Trainee Framtidsfylket

Trainee

Her er årets traineear i Florø, Nordfjord og Odda

I del tre kan du bli betre kjend med traineeane i Florø, Nordfjord og Odda.

Magnus

Magnus i Evoy tok namnet etter norsk verdsmeister – gjett kven!

Magnus Zaza er 27 år, kjem opphaveleg frå Syria og er trainee i Evoy. Han er utdanna både elkraft-ingeniør og automasjonsingeniør, og søkte seg til Evoy fordi han ville vere del av eit selskap som skaper ein ny veg for elektriske båtar.

– I traineeåret har eg mål om å vere ein god ressurs for bedrifta, bli kjent med andre traineear og ha det gøy.

Funfact: Han valde Magnus som namn då han kom til Noreg fordi han likar å spele sjakk 😁

Ingeling

Ingelin vil ut av komfortsona og søker nye utfordringar i Fjord1

Ingelin Steen (27)kjem frå Hardanger og har ein bachelor i økonomi og administrasjon frå BI Bergen og rekneskapsutdanning frå BI nettstudium Oslo. Ho er trainee i Fjord1 og søkte seg dit fordi det er eit stort, spennande og miljøvenleg selskap. Det var også eit pluss at administrerande direktør er frå Hardanger!

– I løpet av traineeåret ønsker eg å utfordre meg sjølv, komme meg ut av komfortsona, lære og erfare mykje om rekneskap og få større nettverk i arbeidslivet. Og sjølvsagt ha det gøy!

Funfact: Ingelin er den aller første høyrselhemma med bachelorgrad frå BI Bergen.

Pavit

Pavithira likar at Fjord1 tenker grønt på framtida

Pavithira (23) frå Florø har bachelor i økonomi og administrasjon frå Oslo Met og er trainee i Fjord1. Grunnen til at ho søkte seg dit, var at ho likte at Fjord1 tenker på framtida og er godt i gang med det grøne skiftet.

– Det er noko eg synest er viktig, samtidig som eg har inntrykk av at det er ein attraktiv arbeidsplass med dyktige fagpersonar.

Forventingane til traineeåret er mange. Ho håpar på å bli kjent med nye menneske og skape nye nettverk.

– Eg ønsker også å gjere ein forskjell for bedrifta, anten ved å tilføre noko nytt eller forbetre noko som allereie finnast.

Elles håpar Pavithira at det blir eit lærerikt år med mykje kunnskap å ta med seg vidare.

Kristin

Kristin forventar spennande utfordringar i SFE

Kristin (28) frå Osterøy har ein M.Sc (master of science) i Governance of Sustainability og er trainee I Sogn og Fjordane Energi (SFE). Ho ville vere trainee i SFE fordi ho såg på dei som ei interessant bedrift med stort fokus på berekraft.

– Som trainee forventar eg mange spennande utfordringar, ei bratt læringskurve og relevant erfaring.

Funfact: Kristin har vore over 90 timer under vatn.

Fride

Ville jobbe i ei bedrift som betyr mykje for Florø

Fride Teigene Kittang (23) kjem frå Florø og er trainee på Saga Fjordbase. Ho har bachelor i økonomi og administrasjon med fordjuping i forretningsutvikling og digitalisering, og søkte seg til Saga Fjordbase for å jobbe i ein spennande bransje og i ei bedrift som betyr mykje for florøsamfunnet.

– Eg ser fram til å lære meir om både bransjen og bedrifta, og ser på det å vere trainee i Framtidsfylket som ein fin sjanse til å bli kjent med andre som er ny i arbeidslivet og i same situasjon som meg sjølv.

Astrid

Stort pluss at SFE er tett på friluftslivet!

Astrid Myren (26) frå Sotra har bachelor i energi- og miljøfysikk frå NMBU og master i energi frå UiB. Ho er trainee i Sogn og Fjordane Energi og søkte seg dit fordi ho ville arbeide med fornybar energi og bli kjent med kraftbransjen.

– I tillegg er eg veldig glad i friluftsliv, og då var det eit stort pluss at SFE held til på Sandane. I løpet av traineeåret forventar eg å lære mykje nytt og samstundes bruke det eg har lært gjennom studia.

