Ragnhild programmerte seg vekk frå bylivet

Nyheiter

Ragnhild programmerte seg vekk frå bylivet

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

Kva gjer du når du går siste året på lektorutdanninga, og innser at du vil jobbe som programutviklar og ikkje lærar? Fullfører utdanninga, søker jobb i Tibber og blir heilårsbadar.

– Eg kan godt bade. Vil du det?

Ragnhild Evebø Sand er sendt på heimekontor. Som næraste nabo til Krokstadvatnet i Hyen, er det fort gjort å ta seg ein svømmetur i lunsjen. Med tanke på at det er vinter, ville det kanskje vore meir naturleg med ein skitur, men Ragnhild går for eit bad. Må berre knuse isen først.

– Du føler deg så ekstremt bra etterpå. Skikkeleg energikick!

Elskar komplekse datasystem

Og det treng ein kanskje, når arbeidsdagen består av å sitte framfor ein skjerm, med utvikling og integrasjon av datasystem, algoritmar og programvare.

– Eg elskar jobben min. Når du skriv eit program, og det oppfører seg som du hadde tenkt, er det den beste følelsen du kan ha. I alle fall for ein programutviklar som elskar komplekse datasystem, ler ho.

Vi skal ikkje gå nærare inn på arbeidsoppgåvene til Ragnhild i Tibber. Det blir for smalt. Kort oppsummert jobbar ho med digitale tenester retta mot Tibber sin tyske marknad. Korleis mattelektoren enda der, må vi tilbake til 2018 for å finne ut.

Bylivet er heilt topp

Ragnhild bur i ei kul leilegheit i Bergen, går siste året på lektorutdanning i matematikk og synest bylivet er heilt topp. Både ho og sambuaren, som begge er frå Gloppen, likar at dei kan kombinere urbane tilbod med byfjella. Det hender at dei lengtar heim, men trivst for godt i Bergen til å tenke på flytting. Men det er ein ting som plagar Ragnhild: I studieløpet har ho fleire gonger vurdert å bytte frå matematikk til informatikk. Ho merkar at ho har sansen for programmeringsfaga, men vel å stå lektorløpet ut.

"Eg elskar komplekse datasystem"

Jobb programmerer

Det skjer ting i Førde

Same året som ho fullfører utdanninga, besøker ho Framtidsfylket si karrieremesse i Grieghallen. På scena står gründer Edgeir Aksnes, og det er første gongen ho høyrer om den suksessfulle teknologibedrifta Tibber.

– Wow, det skjer ting i Førde, altså, tenkte eg.

– For det trudde du ikkje?

– Nei, om eg må vere ærleg. Eg håpte jo at det fanst kule jobbar i Sogn og Fjordane, for eg har alltid tenkt at det ville vere fint å flytte heim ein dag, men forventingane var låge for mitt fagfelt.

– Og så oppdaga du Tibber?

– Jepp!

Glømte han aldri

Det er med ærefrykt og sommarfuglar i magen at ho huker fatt i Edgeir etter foredraget.

– Han fortalte om reisa si som gründer, og så fortalte eg litt om meg og sa at eg vart veldig inspirert av foredraget hans. Eg er usikker på om Edgeir hugsar den praten i dag, men han verka interessert, ler ho. Og legg til:

– Men eg glømte aldri han. Eller stryk det. Eg glømte aldri Tibber, humrar ho.

Verdas brattaste læringskurve

Livet i Bergen fortset. Det er jo her dei vil vere. Etter fullført lektorutdanning søker ho ikkje lærarjobbar, men utviklarstillingar i Bergen. Tross mangel på formell informatikkutdanning, får ho jobb som programutviklar i eit firma i Bergen og finn seg til rette der.

– Verdas brattaste læringskurve, men samtidig utruleg kjekt og beviset på at eg var i rett yrke, seier ho ettertenksamt.

Tanken om ein jobb i Tibber ligg heile tida i bakhovudet og marinerer. I sitt stille tenker ho at etter nokre år med relevant erfaring, skal ho tore å kontakte Tibber igjen.

– Kor tid kjem de heimover?

Ein litt tilfeldig samtale på LinkedIn hausten 2019, med ein kjenning heimanfrå, som tilfeldigvis jobbar i Tibber, skal vise seg å vere starten på det som blir vendepunktet. Og grunnen til at Ragnhild i dag altså brukar lunsjen på isbading.

