Wild Voss

Nyheiter

Eit vilt godt liv

Tekst: Ove Sjøstrøm

Foto: Karoline Rage / privat

Om du verkeleg brenn for noko, er det fullt mogleg å skape sin eigen arbeidsplass. Lidenskapen for fjellet resulterte i Wild Voss.

Eit par minutt køyring utanfor Voss sentrum held familien Ormåsen til. Familien består av ekteparet Øystein og Birte og to barn. Huset dei bur i ligg nydeleg til med utsikt utover Vossabygda og fjellheimen.

– Voss har lett tilgang til fjell og fjord, og vi er omringa av vill og flott natur på alle kantar, seier Øystein og legg til:

– Då vi først skulle bryte opp frå livet i Bergen, vart dette ein naturleg stad å etablere seg på ny.

Det er tur- og guideselskapet Wild Voss som er nyetableringa Øystein refererer til. Paret og borna flytta til Voss i 2014, og selskapet vart etablert i 2015.

– Ideen var ganske enkel: Å gi kundane våre fantastiske naturopplevingar både sommar og vinter.

Ei lang reise

Øystein kjem opphavleg frå Langesund i Telemark, og flytta til Bergen allereie som 19-åring. Det var her han trefte kona Birte, som kjem frå Os i Bjørnafjorden utanfor Bergen.

Begge to hadde gode og sikre jobbar i Bergen. Ho var lege på Kvinneklinikken. Han jobba som lærer. Så kvifor valde dei å bryte opp og gå for eit nytt og usikkert gründertilvære på Voss?

– Wild Voss er min baby. Men det hadde ikkje gått utan Birtes stabile inntekt i den nye jobben på sjukehuset, seier Øystein.

Reisa til Voss byrja mange tiår før dei flytta til Voss. Heilt sidan studentdagane har dei begge vore lidenskapeleg opptatt av fjellet. Dei to har alltid gått på tur.

Wild Voss

Nærare naturen

Då dei fekk barn, vart det mindre og mindre tid til fjellturar. Å vere i full jobb kravde sitt. Men kva viss dei flytta nærare naturen?

– Eg vurderte å bli lærar på villmarkslinja på Voss vidaregåande skule. Dessverre kom eg til kort på nokre formelle krav for stillinga, og eg måtte tenke nytt.

Folk kjem ikkje til Voss for å sove

Ideen om eit eige opplevingsselskap kom etter ein tur til Myrkdalen i 2014. På ein fjellsportkonferanse fekk Øystein og dei andre tilhøyrarane innblikk i utbyggingsplanane dei neste åra.

– Det dei planla i Myrkdalen ville revolusjonere heile reiselivet i regionen. Berre i kjølvatnet av denne utbygginga ville det bli plass til mange aktørar med ulike aktivitetar og målgrupper, seier han og slår fast:

– Folk kjem ikkje til Voss for å sove. Dei kjem hit for å gjere kjekke ting. Og marknadshypotesen frå den gong står den dag i dag. Interessa for guida turar i fjellet har berre auka dei siste åra, og Wild Voss tilbyr utandørsaktivitetar året rundt.

Folk stiller opp

Etter at Wild Voss vart stifta i 2015, gjorde Øystein seg kjent med andre reisleivaktørar på Voss.

– Det var ein god strategi å introdusere meg sjølv og vise kva eg kunne tilby. Og det er ikkje så vanskeleg. Så fort du bankar på ei dør og ber om eit møte, så stiller folk opp.

– Fekk du noko form for etablererstøtte?

– Eg fekk midlar frå Kraftfondet som gir tilskot til næringsutvikling i kommunen. I tillegg brukte eg lokale hos Voss Næringshage kostnadsfritt i ein periode, seier han og understrekar viktigheita av å vere ein del av eit fellesskap som gründer:

– Her møtte eg folk som hadde kunnskap om etablering av nye selskap, her trefte eg andre reislivsaktørar og eg opplevde å bli tatt inn i varmen utan krav om at eg skulle levere noko frå dag éin.

Bucketlist for Wild Voss

Då Wild Voss vart stifta, laga Øystein ei liste med ei rekke punkt han måtte oppfylle for å kunne seie til seg sjølv at han lykkast.

– Eg sjekka nyleg lista, og det ser lovande ut. Men det kjem sjølvsagt andre fasar som må planleggast og gjennomførast skal Wild Voss overleve i framtida.

– Kva blir neste steg?

– Vi hadde jo god fart heilt til koronaen trefte oss, men eg trur ei målretta satsing på bedriftsmarknaden kan bli ei god inntektskjelde for oss etter at pandemien slepp taket.

Når hovudet fell til ro

Ekteparet Ormåsen er samstemt om kva dei saknar minst med Bergen. Å stå i kø kvar morgon.

– Kvardagslogistikken er veldig enkel her. Det er så herleg å sleppe å stå i bilkø kvar morgon. Eg var også litt smånervøs dei gangane eg sykla til og frå jobb på Kvinneklinikken. Her er det berre ein fryd å sykle til jobb med liten eller ingen trafikk. Eg kjenner på den friske lufta og kikkar på sauene på veg til jobb på sjukehuset, seier Birte.

– Kva er det som lokkar slik i fjella?

– Det altoppslukande ved fjellheimen, den gode mestringsfølelsen og fridomen. Hovudet fell til ro. Du eksisterer her og no i nokre timar, forklarer ho, og seier at det for dei handla om eit livsstilsval:

– Kva set du høgt her i livet? Viss du verkeleg ønsker ei endring, så klarer du å skaffe deg ein jobb eller skape noko eige. Det er erfaringa vår.

Wild Voss