Nyutdanna utviklar? Dette er dei kulaste IT-stillingane akkurat no

Tibber er hot, hot, hot og ser etter til saman fire trainear. To av dei innan IT.

Nyheiter

Nyutdanna innan teknologi? Sjekk ut desse traineestillingane

Framtidsfylket traineeprogram er ein unik sjanse til å gå rett inn i ei spennande IT-stilling. Vel mellom 10 traineestillingar.

Tibber er for tida den store snakkisen i teknologiverda. Start-up bedrifta skal revolusjonere straumbransjen med ny teknologi og aldri kompromisse på berekraft. No vil dei at du skal bli ein del av Tibber tribe og søker to trainear innan IT:

Trainee: Backend, frontend eller begge deler

Trainee: Hardware og firmware

Trainee Digitaliseringsdirektoratet

Digitaliseringsdirektoratet vil at du joiner denne gjengen i Sogn.

I Digitaliseringsdirektoratet vil du vere del av eit stort utviklingsmiljø og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av heile landets befolkning. I tillegg til spennande faglege utfordringar tilbyr dei fleksitid og pudderfri. Eit stort pluss når du skal bu midt i friluftseventyret Sogn!

Trainee: Utviklar

BKK Nett er eit framtidsretta nettselskap med eit ungt og sosialt arbeidsmiljø. Dei ser etter to trainear som vil jobbe med utvikling og dataflyt og vere ein sentral del av selskapet si satsing. Vær med og skap framtidas største og beste nettselskap på Vestlandet og søk traineestillinga:

Trainee: Utvikling og dataflyt

Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa og jobb med IKT i Fjord1! Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og no kan du ta del i det. IKT-avdeling deira er ein sentral bidragsytar i Fjord1 si teknologiske utvikling, og ein arena for innovasjon. No ser dei etter ein trainee som kan utfordre. Er det deg?

Trainee: IKT

Evoy søker trainee

Evoy er verdsleiande innan el-båtar. Dette eventyret kan du bli ein del av.

Evoy opplever enorm interesse frå heile verda for sine banebrytande, verdsleiande drivsystem for el-båtar. No søker dei etter ein trainee i områda kybernetikk/automasjon/elektronikk og ein superbruker CRM/ERP til sitt spennande utviklingsmiljø i Florø. Du vil få ta del i eit kompetent team prega av entusiasme for å utvikle ei miljøvenleg drivlinje for hurtiggåande båtar.

Trainee: Superbrukar CRM/ERP

Trainee: Kybernetikk/automasjonsingeniør

Trainee HVL

Høgskulen på Vestlandet tilbyr ei spennande stilling innan robotisering.

Synest du kombinasjonen økonomi, IT og robotisering er spennande?

Arbeidsoppgåvene som trainee ved Høgskulen Vestlandet er primært retta mot digitalisering og robotisering innan økonomifunksjonar, men du vil også få jobbe med andre spennande funksjonar. Om du likar tanken på å vere tilnkytta ein høgskule og eit sterkt fagmiljø, så skal du sjekke ut denne:

Trainee: Økonomi/ IT/ Robotisering

Enivest er det største IKT-selskapet heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Dei tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformar der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområde

No vil dei gje deg ein spennande start på karrieren i eit innovativt og lærerikt miljø, og ser derfor etter:

Trainee: Prosjektingeniør.

Sjå alle våre 36 traineestillingar i 2021/22 her.

.