Edel

Nyheiter

Haustar av draumen

Tekst: Susann Hellesnes

Foto: Karoline Rage

Gjermund og Arita Åkre gav opp gode jobbar i oljebransjen for å satse på edlare dråpar. I dag driv dei ein av Noregs mest anerkjente siderproduksjonar.

– Det er lettare å tenke større når ein får betre kapital og meir stabil framgang, fortel Arita Åkre, som står bak suksessideren Edel saman med mannen Gjermund. Ho snakkar om tankane og peikar innover i det store produksjonslokalet. I dette rommet på Åkre Gard blir den prisvinnande sideren med den lekre, italienske signaturflaska produsert.

Tankane var ikkje like mange, eller store, då sidereventyret starta. Det er sånt som kjem til når ein har tort å satse og gått stega med produksjon og sal.

– Det er først då ein får moglegheita til å oppgradere.

Åkre Gård

Frå eit Paradis til eit anna

Arita er oppvaksen på Paradis i Bergen. Den energiske bergensaren har ein bachelor i organisk kjemi og master i petroleumsfysikk, og hadde alltid tenkt at det var i oljen ho skulle jobbe. Lite visste ho at ho skulle ende opp på ein fruktgard inst i Hardanger

Tobarnsmora vart etter utdanning headhunta til eit oljeselskap i Bergen. Her møtte ho mannen sin Gjermund, som jobba i eit konkurrerande selskap. Men med mange tøffe avgjerder, lange dagar og avgrensa fridom, drøymde dei begge om noko heilt anna.

– Til slutt fekk eg berre nok. Det var no eller aldri, liksom, seier Arita alvorleg. Ho ser bort på den svarte gardsskatten, som balanserer på benkane inne i matsalen der ho held sidersmaking.

Med hennar master i petroleumsfysikk og Gjermund sin master i industriell logistikk, var det på mange måtar lagt opp til at det var i næringslivet dei høyrde heime. Det sjølv om Gjermund var arving til den store fruktgarden på Nå. Valet landa likevel på eit liv i Hardanger.

– Det er klart eg saknar Bergen, vennene mine og dei gamle kollegaene mine i oljen. Men eg visste at det var dette eg måtte gjere for å verkeleg kunna skapa noko eige.

Hardanger

Liten stad, stor lykke

Siderproduksjonen går som det susar. Tala peikar oppover, men sjølv om den vesle familien har funne seg godt til rette i det nye livet sitt i Hardanger, elskar ho framleis Bergen av heile sitt hjarte.

– Kva gjer at ein gir opp byen ein elskar til fordel for bygd og verdiskaping?

– Eg fortel stadig barna mine at dei ikkje må gløyme at dei òg er frå Bergen. Men for å svare på spørsmålet: Hardanger er ein liten plass med tanke på folketal, men stor når det handlar om lykke. Det ein bidrar med her har større og meir merkbar effekt og verdiskaping enn i storbyen. Det finst fordeler og ulemper når ein bur på stadar der alle kjenner alle, men fordelane veg meir. Folk stiller opp på ein heilt annan måte, og det er utan tvil ein perfekt plass for barn å vekse opp.

Heim med utvida horisontar

For Gjermund, som vaks opp på familiegarden Åkre, var det fint å komme seg ut og oppleve verda. Og då han fann den store kjærleiken, og valde å vende heim igjen til Nå i Hardanger, var det på heilt andre premissar enn då han drog.

– Det var herleg å få prøva seg ute i den store verda, men når ein hadde fått utdanning og testa jobbane ein ville gjera, var det herleg å komma heim igjen. Det heng nok saman med at vi har bygd opp ei bedrift og ein arbeidsplass saman. Det å vere heime no, vil òg seie å drive det ein har skapt, seier Gjermund og gir kona eit varmt blikk.

Åkre Gård
Edel sider

Sår tankefrø

Overføringsverdien frå tida i oljebransjen er stor, og no er ho sin eigen grossist. Arita vil ha direkte kontakt med kundane sine, utan mellomledd. Ho går systematisk til verks, snakkar med restaurantane, reiser land og strand rundt og sel inn sin eigenproduserte sider hos både store og små aktørar. Ho kallar det å så tankefrø.

– Vi er nøydde til å vite kva som blir populært om tre år, for det må vi planlegge for i dag.

Ein hyllest til gardskvinnene

Namnet Edel er ein tredelt dedikasjon til dei som har betydd noko for garden og gardsdrifta opp igjennom. Som synonymet nobelt, er Edel ei skildring av dei edle dropane du finn i flaskene. Men også ein hyllest til alle kvinnene som har jobba på garden før dei.

– Førre generasjon hadde mykje frukt og gris. Generasjonen før det hadde frukt og kyr, og generasjonen før det igjen var gamle Gjermund, som var skomakar, men som også dreiv med frukt. Kvar generasjon har hatt si greie, i tillegg til å måtte ta vare på fruktgarden, forklarer Arita stolt og legg til:

– Den tredje hyllesten er til edelgrisen.