– «Kor tid kjem de heimover? Sjefen lurer?» spurte plutseleg Elisabeth (Kjærstad Bø, bærekraftsansvarleg i Tibber, red. merk.) meg, på LinkedIn. Og der sat eg som eit spørsmålsteikn og kunne ikkje tru at dei hadde snakka om meg.

No skjer ting fort. Ein ny samtale med Edgeir, ein jobbsøknad, ei jobbprøve som blir jobba iherdig med på kveldstid. Og sist, men ikkje minst: eit jobbtilbod!

Jobbe i Tibber

Jammen, då flyttar vi då

Ragnhild blir eit levande bevis på at eit interessant jobbtilbod kan vere avgjerande for at unge flyttar til distriktet.

– Jammen, då flyttar vi då, sa eg til sambuaren min i det tilbodet kom.

Den brå omveltinga førte til mange følelsar, og det vart både tårer og begeistring.

– Det er skummelt å forlate noko som fungerer så bra. Men mest av alt var eg begeistra for det eg visste kom til å bli ein givande og spennande jobb.

Sambuaren Håkon er lærar, og ikkje vanskeleg å overtale. Heller ikkje han var førebudd på å forlate byen, men tanken om det som kunne bli ganske fint «heime» lokkar. Og så får han ein ide.

Nei, ikkje Hyen

Familien hans har ei leilegheit på loftet til sagbruket deira i Hyen. Langt frå folk og langt frå sentrum. Berre hyttefolk, fjell, vatn og nokre få hus. Han foreslo at vi kunne bu der. Nei, aldri, sa eg. Vi kan ikkje flytte frå Bergen til det. Det må bli Førde.

For å gjere ei lang historie kort: Våren 2019 flyttar Ragnhild inn på sagbrukloftet, mens Håkon fullfører skuleåret i Bergen. Landet er i lockdown, og Ragnhild skal begynne i ny jobb.

Hyen

Den rare, fine starten

– Heldigvis rakk eg å vere med på ei jobbsamling med kollegaene før vi måtte på heimekontor. Frå første dag kjente eg meg inkludert, og at eg var der eg skulle vere.

Det er rart, men overraskande fint å sitte på heimekontor ved eit vatn i Hyen.

– Det var vår. Eg hadde hengekøye, drakk masse kaffi og las bok. I lunsjen gjekk eg turar i skogen. Eg kosa meg i einsemda, seier ho litt overraska.

Sjølv om ho hadde fulle arbeidsdagar og kontakt med kollegaene på video, var det nye tilværet som ein einaste lang ferie.

– Eg hadde feriekjensle på fritida. Det var grilling, fisking, fjellturar, joggeturar og ei enorm kjensle av... masse plass, ler ho.

Lever klisjeen

– Det blir litt klisjé. Skog og stillheit og sånt. Men eg storkosa meg. Det same gjorde Håkon når han var heime i helgene.

Og så begynte ho å bade. Ofte.

– Etter ein joggetur i sommar fann eg ut at eg skulle bade. Det er vanskeleg å forklare, men eit bad i friluft kan gjere dagen – uansett årstid. Og her er eg, eitt år etter. Framleis badande, framleis på sagbrukloftet. Men no saman med Håkon.

Det var aldri meininga å bli buande. Planen var ei leilegheit i Førde. Nærmare jobb og nærmare bytilboda.

– Men vi likar området her godt og bygger faktisk hytte i nærleiken. Hytte? Seier folk. De bygger hus, ertar dei. Vi får sjå då. Kanskje det blir hytte i Førde og hus her.

Isbading Hyen

Får energi av å jobbe

Den nye stillinga som programutviklar i Tibber leverer på alle punkt. Heimekontor fungerte fint, men det er godt å komme på kontoret igjen og verkeleg føle på å vere del av eit arbeidsmiljø .

– Å jobbe i ei vekstbedrift er kult. Her skjer det nye ting kvar dag, og vi har eit uformelt og triveleg miljø. Stillinga mi er utfordrande, men gir meg også meistring og mykje energi. Eg har venner som misunner meg det, at eg får energi av å jobbe masse.

Ein god stad å vere ny på

Tibber er midt i ein stor tilsettingsprosess, og har planar om å rekruttere 150 kandidatar innan 2022. Ragnhild kan varmt anbefale å sende ein søknad.

– Eg ville berre tatt sjansen! Tibber er ein god stad å vere ny på og du blir fort inkludert. Du må levere sakene, men samtidig er det ein arbeidsstad med masse fridom, god takhøgd og rom for å vere litt idiot, smiler ho.

Jobb Tibber
Finn jobb i Vestland