserande påstandar, set det i gang tankeprosessar hos folk. Det igjen kan skape utvikling og innovasjon, forklarar ho.

Framtidsfylket karrieremesse

Mange tok turen på Framtidsfylket karrieremesse i Bergen for å høyre om arbeidslivet i distriktet.

Etterlyser ei meir open haldning

Studievennene meiner at alle bedrifter bør ha minst éin i staben som er både kreativ og kritisk:

– Arbeidsgivarane bør tenke meir på mangfald når dei skal tilsette. Mange bedrifter har låst seg til kven dei ønsker å ha i bedrifta, og vil helst tilsetje folk som liknar seg sjølve. Det meiner vi skapar stagnasjon i bedrifta. Nye perspektiv og innfallsvinklar er avgjerande for utvikling, seier Espen.

Angelica har vore i kontakt med fleire bedrifter i Bergen, men får inntrykk av at ho ikkje har rett profil.

– Sjølv eg med to utdanningar, leiarerfaring og mange år i arbeidslivet blir ikkje vurdert. Eg har inntrykk av at bedriftene er meir opne i distriktet enn i byen, og at du fortare får meir ansvar og ei sentral rolle der, seier ho, og understrekar at ho for augeblikket har ein jobb, men ønsker å sjekke ut kva moglegheiter som er i distriktet.

Sjølv om dei er einige i at bedriftene i distriktet er hakket meir opne, ønsker dei likevel å utfordre dei:

– Du ikkje vere økonom for å drive med forretningsutvikling, seier dei med glimt i auget.

studenter karrieremesse

Meiningsfull jobb

Alle tre ser etter ein jobb med meining når dei går rundt på karrieremessa.

– Vi er så privilegerte i dag at vi kan sjå etter ein jobb med meining. Lønn er ikkje drivkrafta, men at du skapar verdi. Det beste med å jobbe i distriktet trur eg er graden av påverknad, meiner Huy og nemner både Osland Havbruk og Boliden som eksempel på interessante arbeidsgivarar.

– Eg må berre finne ei budeie først, ler bergensaren, og røper samtidig eigne fordommar mot distriktet.

Sogningen Espen er kjapp med å verkelegheitsorientere han.

– Sogndal er urban på sin måte, med nærheit til alt du treng, seier han entusiastisk og ramsar opp både friluftstilbod og kule arbeidsplassar han ønsker seg heim til. Men ikkje heilt enno:

– Først vil eg utforske litt. Eg likar å sjå etter moglegheiter for framtida, og aller helst ønsker eg å starte noko sjølv, seier den ambisiøse 22-åringen.

Ein påstand vi aldri har høyrt før

Og medan gjengen ruslar vidare for å snakke med fleire bedrifter, kjem Angelica med ein påstand vi som jobbar med rekruttering til Vestland aldri har høyrt før:

– Det er deilig med så mykje fint ver då. Grunn nok til å slå seg ned på Vestlandet, seier nordlendingen.

– Kva sa du?

– Prøv ein vinter i Nord-Norge du, ler ho og prisar seg lukkeleg over å sleppe å starte dagen med å måke tre meter snø av bilen.

Så har vi høyrt det også. Veret er også ein grunn til å flytte til Vestlandet.

Sjå ledige jobbar

Fleire saker