No ser ho fram til eit kjekt traineeår og å bli kjend med mange flotte folk.

Funfact: Astrid elskar koriander!

Emilie

Emilie er lektor og jobbar i sjømatselskap

Emilie Torheim Andal (26) frå Måløy er lektor i matematikk og trainee i Coast Seafood. Ho søkte seg dit fordi dei tilbydde spennande arbeidsoppgåver som krev høgt tempo.

– I traineeåret får eg sjansen til å arbeide i et selskap som eksporterer laks i heile verda, med hovudkontor i heimbyen min Måløy. Eg forventar også at eg skal eg arbeide med relasjonsbygging og bli kjent med andre unge i Framtidsfylket sitt traineeprogram.

Funfact: Emilie er pro ananas på pizza.

Anurathan

Hadde planar om storbyen – ville heller til Måløy

Anurathan Velalakan (24) frå Stryn er utdanna samfunnsøkonom frå UiB og trainee i Coast Seafood AS. Han hadde eigentleg planar om å jobbe i Bergen eller Oslo, men når traineestillinga i Coast dukka opp, var det ein sjanse han måtte ta.

– Det å vere ein del av kjernen i selskapet og kunne lære frå dyktige menneske var det som trakk meg til Måløy. Det blir spennande å jobbe i administrasjonen og lære meir om korleis eit selskap som gjer det så bra blir drifta.

Han gler seg til å bli kjent med nye menneske, kule opplevingar og å utvikle seg som person.

Funfact: Anurathan likar å sitte i skuggen når alle andre ligg i sola.

Julie

Julie fann ønska arbeidsgivar på traineelista

Julie Rushfeldt (27) frå Nesna er utdanna prosessingeniør og trainee i TiZir Titanium & Iron AS i Odda.

– Då eg begynte å tenke på kva master eg skulle velje for 2-3 år sidan, lagde eg ei oversikt som skulle hjelpe meg å velje studie. Eg lista opp dei bedriftene eg drømte om å jobbe for ein gang i framtida, og Tizir var på den lista fordi det er ei tradisjonsrik og innovativ bedrift med store ambisjonar for ei meir miljøvenleg framtid.

Ho forventar å lære mykje i løpet av traineeåret og få verdifull erfaring på jobb. Samt jobbe saman med ein heil gjeng flotte kollegaer. Ho ser også fram til å bli utfordra av dei andre traineeane og ha flotte opplevingar saman med dei gjennom hele året.

Funfact: For å kunne bu i Odda måtte Julie kjøpe sin aller første bil. Ho er ikkje ein erfaren sjåfør og det har blitt mange stygge parkeringsforsøk utanfor Tizir sitt område.

– Eg reknar med å meistre bilkøyring i løpet av året, men ein av operatørane eg jobbar med har tilbydd at om eg parkerer alt for skeivt kan eg la nøkkelen stå i, og så skal han rette den opp for meg før arbeidsdagen er over.

Emilie

Emilie meiner Coast er beste lærebedrifta for innkjøp av fisk

Emilie Stave Kristiansen (23) frå Volda er trainee i Coast Seafood. Ho har ein bachelor i Shipping Management frå NTNU Ålesund, og hadde høyrt mykje positivt om sjømatselskapet då ho søkte traineestillinga deira.

– Eg har høyrt mykje positivt om Coast frå før og fekk eit veldig godt inntrykk under intervjuprosessen. Det er ei bedrift som er vant med å ta inn nye og unge tilsette, som gjer at det kjennest veldig trygt og ikkje minst profesjonelt. Coast har også eit godt rykte i nærområdet, og er heilt klart den beste bedrifta ein kan velje når ein skal bli god i innkjøp av fisk.

Emilie forventar ei bratt læringskurve i løpet av året, samt å bli utfordra og å forlate komfortsona.

– Men også at det skal bli eit kjekt og sosialt år der eg får treffe mange nye folk og oppleve mykje spennande.

Hald deg oppdatert om neste års traineeprogram og meld deg på nyheitsbrevet vårt:

Påmelding nyheitsbrev