Brudeferd i Hardanger

Arita går og hentar nokre flasker frå kjølen, og set den opphavlege sideren frå Edel på langbordet. Han har utspringet sitt frå ein viktig dato i liva deira.

– Han er liksom det tredje barnet vårt. Oppskrifta stammar frå den same som vi brukte i bryllaupet vårt i 2013.

Bryllaupet var ei ekte brudeferd i Hardanger. 80 gjester vart frakta i seglskip frå kyrkja til Arita og Gjermunds side av fjorden. Hennar ja gav ho i Ullensvang kyrkje, kyrkja som har tatt Åkre-familien imot til dåp og konfirmasjonar i fleire generasjonar.

– I det bryllaupet drakk vi vår eigenlagde sider. Det er rart å tenke på at han i dag er å finne på nokre av dei beste restaurantane i verda, seier ho audmjuk.

Ågre Gard Edel sider

Røper fruktige planar

Edel Sider tilbyr i dag alt frå alkoholfri sider og eplemost til rosésider, og dessertsider. Den klassiske sideren er kanskje den mest kjente av alle. Likevel er ikkje Arita og Gjermund redde for å tenke utanfor boksen.

– Om det er ein ting Åkre Gård skal vere kjent for, så er det innovasjon og verdiskaping. Derfor kan eg røpe at vi er i gang med noko heilt nytt.

På Åkre Gård blir heile råvara utnytta. Når eplet er pressa til eplemost og sider er det framleis 30 prosent av frukta som ikkje er utnytta. Det ubrukte potensialet ligg i eplemaska, og den har Arita og Gjermund bestemt seg for å lage edle dropar av.

– Denne eplemaska destillerer vi og lagar noko som heiter Calvados. I resten av Europa blir Calvados laga av nedfallsfrukt, men vi er dei einaste i Noreg som lagar fruktdestillat på eplemaska.

Det vil også komme produktlinjer med norsk grappa.

– Vi skal destillera det aller meste og kjem til å lansere smakar med bringebær, pære, jordbær og plomme. Ikkje bli overraska om det òg kjem ei grønsak, røper Arita og ler ein trillande latter.

På menyen til Geranium

Arita reiser aldri utan å ta med seg nokre flasker sider. Tenk om ho møter nokon som burde vite kva ho snakkar om når ho fortel om suksessprosjektet heime i Hardanger.

– Eg har til og med bytta ei siderflaske mot ein vaffel, og plutseleg hadde eg ein ny kunde.

På ei av reisene til Danmark hadde ho eit møte som var avtalt eit halvt år i førevegen. Møtet betydde mykje for henne. Det var nemleg Geranium som stod øvst i avtaleboka. Danmarks fremste restaurant, og den einaste som kan skilte med tre stjerner i Michelin-guiden.

– Eg tenkte at det ikkje kunne skade å prøve. Å få dei på kundelista ville uansett vore meir enn heider.

I dag står Edel sider på menyen til Geranium. Arita kunne ikkje vore meir fornøgd, men trekker fram at ho er like takksam for alle som har tatt dei inn. Særleg dei som gjorde det i startfasen, då ho ikkje hadde slike milepælar å slå i bordet med.

– Dei som har komme etter ville kanskje gjort det uansett, seier ho og smiler varmt.

Mellom verder

– Men kva er løyndommen? Det må jo vera ein løyndom?

– Løyndommen er produsenten sjølv, råvara og Golfstraumen i fjordarmane. Det er der det ligg.

Arita og Gjermund tok steget ut i det ukjende då dei valde å satse på draumen. Ved å satse, må ein også ofre. Kva gav dei opp for å leve ut draumen dei bar på?

– Stabilitet, heimen min i Bergen, god jobb og inntekt, og ikkje minst vennetreffa, svarar ho og blir meir alvorleg.

– Men eg kunne aldri tenkt meg tilbake til den gamle livsstilen. Og no har eg levd i begge desse verdene.

Det du bidrar med fortel kven du er

Dei oppdaga fort at det var lettare å vere synleg med det ein gjorde i Hardanger.

– I større byar skal det mykje meir til, for det er mange som utmerker seg på feltet sitt.

Det gjorde òg at ho stakk seg meir ut. Janteloven har ho kjent på inn til margen på det verste, og som det vesle dyttet ein treng på det beste.

– Eg trur janteloven har gjort at eg har tatt større steg. Eg føler meg sterkast når eg blir tvilt på, og svakast når eg tviler på meg sjølv.

Ho er ikkje i tvil om kva ho ønsker å bringe til bordet.

– Eg får ei god kjensle når eg ser at folk nyt sideren vår. Det gjer at eg vil fortsette dette eventyret. For det er eit eventyr, og alle har sitt. Du formar det i retninga du vil, avsluttar ho.

Nå Haradanger
Arita Åkre