BKK søker to trainear innan utvikling og dataflyt Bilde

To traineestillingar innan utvikling og dataflyt

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
BKK søker to trainear innan utvikling og dataflyt BKK Sunnfjord Trainee

Du søker direkte til BKK på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

BKK Nett fusjonerte med Sunnfjord Energi i 2019, og med utgangspunkt i kompetansemiljøet i Førde vil selskapet styrke si satsing innan digitalisering.

Vi søker difor 2 trainear innan utvikling og dataflyt.

BKK Nett er eit framtidsretta nettselskap med fokus på å bli meir datadrevet. BKK Nett har investert i digitale straummålera og skal i dei neste åra investere enda meir i sensorikk for å kunne nytte dei store mengdene med data til å predikere vedlikehalds- og investeringsbehov i framtidas nett-infrastruktur. Vi tilbyr difor spennande oppgåver innan dataanalyse, integrasjonsarbeid, programmering, statistikk, teknologi og digitalisering. Stillingane vil inngå i enheten Digitale Tjenester i BKK Nett.

Våre tidlegare trainear, Helene og Stig, gir deg gode grunnar til å søke.

Arbeidsoppgåver

Som trainee vil du

  • Jobbe tett opp mot andre avdelingar i selskapet og leverandørar på fagsystem
  • Være med å bygge opp og utvikle kompetansegruppe innanfor digitalisering
  • Jobbe i eit tverrfagleg team der ein vil jobbe med utvikling av eksisterande/nye system og digitale verktøy
  • Jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystema
  • Analysere og predikere data for effektivisering og forbetring av den dagleg drifta

Som trainee i BKK Nett, avd. Førde vil du være ein sentral del av selskapet si satsing, og ta aktivt del i den vidare utviklinga. I BKK Nett har vi eit ungt arbeidsmiljø med mange nytilsette dei siste åra, og ulike aktivitetar og samlingar gjennom året er med å skape ei positiv og god lagånd på jobben. Etter fusjonen har mange tilsette frå Sunnfjord Energi fått utfordrande leiarjobbar i BKK-konsernet, og fleire av desse starta karriera si som trainee i Sunnfjord Energi gjennom Framtidsfylket si traineeordning. 

Kvalifikasjonskrav

Følgande kompetanse er ein fordel:

  • Erfaring med å strukturere og analysere store datasett frå ulike kjelder
  • Kunnskap innan backend programmering
  • Erfaring med C#, Python eller SQL
  • Kunnskap om bruk av API, React eller PowerBI
  • Du har bakgrunn innan elkraft, IKT, datateknologi, informatikk, statistikk/matematikk, data science, robotikk/kybernetikk eller tilsvarande
  • BKK AS har etablert Azure som skyløysing.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

Dersom du kan være med å drive selskapet si utvikling vidare innan data-utnytting og digitalisering, og følgjer med på teknologiutviklinga er kanskje dette jobben for deg? Vær med og skap framtidas største og beste nettselskap på Vestlandet. 

Vi tilbyr

  • Oppfølging av eigen mentor
  • Spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for kurs og vidareutdanning
  • Høg gøy-faktor på traineesamlingar og på jobben
  • Høve til å søke på faste stillingar i BKK i vår “indre arbeidsmarknad”
  • Eit sosialt miljø med engasjerte medarbeidarar som driv på med ulike aktivitetar og samlingar gjennom året
  • Eige trimrom på arbeidsplassen samt tilgang til bedriftshytter på fjellet og ved sjøen

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Du vil jobbe som trainee hos oss frå august 2021 – august 2022

BKK Kulturbilde