Framtidsfylket trainee på Svalbard

Nyheiter

Reisebrev: Traineesamling 78 grader nord

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: John Eirik Anfinsen

Råskapen i naturen, dyrelivet og livsstilen på Svalbard er forlokkande for mange, og vi var faktisk litt usikre på om alle traineane ville bli med på returen.

Allereie første dagen fekk vi oppleve eit snev av råskapen Svalbard-naturen har å by på. Vi fekk servert både vind og bølger på båtturen frå Longyearbyen og over til den russiske gruvebyen, Barentsburg. Heldigvis visste mannskapet råd, og dei fleste takka ja til sjøsjuketablett allereie før avgang. Vi hadde med oss ein flink guide på turen, og han løfta stemninga med kjente og mindre kjente historier om folk som har fått oppleve Svalbard-naturen tett på kroppen. For mange av traineane var det historia om Frost som festa seg best. Frost er ei isbjørnbinne som årleg ruslar seg ein tur innom Longyearbyen. Ofte med ein isbjørnunge på slep. Heldigvis har dei sporing på ho, så dei veit når dei får besøk..

Esmarkbreen

Første stopp for turen var Esmarkbreen. Kikkerten vart flittig brukt i håp om å sjå ville dyr. Dessverre var det berre fuglane som ville vise seg, sjølv om enkelte av traineane hevda at dei såg isbjørn..

Esmarkbreen

Kontrastbyen

Det er ei spesiell oppleving å vere i Barentsburg. Ein startar med å gå opp 365 trappetrinn frå kaia. Eigentleg ganske greitt, så får ein litt varme i seg etter ein kjøleg båttur. For då vi nærma oss land, sto omtrent alle traineane ute på dekk og speida etter den litt rare byen vi stadig kom nærmare.

Barentsburg
Barentsburg

På toppen av trappetrinna kjem ein blant anna til ein slitt barnehage- og skulebygning som husar heile 60 barn. Dei har svømmehall, kino, pub og butikk. Ja, faktisk det meste ein typisk by har å by på. Men Barentsburg er ikkje ein typisk by. Byen er eigd av Russland, men dei fleste som bur der kjem frå Ukraina. Den russiske guiden vår kan fortelje at det er vanskeleg å forstå det som skjer i Ukraina no, og at dei kjenner seg meir knytt til ukrainarane dei deler kvardagen i Barentsburg med, enn med russarane som krigar og herjar i nabolandet.

Studentliv på Svalbard

Dag to starta med eit foredrag av Eva Therese Jenssen frå Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Her fekk vi eit innblikk i kva fag ein kan studere, og kva studentane får vere med på der oppe. Feltarbeid er eit viktig stikkord. Studentar som søker seg dit må gjennom eit langt sikkerheitskurs. Dag 1: Lære alle måtar Svalbard kan ta livet av deg på (og det er ikkje reint få). Ho meiner det er viktig å jekke studentane litt ned. Studentane er ein viktig del av Svalbard-samfunnet, og dei blir godt tatt vare på. Det skal også nemnast at det er eit ekstremt internasjonalt miljø, og det aller meste føregår på engelsk.

Hilde Fålun Strøm i Hearts In The Ice
Framtidsfylket trainee på Svalbard

140 kilometer vekke frå sivilisasjonen

I ei uisolert fangsthytte overvintra Hilde Fålun Strøm og Sunniva Sørby i heile sju månadar. Utan straum, utan innlagt vatn og utan menn. Dei skreiv historie.

Å få høyre Hilde fortelje om denne opplevinga, vekte noko i oss alle. Det var mørketid store deler av opphaldet. Dei var langt frå folk og kunne ikkje få besøk. Det var berre isbjørn, som bokstaveleg talt, banka på døra. Det er lett å forstå at dette var hardt både fysisk og psykisk. Så kvifor gjorde dei det? Jo, for klimaet. Dei observerte og samla inn data som har blitt brukt til klimaforsking. I ettertid har dei også reist rundt for å fortelje om opplevinga deira, for å skape engasjement rundt klima og sårbar natur.

Saman har dei starta føretaket «Hearts in the ice». Med historia si, og engasjementet dei har for klimakampen, traff dei i alle fall oss midt i hjertet.

KSAT på Svalbard
Traineekullet på besøk hos KSAT

På nett med NASA

Når ein kjem med fly til Svalbard kan ein skimte nokre kvite rundingar på toppen av eit fjell. Der høyrer Kongsberg Satellite services (KSAT) til. Rundingane ein ser er satellitt-radomar. Dette er faktisk verdas største bakkestasjon for satellitt, og det er ikkje tilfeldig plassering. Svalbard er faktisk den einaste plassen i verda der data frå satellittane kan hentast ned heile fjorten gonger i døgnet. Sjølv om Svalbard på mange måtar verkar som ein aude plass, sørger KSAT for at dei har den beste internettdekninga som finst.

Snøscootersafari Longyearbyen til Tellbreen
Snøscootersafari Longyearbyen til Tellbreen

I full fart mot horisonten

Scooter er eit viktig framkomstmiddel på Svalbard, og vi måtte sjølvsagt teste. Etter ei kort innføring i skikk og bruk, hadde dei fleste overtenning på å komme i gong.

På rekke og rad køyrte traineane mellom kvitkledde fjell frå Longyearbyen, gjennom Adventdalen og fram til Tellbreen. Nokre av Svalbardreinsdyra lurte litt på oss, men dei fleste løfta knapt blikket. Ved Tellbreen blei gruppa delt i to. Halvparten blei servert ekte ekspedisjonsmat; varm solbærtoddy og Real Turmat, medan resten av gruppa fekk utlevert hovudlykt, og gjorde seg klar til isgrottevandring. Ei unik oppleving!

På innsida av Tellbreen

Hund er betre enn katt

I alle fall på Svalbard. Det er faktisk ikkje lov å ha katt der. Hund, derimot, har dei fleste husstandane. Som oftast husky. Den aktive hunderasen passar perfekt til hundekøyring, som isbjørnvakt og turvenn. I tillegg har dei tjukk pels, som sjølvsagt er ideelt når ein skal bu i Arktis.

Svalbar og Svalbad

I løpet av opphaldet var det fleire som tok seg ein dukkert i det 4 grader varme (?) vatnet. Det blei nokre turar innom den lokale puben, Svalbar. Mange reiste på hundekøyring, besøkte husky-kafeen og rett og slett levde Svalbard-livet. Vi lærte om korleis klimaet har endra seg, og kva det har å seie for dyra og plankton som bur over og under vatn på Svalbard. Om Svalbardtraktaten og korleis Norge og andre land må forhalde seg til den. Vi lærte at ein verken kan døy eller bli født på øya. Om utfordringane Svalbard har med å kutte kull som energikjelde. Vi lærte å kle oss godt, og vi lærte å sette sjøbein.

Framtidsfylket trainee

Vi snakkar ofte om at Vestlandet har rå natur. Vel, Svalbard går oss ein høg gang. Når dei i tillegg kan lokke med midnattssol, isbjørn og eit lys som berre må opplevast, seier vi oss heldige som fekk med alle i traineekullet heim igjen.

Traineekullet 2021/22

Fleire saker