Trainee økonomi/IT Bilde

Høgskulen på Vestlandet søker trainee innan Økonomi/IT/robotisering

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee økonomi/IT Høgskulen på Vestlandet Sogndal Trainee
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Iris Wehn
57 67 62 32

Søknadsfrist

15. mars 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Høgskulen på Vestlandet på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 16 600 studentar og 1 980 tilsette fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger og ulike årsstudium.

 HVL jobbar aktivt for å vere tett på studentane og nærings- og arbeidslivet i regionen, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved campus Sogndal er det ca. 3 350 studentar og 350 tilsette.

Avdeling for økonomi er ein del av fellesadministrasjonen ved HVL og har ansvar for rekneskap, økonomioppfølging og interne økonomitenester. Avdelinga har om lag 30 tilsette og dekkjer alle fem campus. Denne traineestillinga er knytta mot campus Sogndal.

Vi søkjer etter ein trainee til eit tverrfagleg samarbeid mellom Avdeling for økonomi og Avdeling for IT ved vår Fellesadministrasjon (FA). 

Arbeidsoppgåver

Trainee-stillinga er basert på opphald delt mellom økonomi- og IT-avdelinga. Arbeidsoppgåvene er retta mot digitalisering og robotisering primært innanfor økonomifunksjonar, men det kan og vere aktuelt med andre prosessar noko tilpassa din kompetanse og høgskulen sitt behov. Du vil få oppgåver og utfordringar innanfor IT-området, men vil og få god innsikt i økonomiområde ved høgskulen og vil ha eit nært samarbeid med begge avdelingane. Andre arbeidsoppgåver må og kunne påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor- eller mastergrad innanfor IT-fag, økonomi og/eller organisasjonsutvikling. Anna relevant utdanning kan og bli vurdert.
  • Gode IT-kunnskapar og god digital kompetanse.
  • Interesse for digitalisering og robotisering

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

Du:

  • Har god forståing av prosessar og arbeidsflyt.
  • Kan forholde deg til lover og reglar på området.
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig, og samarbeide godt med andre.
  • Kan arbeide systematisk, ta initiativ og være en pådriver.
  • Har gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Er strukturert og nøyaktig.

Vi tilbyr

HVL er ein inkluderande arbeidsplass med kjekke kollegaer i eit utviklande miljø der du får vere med å bidra. 

  • Tilsetting i eitt år i 100% stilling som trainee med oppstart august 2021.
  • Eit spennande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde