Tonje Bjerkan

Nyheiter

Kultursjokket

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Helle Frogner

Definisjonen av fridom har endra seg radikalt frå Tonje var ung til no. Med Stryn på avstand oppdaga ho kvalitetane.

– Veit du. Då eg sjølv var ung og budde i Stryn, visste eg null om kva jobbmoglegheiter som var her. Ikkje brydde eg meg heller, for det einaste eg ville var å flytte til ein by der ikkje alle kjende alle, ler ho.

Tonje Bjerkan har lett for å småprate. Etter 15 år i Australia er det ein vane ho har tatt med seg heim til Nordfjord. Ho startar gjerne samtalen med «kor det går?», og blir like overraska kvar gong folk svarar. I Australia er dette ei høflegheitsfrase, og eigentleg ikkje eit spørsmål.

– I Stryn hender det at folk fortel både det eine og det andre når eg sleng ut frasa. Plutseleg står eg der og lyttar til små og store problem. Det er litt uventa, men eg likar det, seier ho og ser ut kontorvindauget og bort på barnehagen til yngste sonen.

Heilt sprøtt

– Her sit eg og jobbar og der borte går Charlie i barnehagen. Ha-ha, det er heilt sprøtt kor små forholda er her samanlikna med i Australia. Så trygt og oversiktleg.

Det er litt over eit år sidan Tonje og familien tok valet om å etablere seg i Norge. At det skulle gå så mange år før ho vende nasa heim for godt, skuldar ho ei enorm eventyrlyst.

Tonje Bjerkan

Endeleg noko gøy

Livet på eigne bein starta i Trondheim med studiar på NTNU. Tonje var skuleflink og sterk i realfag, og ingeniørløpet var lagt. Likevel var det noko som lugga.

– Eg treivst ikkje. Utdanningsvalet var trygt, jobbmoglegheitene gode. Likevel...

Då det dukka opp ein annonse i VG om å studere i Australia, sa mamma at eg burde reise, for dette hadde eg alltid snakka om. Pappa såg helst at eg vart ingeniør, mens mamma var letta. Endeleg skulle eg gjere noko eg hadde lyst til, seier ho.

Liten i storbyen

21 år gamal reiste Tonje til Perth for å studere Media, PR og kommunikasjon. Første møtet med Australia var langt frå idyllisk. Overgangen frå vesle Stryn, der alle kjende alle, til ein uoversiktleg og bråkete by, var tøff.

– Det vart nokre telefonar heim dei første månadane. For første gong sakna eg tryggleiken i Stryn. Det var eit sjokk å oppdage kor liten du er i storbyen.

"For første gong sakna eg tryggleiken i Stryn."

Tonje i Hoddevika

Elska livet i Australia

Det tok likevel ikkje lang tid før eventyrlysta kicka inn og Tonje fekk smaken på livet down under. Studentlivet var herleg, med festivalar, surfing, flørting, festar, nye venner og road-trips. Det beste livet har å by på for ein ung og svolten livsnytar.

– På slutten av studiet hadde eg fleire australske enn norske venner. Eg elska livet mitt i Australia og hadde ingen behov for å flytte heim. Eg bestemte meg derfor for å bli buande i Perth og jobbe der.

Friday night drinks

I Australia er det tradisjon for «friday nights drinks» med kollegaer på kontoret. Gjerne etterfølgt av ein tur på byen.

– Det var på ein slik kveld eg møtte Anthony. Eg såg han med ein gong i mengda, ein typisk ski- og surfeboms. Eg er svak for slike. Kanskje fordi han var litt strynaktig, humrar Tonje.

Familien i Hoddevika

Olivia, Anthony, Bjørn, Tonje og Charlie i Hoddevika for å prøve dei norske surfebølgene.

Livet med Anthony og følelsen av å ha på genser

Med stor innleving fortel ho om første tida med den kjekke australiaren. Han som seinare skulle bli far til hennar barn og busetje seg i eit byggefelt i Stryn.

– Vi visste tidleg at det skulle vere oss to. Vi var begge eventyrlystne, glade i å reise og med felles interesse for ski og surfing. Det gjekk mindre enn eit halvt år før vi forlova oss.

Ho fortel om året dei budde i Whistler i Canada for å stå på ski, om jorda-rundt-flybillett for å oppleve verda saman, om reiser til Hawaii, USA og New Zealand. At dei til og med hadde sommarjobb i Stryn eit år – og at Anthony oppdaga gleda av crispy luft og komforten med å ta på genser og sokkar.

– Det kan høyrest rart ut for ein vestlending, men etter eit liv i flip-flops er følelsen av å ta på genser og sokkar fantastisk.

Frå boms til baby

På slutten av ei reise oppdagar Tonje noko som dei så smått hadde håpa på.

– Vi var ferdige med bomselivet. Og det var då eg kjende det. For første gong sidan eg flytta til Australia lengta eg heim. No er det baby på gang, og mamma og pappa er ikkje her.

Dei starta med å flytte ut av storbyen. Friday night drinks var ikkje så interessant lenger, og den vesle familien hadde andre behov. I første omgang ville dei bu nær Anthony sine foreldre, og prøvde småbarnslivet i småbyen Bunury.

