Niklas og familien

Nyheiter

Niklas er ingeniør i Stryn kommune – og diggar det!

Austlendingen Niklas hadde tre livsmål: ein meiningsfylt og spennande jobb, dame frå Vestlandet og å bu nær Loen. Sjekk, sjekk og sjekk.

– Vann og avløp er kanskje litt usexy, men for meg har det lenge vore ein draum å få jobbe med det.

Niklas Kovanen Sæten (32) kjem frå Lørenskog og er utdanna sivilingeniør i vassdragsteknikk. I halvtanna år har han jobba som prosjektingeniør i Stryn kommune. Der stortrivst han.

– Då eg studerte på NTNU, hadde mange medstudentar som mål å jobbe i eit stort konsulentselskap. For meg var det meir attraktivt å få jobbe i ein kommune. Her får du delta i prosjekt frå start til slutt, jobbe i breidda og vere med og påverke. Kombinasjonen kontor og feltarbeid passar meg perfekt, og det er herleg å komme seg ut av og til, seier han og myser mot sola.

Niklas

Eg vil vere her

At han enda i Stryn kommune er langt frå tilfeldig. Familien har hytte i Loen, og Niklas var ikkje gamle guten då han bestemte seg for at her skulle han busetje seg ein dag.

– Ønsket om å bu i Nordfjord kom tidleg. Landskapet, naturen og friluftslivet appellerte veldig til meg, og i feriar gjekk turen over fjellet for å vere på hytta. Kvifor ikkje berre bu her ein dag, tenkte eg, og lengta tilbake når eg var andre stader.

Hoven
Hytta

Fann vestlandsjenta i kollektiv

I framtidsplanane til Niklas låg også ønsket om å finne seg ei vestlandsjente. Det var kanskje litt mykje å be om?

– Nei da, ho fann eg i kollektivet mitt i Trondheim. I dag er vi gifte, har to barn på to og fire år og bur i Olden. Bra klaff der, ler han.

Jenta han forelska seg i kom nemleg frå Olden, og også ho gjekk med eit ønske om å ein dag returnere til Nordfjord.

Niklas med barn

Når alt klaffar

Etter studietida i Trondheim, fekk begge jobb i Oslo. Dei snakka stadig om å flytte ut av byen og følgde med på jobbmarknaden «heime».

– Avtalen var at dersom ein av oss fekk jobb i Nordfjord, så flyttar vi. I 2019 såg eg jobbannonsen til Stryn kommune, søkte og fekk jobben som prosjektingeniør. På same tid dukka det opp ei ledig stilling innan folkehelse, som passa perfekt til kona mi.

På toppen av alt kom nabohuset til svigermor i Olden for sal.

– Då var det ikkje noko å lure på lenger. Vi heiv oss rundt og pakka sakene.

Hoven

Kaotisk småbarnsliv – også i Olden

I dag lever dei småbarnslivet i Olden, med naturen tett på og cruiseskip rett utanfor vindauget.

– Dette har vi lengta lenge etter, smiler Niklas, men legg fort til at livet med to barn og travle jobbar er småkaotisk. Men kanskje litt enklare i Nordfjord.

– Eg trur småbarnslivet er travelt uansett kor du bur, men for oss var eit mindre samfunn med lett tilgang på friluftsaktivitetar meir attraktivt.

Familien likar å fiske, dra på hytta og gå fjellturar. Årskortet på Loen skylift blir hyppig brukt, og med fjorden 250 meter unna er ein kajakktur lett tilgjengeleg.

– No som ungane veks til, gler eg meg til å ta dei med på teltturar og utforske naturen.

Kult å jobbe i kommunen

Niklas er klar over at det eksisterer fordommar mot å jobbe i kommunen, og meiner du kan gå glipp av ein kul jobb om du trur det er ein traust arbeidsplass.

– Eg forstår at veg, vann og avløp ikkje høyrest dritkult ut, men du jobbar faktisk med kritisk infrastruktur. Vatn i springen, til dømes, er ei sjølvfølge for innbyggarane. Bak slike sjølvfølger ligg både vedlikehald og at nokon gjer ein viktig jobb, forklarar han.

No kan du jobbe i Stryn

Stryn kommune ser no etter landmålar og driftsingeniør. Niklas kan gje sine varmaste anbefalingar.

– Det beste med å jobbe i kommunen er varierte oppgåver og varierte dagar, og at du får sette deg godt inn i ulike prosjekt.

Sjølv likar han best den delen der prosjektet blir sett ut i verda.

– Utførelsesperioden er spennande. Då kokar det litt, og det likar eg. Og så likar eg å vere ute på anlegget eit par gonger i veka. Ikkje minst er det godt å sjå resultat av jobben du gjer og ein dag sluttstille prosjektet, avsluttar han.

Her kan du lese meir om dei ledige stillingane i Stryn kommune:

Jobb i Stryn kommune
Ledig stilling i Vestland