Feigum Veidekke

Nyheiter

Eit steikje fint år

Tekst: Lisbeth Bringebøen

Foto: Privat

– Eg lærte mykje som trainee, spesielt kva som skal til for å få ein god start på arbeidslivet. Bevisstgjeringa fekk eg i Lerum.

Det er skikkeleg kjekt å høyre frå dei tidlegare traineeane våre. Kva gjer dei no, kva hugsar dei frå traineetida, og kanskje har dei gode tips til studentar eller ferske traineear på lur?

– No prøvar eg å ta med meg lærdommen i møte med nye tilsette, lærlingar eller studentar som er innom oss for å skrive bachelor-, master- eller prosjektoppgåve, seier Helge-Øystein Feigum, som no jobbar i Veidekke.

Han har dei tre siste åra vore tilsett i Veidekke, men har óg vore innom Sogndal kommune i løpet av arbeidslivet. Det er nokre år sidan traineetida i 2010/2011 hos Lerum, men han hugsar den godt.

– Det var fint i Lerum, med rom for å prøve. Eg fekk blant anna vere med og utvikle og implementere ny programvare, og eg treivst utruleg godt.

Helge-Øystein er utdanna industriingeniør frå Høgskulen i Bergen (no HVL). Bacheloroppgåva i produksjonsteknikk skreiv han for Lerum, og han vart tilsett i ei prosjektstilling for å implementere funna han fann.

– Der kartla eg produksjonseffektivitet og gjorde tiltak for å betra effektivitet, fortel han.

Frå prosjektstilling til leiargruppa i Lerum

Etter omlag to år som trainee og i prosjektstilling i Lerum, og etter kvart med små born heime, søkte han tryggleiken i ei fast stilling. Det fekk han i Sogndal kommune som driftsingeniør. Der hadde han ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkar og parkeringsordninga.

– Då det opna seg ei fast stilling som verkstadleiar hos Lerum, var eg likevel rask til å søkje meg attende.

Denne gongen vart han verande i Lerum i overkant av seks år, og gjekk gradene til han vart avdelingsleiar på teknisk avdeling og del av leiargruppa til Lerum.

Prosjekteringsleiar for Lerum Brygge

– Då Veidekke bygde ny fabrikk for syltetøyproduksjon på Kaupanger, vart eg freista av ei stilling i Veidekke, fortel Helge-Øystein.

Veidekke tel omlag 8000 tilsette, og det er mykje kunnskap å hente blant dei tilsette.

– Alle har noko å læra av kvarandre! Som prosjekteringsleiar har eg ansvar for at teikningane av bygget er klare før arbeidet startar. Ulike ingeniørar skal koordinerast, som bygg, elektro, røyr, ventilasjon og fleire. Ofte er det éin person for kvart fag. Vidare skal dette koordinerast med produksjon på byggeplass og med innkjøp.

Jobben er likevel ikkje over sjølv om bygginga startar.

– Nei, absolutt ikkje. Det dukkar opp både eitt og hitt i byggjeprosessen. No i koronatida har det vore ei viss prisstigning på råvarer i byggjebransjen i tillegg til utfordringar med leveranse. Det er mange detaljar som skal avklarast for at produksjonen skal gå effektivt. Då er det godt eg er komen på eit godt lag, med lagkameratar med ulik kompetanse, smiler han.

La du merke til fotballsjargongen? Han er ikkje tilfeldig. Helge Øystein har sjølv spelt fotball i mange år, og er no trenar for eldste sonen på 4. året.

Kaupanger familieliv

Familielivet i Kaupanger er godt. Her saman med kona Kristine og dei tre borna deira.

Aktiv, travel og fin kvardag

Helge-Øystein bur på Kaupanger med kone og tre born.

– Vi trivst her. Det er travle, men fine kvardagar. Kristine, kona mi, arbeider som avdelingsleiar hos Sogneprodukt, og vi er begge aktive i lokalsamfunnet og ønsker å bidra til at Kaupanger er ein god plass for borna våre å vekse opp. Fritida brukar vi på familie, fotball, ski og turgåing

Helge-Øystein er også Veidekke sin nye representant i Kaupanger Næringsforening.

Går god for traineeprogrammet

– Så alt er berre tipptopp og du går god for Framtidsfylket sitt traineeprogram?

– Ja, det var eit steikje fint år. Vi vart utfordra på ulike tema, tok oss litt utanfor komfortsona, fekk eit avbrekk i arbeidskvardagen gjennom samlinga, og eg vart kjend med dei andre traineeane kringom i fylket. Høgdepunktet var utan tvil veka i Brussel.

– Ja, eg hugsar du var rå på karaoke i dei seine nattetimane, prøver skribenten seg, som var i same traineekullet.

– Haha, nei, det skriv du ikkje! Men om det skal vere noko som helst eg ville ha endra på, så må det vere at eg aldri reiste på utveksling som student eller jobba nokre år i Europa eller i resten av verda. Kanskje det må vere dagens gode råd til dei som framleis er studentar eller er tidleg i arbeidslivet?

Fleire saker