Entalpi jobb

Nyheiter

Bidrar til OL-gull. No treng dei fleire tilsette

Om du likar tanken på å jobbe med både teknologi og toppidrett, skal du sjå nærare på Entalpi.

Kan teknologi skape fortrinn i toppidretten? Er individualiserte treningsopplegg avgjerande for prestasjon? Ja! Er det rungande svaret frå Olav Aleksander Bu. Og det er ikkje synsing han baserer meiningane sine på.

– Det er rein empiri, seier han, og viser til gode resultat i toppidretten. OL-gull for å vere meir nøyaktig.

40-åringen bur i Rivedal i Askvoll, men pendlar til jobben i Olympiatoppen i Oslo og Bergen. Der er han trenar for landslaget i triatlon, og har leia fleire forskingsprosjekt rundt terskeltrening. I sommar tok Kristian Blummenfelt Norges første OL-gull i triatlon. Ein prestasjon som beviste masse av det Bu står for, blant anna at terskeltrening kan gi framgang og store resultat. Arbeidsdagen til Bu går nemleg ut på å gjere målingar på utøvarar, analysere data og optimalisere treninga knytt til kva intensitet den enkelte utøvar er tent med å ligge på.

Olav Aleksander Bu

Olav Aleksander Bu og Richard Skår saman med OL-vinnar Kristian Blummenfelt.

Stort fortrinn

– Det har gitt meg ideen om at alt dette kan bli automatisert ved hjelp av teknologi. Men eg er ikkje den einaste som har tenkt tanken, seier han, og viser til at mange er på ballen når det gjeld teknologi for terskeltrening.

Då han saman med 3 andre stifta selskapet Entalpi i 2021, med base i Fjaler, var det likevel med trua på at dei hadde eit stort konkurransefortrinn i marknaden.

­­– Opp gjennom åra har eg opparbeidd meg eit solid nettverk innan trening, helse og forsking. Eg opplever at eg har god tillit i marknaden, og at mange har interesse av å samarbeide med oss.

Ein algoritme for prestasjon

Så kva er det eigentleg det nyoppstarta selskapet skal utvikle? Lat oss starte med ei kort forklaring på terskeltrening: Når du trenar på terskel fjernar kroppen like mykje melkesyre som den produserer. Det vil seie at dersom du trenar med «perfekt» intensitet, vil du ha ei betre oppleving av treninga og betre restitusjon. Dette gjeld ikkje berre i toppidretten, men også for normale folk som ønsker treningsglede eller å gå ned i vekt.

– Denne terskelen finn vi ved hjelp av ei blodprøve tatt under trening. Under testen samlar vi inn data om hjertefrekvens, oksygenopptak, hastighet og blodlaktat for dei ulike belastningane du testar på, og desse variablane blir brukt for å finne nøyaktig terskel. Ingen personar er like og resultata til kvar enkelt person må tolkast individuelt. Basert på alt dette lagar vi ein profil på deg og tilpassar treninga. Dette tek tid, og målet er å automatisere prosessen ved hjelp av teknologi og algoritmar, forklarar han.

Interessa skaut i vêret

Mange har vist interesse for det Bu jobbar med, og etter OL-gullet han bidrog til, skaut interessa i vêret.

– Det gir meg trua på produktet vi skapar, og at det har ein stor marknad. Marknaden er ikkje berre toppidretten, men også helsesektoren. Etter kvart kan det bli aktuelt å kommersialisere teknologien, slik at vanlege folk får rask tilgang på ein slik profil.

I tillegg til Olympiatoppen, samarbeider også Entalpi med Helse Bergen, Høgskulen på Vestlandet og rehabiliteringssenter.

– Dei synest intensitetsstyring er nyttig for blant anna ME-pasientar. ME-sjuke blir fort utmatta, og derfor er det avgjerande å vite kva intensitet dei kan ligge på for å unngå det.

Olav Aleksander Bu

Handplukkar tilsette

Med seg på laget har han Richard Skår. Han kjem frå stillinga som prosjektleiar i Hywer, og før det prosjektleiar i Brødrene Dahl, der han leia prosjekt i millionklassen. I dag er han medgründer i Entalpi og administrativ leiar.

– Suksessen som prosjektleiar i tidlegare selskap gjorde meg trygg på at han var ein god kompanjong. Når Richard går inn i noko, går han «all in», og ikkje minst har han strukturen eg manglar, ler Bu.

– Vi har også engasjert ein utviklar i Nederland som eg lenge har følgt frå sidelinja. At vi får motiverte og engasjerte tilsette er heilt avgjerande for å lukkast, poengterer Bu.

Richard Skår synest det er spennande å vere med på å utvikle verktøy for toppidretten, men vel så viktig å samarbeide med helsesektoren.

– Det er ein stor motivasjon å vite at du kan gjere ein forskjell, og at vi på sikt blant anna kan hjelpe ME-sjuke med tenesta vår, seier han.

Ein fordel å like trening

No ser dei etter tre utviklarar og ein marknadsansvarleg. I tillegg til å vere dedisert i jobben, er det ein stor fordel om du er interessert i trening.

– Vi kan nesten seie at trening blir ein del av stillinga. Vi brukar oss sjølve til å teste det vi utviklar, og då er det ein fordel om du har litt erfaring der. Vi jobbar med å bygge ein testlab, og her vil vi gjere ein del feltarbeid, forklarar Skår.

Dei skundar seg å legge til at du ikkje må vere topptrena for å jobbe i Entalpi.

– Nei, på ingen måte. Men du får derimot sjansen til å jobbe tett på toppidrettsutøvarar og idrettsstjerner. Det er både motiverande og spennande å jobbe med folk som brukar all si tid på å bli best i verda. Spesielt når du kan vere med på å gjere dei endå betre.

Entalpi Dale

Kan jobbe remote

Dei håpar dei klarar å rekruttere folk til kontoret i Dale, men opnar opp for at folk kan jobbe remote.

– Vi vil først og fremst ha tak i dei rette folka, men om du har tilknyting til fylket og vil ha ein kul jobb, så er det heilt topp om du vil jobbe i Dale.

Ein prototype er allereie på trappene, og fem store pilotkundar er på lista. Farten framover avhenger av fleire tilsette.

– No treng vi folk som kan følge opp den enorme interessa vi opplever. Vårt største problem er at vi må seie nei til ulike institusjonar som er interesserte i teknologien vi utviklar. Difor håpar vi at du som er interessert i å jobbe med kombinasjonen teknologi, trening og helse sender oss ein søknad og blir ein del av teamet vårt.

Les meir om utviklarstillinga her

Sal- og marknadsstillinga blir lyst ut i næraste framtid. Følg med eller ta kontakt med Richard Skår: rs@entalpi.no