Trainee innan IKT Bilde

Fjord1 søker trainee innan IKT

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee innan IKT Fjord1 AS Kinn Trainee

Du søker direkte til Fjord1 AS på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden.

Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i Norge, med ferjetransport som kjerneverksemd. Selskapet driv og aktivitet innan passasjerbåttransport, catering og fjordbasert reiseliv. Vårt hovedkontor ligg i Florø, og her har om lag 100 personar sin daglege arbeidsplass. Vi har også regionkontor i Bergen og Molde, og totalt er vi om lag 1200 fantastiske kollegaer fordelt på sjø og land.

Fjord1 har dei siste åra bygd opp mot tretti nye el-ferger. I tillegg har vi bygd om, modernisert og tilpassa eksisterande fartøy til moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet sikra seg ein leiande posisjon i det grøne skiftet og elektrifiseringa av norske fjordar. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag er miljøkrava forsterka, og det er i stor grad til krav til null- og lågutsleppsteknologi.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer no etter trainee til vår IKT-avdeling ved hovudkontoret i Florø.

Vår IKT-avdeling er ein sentral bidragsytar i Fjord1 sin teknologiske utvikling. Vi skal skape ein arena for utvikling og innovasjon. der systemforvaltning og IT-prosjekt koordinerast på ein hensiktsmessig måte, med fokus på IT-sikkerheit, digitalisering, forretningsutvikling, tverrfagleg samhandling og kompetanse.

Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv, med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vi er ein organisasjon som samhandlar og arbeider på tvers av fagområde med fokus på totaliteten av selskapet. Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar.

Kvalifikasjonskrav

  • Du er gjerne utdanna innan IT, systemutvikling, prosjektleiing, forretningsutvikling eller kanskje noko heilt anna?
  • Du har gjerne interesse for business intelligence/Business Analytics (BI/BA), prosessautomasjon (robot) eller Extended Reality

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

  • Du er løysingsorientert og nysgjerrig
  • Du tek gjerne sjølv initiativ til å ta fatt på nye oppgåver eller bidra til dine kollegaers oppgåver
  • Du er strukturert og ryddig
  • Du har gode kommunikasjonseigenskaper
  • Du tør å stille spørsmål og utfordre etablerte praksisar og er ein pådrivar for forbetringar

Fjord1 som kompetansearbeidsplass veks kvar dag - kanskje er du den neste på laget vårt?

Vi tilbyr

  • Ei unik start på di karriere
  • Delta i prosjektarbeid på tvers av fagområde
  • Moglegheit til å få ansvar, og vere med å påverke utviklinga i selskapet
  • Jobbe med utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tett og god oppfølging både fagleg og personleg
  • Bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Bli ein del av ein aktiv gjeng som samlast for kjekke aktivitetar også på fritida
  • Moglegheit til ei vidare karriere i Fjord1

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Veastland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss frå august 2021 – august 2022.

Fjord1 AS Kulturbilde