Karrieremesse

Nysgjerrig på arbeidslivet i Vestland?

13. februar kjem ivrige arbeidsgjevarar med ledige jobbar, traineestillingar og spennande prosjekt til Grieghallen for å møte deg!

✅ Bli kjend med bedrifter frå ulike bransjar i heile Vestland.

🚀 Dørene opnar 14:30 og det blir gratis mat og drikke frå 15:00-18:00.

I løpet av messa er det mogleg å delta på 30 minuttars seminar med ulike tema, her melder du deg på det du vil gå på:

15:00 - 15:30 // Morgondagens helsearbeidar 🔬
– Kva skjer innan helseinnovasjon i distriket?

16:00 - 16:30 // Grøn omstilling ⚡️
– Er Vestland ei ledestjerne eller sit vi på gjerde?

17:00 - 17:30 // Marin og maritim næring 🐟
– Korleis kan samarbeid være løysinga på eit bærekraftig havrom?


☕️ Møt bedrifter på stand, et svele, ta deg ein tur i karrierekafeen og finn deg ein jobb.
Alt er gratis – dagen er din.

Velkommen til karrieremesse!

karrieremesse
Level up

👾 Konkurranse 👾

Vinn alt frå festivalbillettar til brevandring og hotellopphold i vår engasjerande og gøye konkurranse Level Up! Løys oppgåver – få lodd. Første level er opna allereie, bli med!