Trainee Framtidsfylket

Trainee

Her er årets traineear i Sunnfjord

I Sunnfjord kommune finn vi i år 15 traineear fordelt på ni bedrifter. Bli betre kjend med dei her.

Nicolai

Nicolai vil bidra til bærekraftig løysingar – søkte traineejobb i Tibber

Nicolai Hoel er 25 år og frå Oslo. På fire år har han tatt to bachelorgrader – fornybar energi og økonomi & administrasjon – på NMBU i Ås. Det skaffa han ei traineestilling i Tibber, og grunnen til at han søkte seg til det digitale straumselskapet, var at Tibber sin forretningsmodell og visjon passa bra med Nicolai sine mål.

– Eg ønsker å bidra til ei meir bærekraftig framtid, og ser på arbeidet i Tibber som ein veg til å gjere det.

Han håpar traineeåret byr på læring og opplevingar, og forventar mange spennande arbeidsoppgåver som gir glede og motivasjon til å gå på jobb. Samtidig håpar han å bidra med kunnskap på best mogleg måte i arbeidet hos Tibber.

Funfact: Nicolai har deltatt i NRK-programmet Superkviss!

Sindre

Traineestillinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet lokka bergensaren til Førde

Sindre Aldal Johannessen (24) frå Sotra har mastergrad frå NTNU på linja Medier, kommunikasjon og informasjonsteknologi. No er han trainee hos Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Traineestillinga appellerte til meg fordi den bydde på varierte oppgåver innan kommunikasjon, noko som passar ein nyutdanna med lite erfaring glimrande. Samtidig er det viktig for meg å jobbe i ei bedrift med verdiar eg kan identifisere meg med.

Å sikre ansvarleg pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar, er noko han ønsker å ta del i. Samtidig ser han på det som lærerikt å jobbe i ei bedrift med breitt samfunnsoppdrag og brei kompetanse.

Han håpar på eit spennande, lærerikt og sosialt år – slik han har forstått at eit traineeår skal vere.

Funfact: Sindre hadde aldri vore i Førde då han flytta dit i august

John Eirik

Brenn for å formidle velferdsteknologi

John Eirik Anfinsen (30) kan skilte med mastergrad i medievitenskap, bachelor i samanliknande politikk og ei praktisk pedagogisk utdanning. Det passa bra for ei traineestilling i Sunnfjord kommune, der han skal kommunisere ut ny kunnskap og drive erfaringsdeling om velferdsteknologi.

– At Sunnfjord kommune er vertskommune for Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester Vestland (Sogn og Fjordane), og utfører arbeid knytt til fagutvikling, synest eg verka spennande. Ein sentral del av oppdraget deira er å kommunisere ut ny kunnskap og erfaringsdeling, og det er noko eg er god på og brenn for.

Samtidig har USHT eit tett samarbeid med E-helse Vestland, eit stort samarbeidsprosjekt med mange kommunar, næringsliv og andre organisasjonar. Der jobbar dei med å spreie kunnskap og løysingar om bl.a. velferdsteknologi. Desse elementa gir ein fagleg spennande arbeidskvardag med stor variasjon.

– Stillinga som kommunikasjonsrådgivar er ny, noko som betyr at eg får eit stort ansvar til å forme kommunikasjonsplanar og strategiar og moglegheita til å forme rolla.

No ser John Eirik fram til eit traineeår der han får møte spennande menneske og eit større innblikk i lokale bedrifter og organisasjonar.

Funfact: John Eirik kjøper sofa utan måleband. No har han stor sofa, men plutseleg litt lita stove.

Vil du vite meir om å vere traineebedrift? Les meir her.

Malin

Var ikkje i tvil då ho fekk tilbod om å vere trainee i Intin

Malin Skotoff Skjelde er 26 år og kjem frå Voss. Ho er utdanna siviløkonom og skal det neste året vere trainee i smarthusbedrifta Intin. Der skal ho jobbe med økonomi. Grunnen til at ho søkte traineestillinga, var at Intin verka som ei spennande bedrift som kunne gje ho ein interessant inngang til arbeidslivet.

