Trainee Framtidsfylket

Trainee

Her er årets traineear i Sogn

I Sogn finn vi i år seks traineear fordelt på fire bedrifter. Bli betre kjend med dei her.

Jonas

Jonas forventar ein lærerik start på arbeidslivet på HVL

Jonas Hjelle van Weert er 23 år, frå Ålesund og har bachelor i informasjonsteknologi frå Høgskulen på Vestlandet. No er han tilsett som trainee ved HVL i Sogndal, der han skal jobbe med digitalisering og robotisering innan økonomifunksjonar.

Er du vår neste traineebedrift i Sogn? Les meir om traineeprogrammet her.

– Eg ser fram til å ta fatt på nye og utfordrande oppgåver, og akkurat det var ein viktig grunn til at eg søkte: å jobbe med tema som eg før ikkje hadde vore borti. Det var også eit stort pluss at stillinga ligg i Sogn.

Jonas forventar ein lærerik og gøy start på arbeidslivet, å bli kjent med andre traineear og få nyttige tips omå vere ny i jobb.

Funfact: Jonas kan bevege på øyra. Prøv det du då!

Elisabet

Elisabet vil utvikle Sogndal kommune

Elisabet Orrestad Nilsen (28) kjem frå Leikanger, har ein master i samfunnsøkonomi og er trainee i Sogndal kommune. Grunnen til at ho søkte traineestillinga, var at ho ønsker å vere med på å utvikle ein ny og spennande storkommune i kraftig vekst, og framover skal ho jobbe med innovasjon og utvikling.

– I løpet av traineeåret forventar eg fagleg og personleg utvikling gjennom lærerike og kjekke traineesamlingar og jobben i Sogndal kommune, samt eit godt innsyn i næringslivet i Vestland.

Ingrid

Kjem frå NTNUs entreprenørskule

Ingrid Annette Kristiansen (30) frå Stavanger er også trainee i Sogndal kommune. Ho har utdanning innan forretningsutvikling frå NTNUs entreprenørskule og synest det er spennande å få jobbe i ein kommune i vekst med mange spennande prosjekt på gang.

– Det som appellerte med traineestillinga var å få ta del i samspelet mellom folkevalde, innbyggarar, frivillige og næringslivet. No ser eg fram til eit år med bratt læringskurve med mange spennande oppgåver og eg håpar traineeprogrammet vil gi meg eit godt nettverk.

Ingeborg

Rykte om eit godt arbeidsmiljø hjelpte på

Ingeborg Klokkersund Djupevåg (27) frå Bergen er trainee i Vestland fylkeskommune og har ei brei og solid utdanning. Ho har bachelor i sosialantropologi frå UiB, eit årsstudium i praktisk pedagogisk utdanning (PPU), endå eit årsstudium i engelsk litteratur, kultur og historie, og nyleg ei mastergrad i Climate Change Management frå Høgskulen på Vestlandet.

– Eg ville jobbe i Vestland Fylkeskommune fordi traineestillinga var midt i blinken for utdanninga og interessa mi for klima og miljø. Eg får bidra til ei bærekraftig utvikling i Vestland og innblikk i regionalt og kommunalt klima- og miljøarbeid.

Fylkeskommunens plassering på Leikanger var også ein stor faktor for at ho ville jobbe hos dei, ettersom ho ønska å bli buande i Sogndal etter studiar. På Leikanger har ho nydeleg utsikt frå kontoret og eit eldorado for friluftsliv. Rykte om eit godt arbeidsmiljø hjelpte også på.

– Det kan vere utfordrande å vere ny og utan arbeidserfaring, og eg håpar at traineeåret blir ein bra start på yrkeslivet, med litt ekstra rettleiing og støtte.

Ho har også forventningar om eit utruleg kjekt år med mange nye kjennskap og kontaktar rundt om i Vestland.

Funfact: Ingeborg har ein eksepsjonell luktesans. Om du lurer på om du har fuktskader på badet, gi ho ein lyd.

Hilde

Hilde vil jobbe med natur og samfunn

Hilde Solend Vindedal (28) frå Bergen har ein master i naturforvaltning frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og er trainee i Vestland fylkeskommune.

– Vestland fylkeskommune verka som ein god arbeidsplass der eg kunne lære mykje og jobbe med interessante oppgåver, som natur og samfunn. Eg håpar det blir eit kjekt og lærerikt år, og at eg kan ha ei fagleg utvikling.

Ho ser frem til å bli betre kjent med dei andre traineeane og næringslivet i regionen.

Funfact: Hilde er glad i havet, og likar å drive med ulike vannaktivitetar som padling og fridykking. I år har ho eit mål om å begynne med heilårsbading.

Tor

Sommarjobb gav godt inntrykk av Bystøl

Tor Briseid Tjugum (25) kjem frå Balestrand og har master i Bygg- og miljøteknikk frå NTNU i Trondheim. Han er trainee i Bystøl AS.

Tor fekk eit godt inntrykk av bedrifta og dei tilsette då han hadde sommarjobb der i 2020, og søkte derfor på traineestillinga til Bystøl. Han meinte dei hadde mange spennande prosjekt som passa utdanninga hans og såg på traineestillinga som ei moglegheit for å få nytta kunnskapane han hadde tileigna seg gjennom studiar og utfordre seg på andre felt.

Tor ser fram til eit år med både nye kontaktar og erfaringar, og gjennom traineesamlingane sitte igjen med mykje kunnskap reint fagleg, men også at det vil bli kjekke sosiale samlingar der han kan utvide nettverket sitt.

– Eg er også spent på å få vite meir om kva som rører seg i bedriftene her på Vestlandet. Alt i alt tykkjer eg dette er spennande og eg gler meg til å kome i gong!

Funfact: Tor har loggført tre flytimar i småfly.

Hald deg oppdatert om neste års traineeprogram og meld deg på nyheitsbrevet vårt:

Påmelding nyheitsbrev