– Det var heilt ok, men då eg vart gravid med nummer to, var det på tide å gi foreldra mine ein sjanse til å bli kjent med barnebarna. Dei store spørsmåla begynte å melde seg, og vi snakka om kor fin oppvekst vi kunne gi barna i Norge.

Familie Hoddevika
Familie Hoddevika

Kultursjokk 1

I 2015 bestemmer dei seg for å flytte til Stryn. Anthony er gira og klar for å gi Norge ein sjanse. Men overgangen blir tøff.

– Det er stor forskjell på å vere på ferie i Norge og å bu her. Vi flytta til ein mørk, kald og lang vinter i Stryn og var konstant sjuke med feber, snørr og hoste. Kroppen var i sjokk, vi var i sjokk og vi sakna varmen.

Ho seier det er vanskeleg å sette ord på, men at summen av alle småtinga førte til kultursjokket.

– I Australia pratar alle med deg, uansett kor du går. Det er også vanleg å vere heime med barna til dei er fire år. Her gjekk vi begge rett i full jobb, samtidig som vi flytta inn i nykjøpt hus. Eg trur det vart litt mykje på ein gong.

Kultursjokk 2

Etter halvtanna år flyttar dei tilbake til Australia. Ironisk nok har det akkurat begynt å lausne i Norge når dei set seg på flyet. Anthony har oppdaga gleda med årstider. Han har blitt kjent med folk, fått sansen for å gå i skogen og i fjella. Tonje er glad i den norske barnehagen, søndagsturar med familien og synest det er trygt at alle kjenner alle i Stryn.

– Eg trur vi har valt feil, sa Anthony tilbake i Australia.

Det hadde gått opp for han at minna frå Norge var dei som stod sterkast.

– Jasså, svarte eg. Og så vart eg så glad. Glad for at ungane skulle få vekse opp i Norge, glad for at vi skulle sleppe å følge ungane på besøk – fordi vi ikkje ana kven foreldra var, glad for å sleppe gedigne varehus og høge gjerder i barnehagen. Australia er eit fantastisk land, men Norge har andre kvalitetar.

Barn Hoddevika

Returbilletten

Dei innsåg kor unik og verdifull fridommen som føl med ein liten og trygg plass er. I 2020 gjekk turen tilbake – denne gongen for godt.

– I Australia får ikkje ungane gå utanfor hagen. Her syklar eldstesonen på ni til fotballtrening, og ungane går gjennom skogen for å besøke besteforeldra. Skulle dei gå seg vekk, er det garantert nokon som veit kven foreldra er, ler Tonje.

Den perfekte jobben

I Australia hadde Tonje jobba med marknadsføring og rekruttering av studentar til det regionale universitetet. Då valet om flytting var tatt, oppdaga ho ein jobbannonse som trefte.

– Planen var å jobbe deltid og ha meir tid med barna, men denne jobben måtte eg berre sjekke ut. Dagen etter at vi landa, var eg på jobbintervju.

Nordfjordakademiet søkte etter ein person som skulle få fleire til å velje Nordfjord som arbeidsplass. Å rekruttere folk til regionen innebar arbeidsoppgåver som appellerte til ho som sjølv hadde reist ut i verda – og kome tilbake.

– Eg har etter kvart blitt ganske god på å organisere flytting, og visste eg kunne vere ein god rådgivar for dei som trengte jobb til seg sjølv og partnar, finne bustad, søke barnehage og anna som må til.

Familie Hoddevika surf
Surf Norway

Vil ikkje jage dei heim

I dag er Tonje dagleg leiar i Nordfjordakademiet.

– Eg har ein utruleg innhaldsrik og spennande jobb. Nordfjordakademiet er eit treffpunkt for studentar, arbeidssøkarar og privat og offentleg næringsliv, og alle desse får eg vere i kontakt med. Perfekt for ein skravlete «australiar», ler ho.

Allereie på vidaregåande startar Nordfjordakademiet med å opplyse elevane om kva som finst av karrieremoglegheiter i Nordfjord. Tonje vil at unge skal vite meir om arbeidslivet på heimplassen enn kva ho sjølv gjorde.

– Ikkje fordi vi skal jage dei heim etter utdanning, men fordi dei skal vite at det finst jobbar til dei – visst dei vil heim.

Lågthengande frukter

Tonje trur det er nyttig å halde kontakten med dei som flyttar vekk for å studere.

– Vi tenker langsiktig og prøver å kartlegge kva som finst av utflytta kompetanse og matche dei med behovet i regionen. Det er heilt klart enklast å rekruttere dei med ein relasjon til Nordfjord, sjølv om alle er hjarteleg velkomne hit.

Elskede årstider

Den norsk-australske familien, som no har blitt fem, jobbar framleis med å tilpasse seg. Det siste året har gjort det vanskeleg å vere sosial, og det hender dei saknar livet i Australia. Heldigvis finst det strender i Nordfjord også.

– Det har vore eit rart år med tanke på covid-19, men også roleg og fint. Vi brukar naturen rundt oss, reiser på hytta, står på ski, surfar og nyt den friske lufta. Anthony er blitt skikkeleg glad i årstider, og spesielt overgangane. Akkurat no gler vi oss til sommaren i Norge.

Familysurf
Finn ledig jobb i Vestland