– Allereie på første jobbintervjuet fekk eg eit veldig godt inntrykk av både bedrifta og dei tilsette, og eg var derfor ikkje i tvil då eg fekk tilbod om å vere trainee.

Malin har store forventningar til dette traineeåret og håpar på å sitje att med mykje kunnskap, nye kjennskap, eit større nettverk og mange gode minne.

Funfact: Malin har sett alle sesongane av Friends minst 7 gonger.

Aasta

Aasta har bachelor i kunstig intelligens

Aasta Walberg Schive (27) kjem frå Bærum og er trainee i Tibber.

Ho har bachelor i AI & Robotics, og søkte seg til Tibber fordi ho meiner dei har gode verdiar som ho verdset høgt.

– I løpet av traineeåret forventar eg å lære masse, slik at eg får meir sjølvtillit og eit betre grunnlag for å entre arbeidslivet.

Funfact: Aasta er ein skikkeleg stor rugby-fan.

Caroline

Caroline i Deloitte håpar på å bli kjend med mange hyggelege folk

Caroline Nokken (24) er frå Balestrand og har bachelor i økonomi og administrasjon, og ein master i samfunnsøkonomi. Ho er tilsett som trainee i Deloitte, og søkte seg dit fordi det verka som ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.

– I traineeåret forventar eg å lære mykje og bli kjend med mange hyggelege folk.

Funfact: Caroline googla revisjon før jobbintervjuet hos Deloitte.

Bendik

Bendik vil gjere ein forskjell

Bendik Sale Haugberg (25) kjem frå Stavanger, har bachelor i internasjonal marknadsføring og master i strategisk marknadsføringsleiing. Han er trainee i Tibber.

Bendik ville jobbe i ei bedrift som bidrar i samfunnet og som gjer ein forskjell for folk flest.

– Eg interesserer meg spesielt for innovative løysingar og synest det er interessant å forstå kvifor ulike bedrifter lykkast og ikkje. At Tibber på få år har klart å bevege straumbransjen i ei heilt ny retning ser eg på som imponerande og spennande. Difor var traineestillinga i Tibber ein fantastisk sjanse til å lære, men også ein unik sjanse til å vere med på å forme vegen vidare.

Han ser på traineeåret som ein moglegheit til ein solid og strukturert start i arbeidslivet. Han ser spesielt fram til å bidra med utvikling og forbetring innan kundeoppleving hos Tibber, og å lære av Tibber sin kompetanse. Å vere ein del av Framtidsfylkets traineeprogram ser Bendik på som ein sjanse til å dele erfaringar med andre, noko han håpar vil bidra til både fagleg og personleg utvikling.

Funfact: Halvt skotsk - kilt eller bunad?

Julia

Julia håpar på fin balanse mellom utfordring og meistring

Julia Jeanette Mørk (26) frå Lillehammerhar bachelor i utviklingsstudiar og ein master i organisasjon, leiing og arbeid, og har i tillegg studert litt kommunikasjonsfag og fransk. I år er ho trainee i Helse Førdes seksjon for forskning og innovasjon.

Tross lite erfaring med helsesektoren, såg ho at stillinga kombinerte fleire element ho kunne tenke seg å prøve ut i ny jobb.

– Eg er interessert i både kommunikasjon og innovasjon, og å få jobbe med det i et helseføretak trur eg blir veldig spennande. At jobben var lokalisert på Vestlandet var også eit spennande pluss.

I løpet av året håpar ho å få oppleve ein fin balanse mellom utfordring og mestring, og at ho får masse erfaring ho kan bruke til å peile seg vidare i arbeidslivet. Julia ser også skikkeleg fram til å bli kjent med nye folk og andre traineear, og til å utforske fjella og livet på Vestlandet.

Hanne

Hanne synest bærekraft og innovasjon er ein kul kombo!

Hanne Bull Hove (28) frå Bergen er trainee i Tibber og har bachelor i økonomi og administrasjon frå HVL i Sogndal og master i organisasjon, leiing og arbeidsliv (UiO).

Ho drøymde om å anten jobbe med bærekraft eller med innovasjon i ei ny bedrift.

– Å få jobbe med bærekraft i Tibber vart ein veldig kul kombo! Då eg las meir om Tibber vart eg skikkeleg inspirert av visjonen også!

I løpet av traineeåret håpar ho på å bli kjent med nye folk, sjå fine stadar, møte lokale bedrifter og bli inspirert!

Solveig

Solveig gler seg til å ta del i utviklinga til Tibber

Solveig Bredli (27) kjem frå Lier i Viken, har bachelor i marknadsføring og salsleiing og er trainee i Tibber. Solveig likar at ho kan identifisere seg med verdiane til Tibber, og at ho får vere trainee i ei bedrift i vekst.

– Det er spennande å vere ein del av utviklinga til Tibber, og eg trur traineeåret blir lærerikt med nettverksbygging og masse moro!

Funfact: Solveig har spelt fiolin i 10 år.

Tonje

Tonje meiner alle kan lære av kvarandre

Tonje Polden Steinsland (24) kjem frå Sotra utanfor Bergen og har utdanning innan marknadsføring. No er ho trainee hos Norec, og søkte seg dit fordi ho synest arbeidet dei gjer er både bra og viktig.

– Gjensidige utveksling av kunnskap på tvers av landegrenser viser at kunnskap finst over alt i verda, og at alle kan lære av kvarandre. I tillegg høyrdest jobben i kommunikasjonsavdelinga deira utruleg spennande ut!

I løpet av traineeåret håpar ho at ho kan både lære noko nytt, utvikle seg sjølv og sine ferdigheiter, bygge eit større nettverk og bidra med eigen kunnskap i kommunikasjonsavdelinga i Norec.

Funfact: Tonje er eventyrlysten av seg og har blant anna hoppa i fallskjerm i Australia.

Elin

Elin såg moglegheiter i Sparebanken Sogn og Fjordane

Elin Støylen (24) frå Gloppen har bachelor i økonomi og administrasjon frå Handelshøyskolen BI og er trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho kjenner bedrifta godt frå før, har personleg tilknyting til den og såg mange moglegheiter innad i banken då ho søkte traineestillinga deira.

– Eg håpar på nye kjennskap i næringslivet og i traineegruppa, lærerike opplevingar og personleg utvikling i løpet av året.

Funfact: Har ete lunsj med Finn Schjøll (Blomster-Finn).

Mats Henrik

Jobbe med bistand frå Førde var ein gyllen sjanse

Mats-Henrik Nygren Syversen (24) frå Fredrikstad har studert klassisk gitar og samanliknande politikk ved UiB og er trainee i Norec. Han er opptatt av norsk utviklingspolitikk, og å jobbe med bistand frå Førde var ein gyllen sjanse til å skaffe relevant arbeidserfaring innan eit relevant fagfelt.

– Eg forventar eit morosamt og lærerikt år der eg kan utfordre meg sjølv, bruke det eg har lært på skulebenken og bidra positivt. Eg vil lære meir om norsk utviklingspolitikk og -arbeid, og opparbeide nyttig arbeidserfaring innan bistand og offentleg forvaltning. Og så vil eg lære masse og ha det skikkeleg gøy!

Funfact: Mats-Henrik har vore statist i Lange flate ballær, og har hatt ein hund med namn Prins <3

Karoline

Ville lære meir om å handtere sikkerheitstruslar

Karoline Hjelmeland (24) kjem frå Førde og har bachelor i digital etterforsking. Ho er trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane, og søkte seg dit for å lære meir om korleis banken handterer dagens sikkerheitstruslar.

– Eg søkte på traineestillinga i banken fordi den høyrdest spennande ut og gav moglegheita til at eg kunne komme med idear til arbeidsoppgåver.

I løpet av traineeåret forventar ho å lære mykje nytt, møte nye menneske og nyte den fine naturen Vestlandet har å tilby.

Paniz

Paniz Zegordi er trainee i PwC. Meir info kjem.

Bli traineebedrift